Ransak meg, Gud!

«Ransak meg Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg og kjenn mine mangfaldige tankar, sjå om eg er på fortapingsvegen, og lei meg på ævevegen.» Sal 139:23

Trollmannen Simon fekk høyra av apostelen Peter: «Du har inga lut eller del i dette ordet, for hjarta ditt er ikkje rett for Gud» (Ap gj 8:21). Dei same orda har kome til meg igjen og igjen ei tid. Eg kan lesa dei beste trøysteorda, så kjem det på nytt og på nytt: Hjarta ditt er ikkje rett for
Gud! Det har gjort det vanskeleg å få kvila i Ordet. Kva nyttar det å tru når det ikkje står rett til med hjarteforholdet til Jesus, dersom eg er i same situasjonen som trollmannen Simon?

Synder
Tidlegare synder kjem og fram i tankane. Har eg vedkjent meg mi synd på rett måte, eller har eg halde noko unna? Det er plagsamt når slike tankar melder seg, sjølv om eg ingen ting har å løyna for Gud. Så kjem det vidare: Er det noko som skulle vore gjort opp med menneske? Eg trur ikkje det, men det blir så ransakande og tungt når slike tankar kjem. Så må eg på nytt fram for Gud med det. Er det Den Heilage Ande som vil ha syndene fram i lyset på nytt, eller kjem det frå djevelen? Ein slik situasjon kan og ha med anfekting å gjera, vil eg tru.

Trøystegrunnar
Paulus fekk ein torn i kjøtet, så han ikkje skulle rosa seg – og for at Herren skulle kunna bruka han. Herren veit nok å tildela oss det vi treng for at vi ikkje skal rosa oss, så sant som vi tek imot og bøyer oss for det han sender i vår veg. Djevelen vil ikkje at vi skal finna vår kvile i Jesus og det han har gjort for oss. Samstundes vil Den Heilage Ande døma synda vår og ta frå oss alle falske trøystegrunnar. Her kan det vera vanskeleg og skilja kven og kvar det kjem frå. Anden vil ikkje gi oss anna trøyst enn den som blir gitt oss i Jesus. Kva kan bli meg til hjelp i ein slik situasjon?

Ei soning for syndene
I Ordet står det skrive, og det har gjort meg så godt i det siste: «Mine born! Dette skriv eg til dykk så de ikkje skal synda. Og om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. Og han er ei soning for syndene våre, og det ikkje berre for våre, men òg for alle i heile verda»(1 Joh 2:1-2).

Då er det blitt slik for meg: La så vera at alt har vore galt med meg inntil i dag! Er så alt håp ute? Kva krav blir det stilt til meg for at eg skal kunna ta til meg evangeliet? Vi las dette: «Og han er ei soning for syndene våre, og det ikkje berre for våre, men og for alle i heile verda.»

Då er eg ein av dei som det er gjort soning for! For alle i heile verda! Då gjeld det også meg! Slik som eg er og har det, her og nå! Her får eg alt av blank nåde, uavhengig av om det har vore aldri så galt med meg fram til denne stund!

«Nåde, ja, nåde for ingenting får jeg fra Golgata smake!» Og her dukkar eit sitat av Martin Luther opp i minnet. Eg har teke det fram mange gonger før – både skriftleg og muntleg, men det har ikkje enno gått ut på dato for mitt vedkomande!:
«Jeg kan aldri få troen ren og saken klar med mindre jeg forestiller meg at jeg er uten alt nådens verk i sjelen; uten omvendelse, anger og tro – og forlater meg kun på Kristus, at han har gjort og gjør allting for meg.»

Så vil eg seia med Paulus: «Eg gløymer det som ligg attanfor og strekkjer meg etter det som ligg framanfor, og jagar mot målet, til den sigersprisen som Gud har kalla oss til der ovanfrå i Kristus Jesus.» Fil 3:14.