«Det som har hendt, er det som skal henda»

Me lever på mange vis i ei historielaus tid, og det kan difor vere nyttig å minne om det Skrifta seier:

«Det som har vore, er det som skal verta. Det som har hendt, er det som skal henda. Det finst ingenting nytt under sola.» (Fork 1:9)

Me har noko å lære av historia. Bibelen påpeikar også at det som her har hendt i gamal tid er førebilete, og skrive til formaning for oss, som dei siste tider er komne til (1Kor 10:11).

Klimakrise
Det som vert kalla klimakrise er veldig i fokus i vår tid, men det er i grunnen ikkje noko nytt under sola her heller. Det har vore før, og Skrifta omtalar årsak og verknad også på dette feltet, og viser oss samanhengane (5M 11:13-15). Herren hadde talt til folket korleis dei kunne unngå klimakrisa, men dei ville ikkje lytte.

Eit døme på dette møter me i 1Kongebok 17 og utover. Her er det eit leiarskap og samfunn som forkastar Bibelens Gud. Kong Akab gifter seg med Jesabel som kjem frå Tyrus, som me i dag kallar for Libanon, og ho innfører Baáls- og Astartedyrkinga. Tilbedinga av desse gudane førde mellom anna til barneofringar og umoral.

Då er det Gud sender profeten Elias med ein bodskap til kongen – den politiske  leiaren i Israel. Det var ein domsbodskap om ei klimakrise sendt frå himmelen:

«Så sant Herren, Israels Gud, lever, han som eg tener: I desse åra skal det korkje koma dogg eller regn utan etter eit ord frå meg!» (1Kong 17:1)

Det vert ei klimakrise av veldige dimensjonar. Alt tørkar inn! Det vert hunger i heile folket. Dyr og menneske døyr. Det kjem ikkje regn på tre og eit halvt år (Jak 5:17). På mange vis er det ein svært aktuell parallell til det me opplever i vår tid.

Barneofringar kallar me abort, og me drep kvart år tusenvis av små born på våre sjukehus. No kjempar dei politiske partia om å utvide grensene for drap på små born i sine partiprogram. Baáls- og Astartedyrkinga møter me i umoralen som me vert eksponert for over alt i samfunnet, og der dette no vert sementert ved at me opnar opp for ein ideologi som forkastar det biologiske og gudskapte kjønnet.

Himmelen vert taus
Sju tusen som levde fortruleg med sin Gud, såg kva som skjedde i Israel (1Kong 19:18). Trykket var likevel så stort at dei hadde vorte tause. Hjå leiarskapet i Israel vekte ikkje bodskapen frå himmelen om ei komande krise noko erkjenning av synd. I staden vekte den vreide mot han som hadde formidla Sanninga frå himmelen, og dei drap dei andre som stod fram med Sanninga (1Kong 18:13).

Men då krisa auka på, vart det leita høgt og lågt etter profeten Elias både i inn- og utland, men dei fann han ikkje før han Herren sende han (1Kong 18:1,16). Kva skjer? La oss lytte til samtalen mellom profeten og statsleiaren:

«Med det same Akab fekk sjå Elias, sa han til han: Er det du, du som fører øydelegging over Israel? Han svara: Eg har ikkje ført øydelegging over Israel, men du og huset åt far din, fordi de har vendt dykk frå Herrens bod og har fylgt Ba’alane.» (1Kong 18:17-18)

Slik har det vore til alle tider. Der ein ikkje vil bøye seg for Sanninga, der går ein til angrep på Sanninga. Det skjedde også med han som var Sanninga. Ein tok livet av han. Då trudde ein at Sanninga ville tagna – men Sanninga vil aldri slutte å tale.

Det er ikkje noko nytt under sola i dag heller. Ein ryddar ut Sanninga frå skule, frå lovverk og frå heile vårt samfunn og frå heile vår vestlege kultur. Då trur ein at ein får fred. Så ser ein ikkje at ein er åndeleg blind og forfører folket og fører Guds vreide og dom inn over land og folk. Krisane vert berre fleire og fleire og verre og verre.

Elias utfordrar Akab til konfrontasjon om Sanninga:

«Send no bod og lat heile Israel koma saman hjå meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundre og femti Ba’al-profetane og dei fire hundre Astarte-profetane som et ved bordet hjå Jesabel! Så sende Akab bod ikring mellom alle Israels-borna, og han samla profetane på Karmel-fjellet.» (1Kong 18:19-20)

Dermed går det mot konfrontasjon på Karmels topp, og heile folket samla seg saman med fire hundre Baálsprofetar:

«Då steig Elias fram for alt folket og sa: Kor lenge vil de halta til begge sidene? Dersom Herren er Gud, så fylg han! Og dersom Ba’al er det, så fylg han! Men folket svara han ikkje eitt ord.» (1Kong 18:21)

Dei som representerte den politiske leiinga ropa frå morgon til middag om eld i frå himmelen, «men det var inga røyst å høyra, og det var ingen som svara.» Himmelen var taus.

«Susen av regn»
Kva gjer Elias?  Han byggje opp att alteret som var rive ned, og han gjer det så vanskeleg som mogleg for Herren ved å tøme 12 krukker med vatn over alteret. Elden på alteret måtte kome frå himmelen. Det er like aktuelt i dag!

Han vender seg til himmelen og ropar:

«Svar meg, Herre! Svar meg, så dette folket må kjenna at du Herre, er Gud, og at du no vender hjarto deira til deg att! Då fór Herrens eld ned og åt opp brennofferet og veden og steinane og jorda og sleikte opp vatnet som var i grøfta.» (1Kong 18:38) No talte himmelen!

Kva skjer med folket?

«Heile folket såg dette. Dei kasta seg med andletet mot jorda og sa: Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!» (1Kong 18:39)

Då var ingen i tvil om Sanninga, og slik vil det også vere i det endelege oppgjeret (Fil 2:10).

Då himmelen talte førde det til erkjenning av og oppgjer med synd, og Guds vreide og dom ramma dei som hadde forført folket. Så vitnar Skrifta at Herren er den same i dag (Hebr 13:8)! Gud lèt seg ikkje spotta! Det eit menneske sår, det skal han òg hausta (Gal 6:7). Både her og i æva (6:8).

Då går det ikkje lenge før Elias seier til Akab: «Eg høyrer susen av regn.». Snart strøymde det livgjevande vatnet ned frå himmelen (1Kong 18:45). Dei fekk oppleve Guds velsigning med liv og vokster, sjølv om det ikkje vart noko djuptgripande samvitsvekking over land og folk. Klimakrisa var avlyst for denne gongen.

«Det som har vore, er det som skal verta. Det som har hendt, er det som skal henda. Det finst ingenting nytt under sola.»

Skrevet av Dag Rune Lid