«Men eg har imot deg…»

«Eg veit om gjerningane dine og arbeidet ditt og at du har halde ut og ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvd dei som kallar seg sjølve apostlar, og ikkje er det, og du har funne at dei er lygnarar. Du har tolmod, og du har hatt mykje å bera for mitt namn skuld, og du har ikkje gått trøytt. Men eg har imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik. Kom difor i hug kva du har falle ifrå. Vend om, og gjer dei fyrste gjerningane! Elles kjem eg brått over deg og flytter ljosestaken din bort frå staden hans – dersom du ikkje vender om. Men dette har du: Du hatar gjerningane åt nikolaittane, som eg òg hatar. Den som har øyra, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane: Den som sigrar, han vil eg gje å eta av livsens tre, som er i Guds Paradis!» Op 2:2-7

Dette er skrive til den kristne kyrkjelyden i Efesus! Det er òg skrive til deg og meg, for det er Guds ord – som er for alle og til alle.

Kristenflokken som vi les om, hadde fått solid forkynning. Mellom anna hadde Paulus verka der i over to år. Det er nokså sikkert at apostelen Johannes busette seg i Efesus etter Jerusalem si øydelegging. Her var han truleg forstander for kyrkjelyden, uvisst kor lenge. Det må ha vore vemodig for han å måtta senda brevet til nettopp denne flokken, kor han vel kjende dei fleste.

Det som hadde hendt i Efesus, stadfestar sanninga og alvoret i sangstrofa til Hans Adolph Brorson: «Begynt er ikke endt …» (Sb 470).

Det er sagt at gjev du djevelen litlefingeren, så tek han snart heile handa. Når så djevelen og ditt gamle menneske går hand i hand, har ditt nye hjarta lite å stilla opp. Han leier deg til den synd, til den avgud ditt kjøt elskar. Difor er det så farleg å gi djevelen litlefingeren. Det har vi mange eksempel på i Bibelen. Vi kan tenkje på Samson, Judas og kong Salomo. I 1. Kongebok 3:3 står det at Salomo elska Herren. Men han innretta seg i ulydnad mot Guds ord. Her arbeidde djevelen med han på lang sikt – og fekk han i sitt garn til slutt.

Det står skrive at det er med naud og neppe den rettferdige vert frelst (1Pet 4:18). Tenkjer du nokon gong på det?

I Efesus var det ikkje slik. Her vart synda ikkje tolt. Denne kyrkjelyden hadde alt som høyrer til sann kristendom. Dei hadde hatt mykje å bera for Jesu namn skuld. Dei hadde avslørt falsk lære m.m. Berre ein ting mangla. Dei hadde gjeve opp – eller forlete – sin første kjærleik. Den første kjærleik i ein frelst syndar sitt liv, er Jesus. Nå var han komen på utsida. Dermed mangla dei alt, sjølv om arbeidet gjekk sin vante gang.

Har vi nokon grunn til å tru at det står betre til i vår samanheng? Eg har ei tid vore uroleg for at dette kanskje kunne vera mi eiga stilling. Årsaka til det var at det vart tala over same teksten på bedehuset her på heimstaden min. Det skapte behov for å høyra meir om same emne. Eg fann ein tale om kyrkjelyden i Efesus av Øivind Andersen frå 1975. Det var både godt, aktuelt og ikkje minst alvorleg å høyra, men eg var framleis uroleg med tanke på min eigen tilstand. Eitt lyspunkt var det likevel: Jesus hadde ikkje gjeve opp eller forkasta denne forstandaren og kyrkjelyden. Det lydde eit «vend om». Då var det altså ennå håp – også for meg! Mi uro forsvann – i bytte med kvile og fred – ved at eg kom til å lesa om Abraham og Sara. Når Abraham såg på seg sjølv, fanst det ikkje håp. Det same var tilfelle med Sara (Heb 11:11). Om Abraham står det at mot håp, trudde han med håp (Rom 4:18). Ved dette vart augo mine vende bort frå meg sjølv til han som Abraham sette si lit til. Kva var det eigentleg Abraham trudde – og vart frelst ved? Det han trudde, inneheldt evangeliet om Kristus. Han hadde tidlegare fått denne lovnaden: «I deg skal alle ætter på jorda velsignast» (1Mos 12:3b). Det var den same lovnaden som var gitt Adam og Eva den dagen dei fall i synd – om han som skulle knusa slangen sitt hovud.

Jesus seier om Abraham: «Abraham, far dykkar, gledde seg til å sjå min dag. Og han såg han og fryda seg» (Joh 8:56). Abraham var frelst åleine ved trua på han som skulle koma. Og eg er frelst åleine ved trua på han som kom – og ordna mi sak med Gud.

Ved omvending og tru er det nåde å få også for deg om du skulle høyra til kyrkjelyden i Sardes. Eg vil tru at brevet frå Jesus, gjennom apostelen Johannes, slo ned som ei bombe mellom dei som det var adressert til. Visseleg heilt uventa. Og så dei som hadde så stort åndeleg lys og stod i eit tilsynelatande så rikt, kristeleg arbeid! Ein kunne mest tru at det var sendt til feil kyrkjelyd. Men Jesus tek aldri feil.

Tenk om dette skulle gjelda deg, og du skuvar det frå deg utan å bry deg noko meir. Er du ikkje redd for å gå fortapt? Eller er det berre andre dette er aktuelt for?

Det står om dei ti bruremøyane at dei sovna alle (Mat 25:5). Og søv du, har du inga bekymring angåande det du nå har lese, naturleg nok – sidan du søv. Men eg vil gjerne vera med å vekkja deg, om mogleg, medan det ennå er nådetid. Samtidig som eg kjenner at eg òg treng å vekkjast – på nytt og på nytt. For dei fem bruremøyane vart det for seint. Skal det verta for seint også for deg som les dette? Av denne vesle flokken på ti – gjekk halvparten fortapt. Skal vi overføra det til kyrkjelyden i Efesus og til oss, ser vi at det er fullt mogleg å eiga stor åndeleg dømekraft og stå i eit rikt åndeleg arbeid – og likevel gå fortapt.

I talen som eg høyrde av Øivind Andersen, sa han at sann vekkjing begynner med Guds folk. Men Guds folk har eit kjøt som trivst best i «nedste rommet i skipet», der vi kan sova i lag med profeten Jonas. Ja, sova vår beste søvn utan å registrera kva som går føre seg på livets farefulle seilas, utan å sjå dei som er i største livsfare. Ja, utan å sjå den fare ein sjølv er i. Vi er jo ombord på same båt.

Carl Olof Rosenius seier mellom anna om denne forstandaren: «Hvilke gjerninger gjorde han ikke – ved Jesu navn! Og dog sier Herren at han savnet hos ham den første kjærlighet, den ydmykede og benådede synders kjærlighet som væter sin Frelsers føtter med tårer, fordi han har fått mange synder forlatt» («Samlede skrifter» på dansk).

«Lat oss ransaka vegane våre og granska dei, og lat oss venda om til Herren!» (Klag 3:40)