Koparormen

«Då sende Herren seraformer inn mellom folket…» 4Mos 21:6

«Det er liv i å se»
Den drepande gifta som ormen fekk overført til Adam og Eva, gjekk i arv til alle deira etterfølgjarar.
Her i øydemarka fekk folket, på grunn av si synd, bokstaveleg talt erfara ormegifta, og mange av israelitt- ane døydde. Folket erkjente at dei hadde synda, og dei gjekk til Moses og bad om han ville gå i forbøn for dei og be Herren ta ormane bort. Herren høyrde bøna, men på ein annan måte enn folket hadde tenkt seg.

Herren sa til Moses at han skulle laga ein seraform og setja han på ei stong, «så skal kvar den som er biten og ser på han, få leva» (v.8).
«Så laga Moses ein koparorm og sette han på ei stong. Og kvar gong nokon var biten av ormane, og han såg opp på koparormen, vart han i live» (v.9).

Seraformane, med si gift, kan stå som eit bilete på oss og vår synd. Samstundes som den opphengde seraformen i kopar var lik dei levande ormane, men utan gift, slik var Jesus eit sant menneske som oss, men utan synd.

«Og likesom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp…» (Joh 3:14).

Å sjå til for oss, var det ein lettvint måte å berga livet på, berre festa augo på den opphengde ormen. Men vi må tenkja på den fortvila stillinga dei var i. Alt håp om berging var i ferd med å ta slutt. Mange var alt døde, og det var berre eit tidsspørsmål kva tid det vart dei attlevande sin tur. Dei var i stor nød på grunn av si synd. Det er enkelt for oss som sit med fasiten og får sjå det i ettertid.

«Se, se, se og lev!»
I grunnen er det likt for oss som for dei. Som dei såg på koparormen – som peika fram mot den komande frelsaren, og vart i live, slik skal vi bli i live ved å sjå i Ordet om han som kom som vår mellommann og levde eit fullkome liv for oss, og som til sist vart hengt på ein kross og tok den straffa som vi med vår synd hadde gjort oss fortente til.

«Han strauk ut skuldbrevet mot oss, som var skrive med bod, det som gjekk
oss imot. Det tok han bort då han nagla det til krossen» (Kol 2:14).

Det står ingen ting om korleis den dødssjuke sjølv opplevde det. Kanskje gjekk det ei tid før gifta var ute av kroppen. Kanskje vart han biten på nytt før han heilt hadde fått kreftene att. Det som er sikkert, og som har noko å bety, er: at når han vende augo mot ormen, «vart han i live».

«Hvem vil meg anklage?»
Dette seier oss noko viktig. Den ormegifta som er i meg, mi synd, den tok Jesus seg av på Golgata. Sjølv om eg framleis har gifta i meg – og framleis kjenner på syndig lyst, så er synda fråteken si makt til å fordømma meg.

«Er syndeskulda sletta av Jesu dyre blod, då er det skuldbrev borte som meg i vegen stod, og kven vil meg med nokon rett fordømma?» (Sb 251:8).

Også loven har tapt si makt til å fordømma den som trur på Jesus, for Jesus oppfylte loven for oss.

Loven kan framleis tala til oss og syna oss kva som er Guds vilje – og gjera sitt krav gjeldande, men vi er løyste frå den forbanninga som kviler over kvar og ein som ikkje oppfyller det som loven krev.

«Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga under lova ved at han vart ei forbanning for vår skuld» (Gal 3:13).

Liksom alle som såg hen til koparormen, vart i live, slik skal alle som i Ordet ser hen til han, som koparormen peika fram imot, eiga åndeleg liv.