Guds frelse og Guds kall

«Han som frelste oss og kalla ossmed eit heilagt kall, ikkje etter våregjerningar, men etter si eiga rådgjerdog den nåden som er oss gjeven i KristusJesus frå ævelege tider.»2Tim 1:9

Det er ferdig
Ordet seier her at først frelste hanoss, deretter kalla han oss. Her talastom den frelse Jesus fullførte på Golgata.Frelsa er noko som er ordna avJesus for alle menneske – for 2 000 årsidan. Når Herren kallar, er det ei innbydingtil noko som er ferdig.

«Då tida for gjestebodet var kome,sende han tenaren sin ut for å seia tildei innbedne: Kom, for no er det ferdig» (Luk 14:17).Det som er ferdig, er alt det du ogeg treng for å stå for ein heilag Gud –og bli frikjent i dommen.Etter syndefallet er det slik med ossat vi har vendt ryggen til Gud og hansfrelse.

Vårt ansvar
Blir du frelst, er det åleine Gudsverk. Går du fortapt, er det fullt ogheilt ditt eige ansvar, fordi du har ståttimot Guds kall, eller ved at du har viljaha ei frelse etter din eigen tanke. Ellessyner Guds ord at det på ulike vis gåran å falla ut or nåden ved å gjera DenHeilage Ande sorg, slik at han må forlataoss.Adam og Eva drog heile slekta medseg i fallet. No er menneskeslekta settpå ei ny prøve: Vårt forhold til Jesus oghans frelse.

Eit skilje
Så går kallet ut: «Kom, for no er detferdig».Her deler menneskeslekta seg ito. Dei fleste bryr seg lite eller ingenting om kallet. Andre takkar «ja» – ogvender om. Blant desse som venderom, oppstår eit nytt skilje! Bibelen harmange eksempel på det. Vi kan nemnafarisearane og deira forhold til sannkristendom.Eit anna eksempel er dei 10 brurmøyane.Fem av dei var uvituge ogfem kloke (Mat 25:29).Vi har og mannen som var komeninn i bryllaupshuset – utan bryllupsklede.

Åndeleg strid
Mellom desse to slag bekjennandekristne vil det alltid vera ein åndelegstrid som pågår. Men det er ikkje alltiddet kjem opp i dagen. Her tenkjer egikkje på anna usemje eller strid somkan oppstå mellom kristne brør. Nårdet etter måten er så lite strid mellomdesse to åndelege riker iblant oss, somvi kan kalla lovriket og nåderiket, kandet ha noko å gjera med at vi som kristenfolksøv same svevn som dei 10brurmøyane.

Også i heimen til Abraham finn videnne åndelege striden – mellom Ismael,som var fødd etter kjødet, og Isak,som var fødd etter lovnaden. «Men hansom var fødd etter kjødet, forfylgdehan som var fødd etter Anden. Og sliker det no òg» (Gal 4:29).Det same sinnelag som Ismaelhadde mot Isak, finn vi og hos den heimeverandesonen (Luk 15).

Utan bryllaupsklede
Ser vi på han som kom inn i bryllaupssaleni sine eigne klede (Mat22:11), hadde han truleg, til liks medfarisearane – med «Guds hjelp» – fåttvekk dei verste flekkane på kleda sine.Dessutan er jo Gud nådig og tilgjev detsom ein ikkje lukkast så godt med. Deiandre gjestene hadde vel og prøvt åreingjera kleda sine for å bli verdige tilGuds nåde, men det hadde mislukkast.Så hadde Den Heilage Ande fått tekeav dei skitne kleda deira, så dei vartståande nakne i si skam. I denne tilstandenfekk dei høyra evangeliet: «Egbreidde kappa mi over deg og løyndenakenskapen din» (Esek 16:8).

Han som sat der i sine eigne klede,hadde – som rett var – handla etteroppmodinga «kom!», men at det varferdig, det hadde han berre fatta medsin forstand.

Evangeliet – ein løyndom
Er evangeliet ein løyndom? Kvenveit ikkje at alt er ferdig og at frelsa erav berre nåde?Ein ting er kunnskap, noko anna erkjennskap og erfaring. Om vi har millionari banken, så kan vi likevel levaeit fattig liv fordi vi ikkje gjer oss brukav vår rikdom. Så let vi oss nøya medå vita at vi er rike, medan vi kan levasom lasaronar i våre eigne filler, medteorien i orden, og vera på veg mot fortapinga!

Det er forunderleg at frelsa, som erferdig for deg og meg, ordna og oppgjortfor 2 000 år sidan, gjev så uliktresultat. For ein blir det til noko hanalltid har visst – utan at det har skaptglede. «Sjå, i så mange år har eg tentdeg, og aldri har eg gjort imot det dusa. Men ikkje eingong eit kje har dugjeve meg, så eg kunne gleda meg samanmed venene mine» (Luk 15:29).Nei, det er ikkje mykje glede i lovriket!

For ein annan er det ei stor openberring,som gjev glede og frelsevissa– både første gongen og seinare oppgjennom livet.Men her er ein løyndom, som liggi dette at frelsa er ferdig for fortaptesyndarar, for ugudelege. Det å sjå inni denne løyndomen, er eit verk av DenHeilage Ande.

Ver den du er!
Så er spørsmålet: Vil du vera einverkeleg fortapt syndar? Ikkje berreein tenkt – eller teoretisk fortapt syndar.Du har kanskje heller vilja veraein god kristen, som har alt ditt på dettørre?

Kva vil det seia å vera ein fortaptsyndar? Det er ei åndeleg erfaring derein får sjå at alt er galt med både megog mitt gudsliv. Det er å få sjå at all vårrettferd er som eit tilsulka klesplagg(Jes 64:5). Det er å gjera erfaring om åvera den som er komen inn i bryllaupssaleni eigne klede – og blir kasta ut.

Dette gjekk ikkje farisearane medpå. Det var for audmjukande å måttasetja ein strek over mange års hardt arbeidi Herrens vingard – til inga nytte;dei som jo var eliten i gudsdyrkinga iIsrael! Difor reagerte dei med sinne oghat mot Jesus.

Det bur ein farisear og i mitt og ditthjarta, som reiser bust når Herren vil taav oss dei skitne kleda, vår eiga rettferd– eller løysa oss frå anna synd. Men deter betre å bli kasta ut av bryllaupssalenher i tida, enn på dommedag.

Carl Olof Rosenius fortel at detfinst dei som har vakna opp på sluttenav livet og har fått sjå at dei gjennomeit langt liv har levd i sjølvbedrag – ogblitt berga som ein brann ut av elden,like før dei skulle forlata jordlivet.«Ransak meg, Gud…!»

Når alt vårt eige er under dommen,og vi går med på å vera ein fortapt syndar,som Skrifta lærer at vi er; kor godter det ikkje då å få høyra at Jesus komfor å frelsa det som er fortapt! «Formedan vi endå var syndarar, døyddeKristus til fastsett tid for ugudelege»(Rom 5:6).

«For vart vi forlikte med Gud vedat Son hans døydde, då vi var fiendar,skal vi så mykje meir verta frelste vedhans liv, etter at vi har vorte forlikte»(5:10).

«Den derimot som ikkje har gjerningar,men trur på han som rettferdiggjerden ugudelege, han får si trutilrekna som rettferd» (4:5).

Ser du at Jesus har frelst deg somden ugudelege syndaren du er? Diforskal du alltid få vera den du er – og trupå Jesus som den du er. Då er du einfrelst syndar av nåde åleine.

Lova si gjerning i omvendinga
Den som i seg sjølv er ein fortaptsyndar, han har ingen ting å berga, foralt er og blir framleis teke frå han. Densom aldri har gått fallitt på alt sitt eige,han har mykje å berga, som høyrerkristenlivet til; tilsvarande det somPaulus kalla «ei vinning». Vi kan samlaalt i dette: Din eigen kristendom!

Du som har det slik, du vil, somtidlegare nemnt, vera ein sann og rettkristen, men du vil ikkje vera ein fortaptsyndar – anna enn i teorien då. Densom vil vera ein sann kristen, han måførst bli ein fortapt syndar. Dette er i ogfor seg ikkje eit krav, men saka er denat det berre er fortapte syndarar somhar behov for ein mann i sin stad.

Kva skal eg gjera for å bli ein fortaptsyndar? Du treng ikkje gjera anna– som ein har sagt – enn å setja deg iein god stol og trekkja pusten, så er duein fortapt syndar! Det er vår tilstandetter syndefallet. Men så lenge du ikkjetrur dette anna enn reint forstandsmessig,men trur at du med Guds hjelp kangjera både det eine og det andre, må dugjera nokre bitre erfaringar.

Men skal eg ikkje omvenda meg ogbli ein kristen og tru på Jesus?Det skal du. Men du skal gjeramykje meir enn det! Du skal oppfyllaalle dei ti Guds bod! – Ja, men det kaningen. – Gud krev det like fullt. – Dåer det ikkje håp for meg. – Nei, deter det ikkje. Det er det Guds lov skallæra deg. Lova vil gje deg ein tilstoppamunn (Rom 3:19).

Kor lenge skal eg ha det slik som eghar det? Heilt til du gjev opp kampen,legg ned våpna – og let deg frelsa somden syndaren du er. For det er som einsyndar du er kjøpt fri, og det er som einsyndar du må ta imot det som Jesus hargjort for deg. «Hungrande metta hanmed gode gåver, men rikfolk sende hantomhendte bort» (Luk 1:53).

«Men før trua kom, vart vi haldnei varetekt under lova, innestengde tildess den trua som skulle koma, vartopenberra. Slik har lova vorte vår tuktemeistertil Kristus, for at vi skulle vertarettferdiggjorde av tru» (Gal 3:23-25).

Lova si fremste gjerning med degog meg i omvendinga, er å gjera detumogleg for oss å bli frelste. Då kan dethenda at vi etter kvart byrjar å innsjå atvår fortapte tilstand er ein realitet. Såkan du setja deg i ein god stol og drapusten – og tru det som Skrifta lærer –at alle som ein er vi fortapte syndarar.

Du skal få tru ein ting til: Slik somdu er og har det, er det gitt deg einfrelsar: «For så elska Gud verda at hangav Son sin, den einborne, så kvar densom trur på han ikkje skal gå fortapt,men ha evig liv» (Joh 3:16).

«Men no, når trua er komen, er viikkje lenger under tuktemeisteren. Deer då alle Guds born ved trua på KristusJesus» (Gal 3:25-26).