Vanskar og prøvingar

«Og me veit at alle ting tenar tilgagn for dei som elskar Gud.»Rom 8:28
Ein kristen vert ikkje teken fri fråmotgang og vanskar, sjukdom og fattigdom.Som Jesus Kristus sjølv vartprøvd i alt, ser det ut til at kvar kristenmå få sin lut av det tunge i livet. I detytre kan det sjå ut til at sume kristnekjem så lett gjennom verda, medanandre støtt er i trengsle.

Men mi stutte røynsle har synt megat det tyngste i menneskelivet vertsom regel løynt for andre. Mange avdei menneske me trur livet har smilttil, gret i sitt hjarta. Og nettopp det vitrudde gav dei lukke, vart ofte årsak tildet blødande sår.Hver har sitt, stort eller litt,himlen alene for sorger er kvitt.

Men alle desse sorger, motgang sommedgang, helse som sjukdom – alleting skal tena til gagn for dei som elskarGud. Dei skal verka saman til godt.

Men vilkåret er at me elskar Gud.Den som ikkje elskar Gud, vil vertabeisk og kald under motgangs trykk.Men den som elskar Gud, tek alt fråhans hand. Difor veit han at det Gudsender, har eit kjærleg formål. Då vertogså trengsla ei gåve frå Gud. Då fårein nåde til å seia Gud takk for alle tingi Jesu Kristi namn. Me kan ikkje alltidsjå kva det skal tena til. Men der vårtsyn stansar, tek trua til. Då får me krafttil å takka sjølv om me ikkje skjønar.

Takk for fager vår som strøymde.
Takk for hausten grå og arm.
Takk for tårer som er gløymde.
Takk for hjartefred i barm.

Frå boka «I kongens nærleik»