Tid for bøn og bot

Slik var det i gamal tid. Ved store ulukker og i krisesituasjonar vart det tillyst bots- og bønegudstenester i kyrkjene våre. Den levande og heilage Gud var på ingen måte stilt på sidelina. Ingen våga å seia at ulukker som ramma folket var «meiningslause».

Folket var visse på at Gud ville noko gjennom det som skjedde. Difor ropa dei til Herren i si naud. Det vonde vart eit kall til omvending og tru, eit kall til å spørja etter Guds vilje.

Diverre høyrer vi lite eller ingenting frå leiarskapen i kyrkja om slikt i vår tid.

Med tanke på kor alvorleg vi som folk har brote Guds bod og vilje i dei siste generasjonane, ville det visseleg vore rett å tillyse noko meir enn minnegudstenester og markeringar av ulike slag. Botsbøna til profeten Daniel i kap. 9 i samband med den store krisa som hadde ramma Israels-folket på hans tid, burde danne eit mønster for korleis kyrkja rettleier folket til bot og bøn i det forferdelege som har ramma landet. Lat oss høyre nokre av versa i bøna til Daniel:

«Å Herre! Du store og agelege Gud som held pakta di og held oppe miskunn mot dei som elskar deg og held boda dine! Vi har synda og bore oss ille åt, vore gudlause og trassige. Vi har vike av frå boda dine og lovene dine. Vi høyrde ikkje på tenarane dine, profetane, som tala i ditt namn til kongane våre, hovdingane våre og fedrane våre og alt folket i landet. Høyr no, vår Gud, på bøna og dei audmjuke ynskja åt tenaren din! Lat åsynet ditt lysa over den øydelagde heilagdomen din – for di eiga skuld, Herre! Hjå Herren vår Gud er miskunn og tilgjeving. Det er ikkje våre eigne rettferdige gjerningar vi legg til grunn for dei audmjuke bønene våre som vi ber fram for åsynet ditt, men di store miskunn. Herre høyr! Herre tilgjev!»

Med tanke på dei mange som sit att i djupaste sorg og fortviling, må vi stadig bera dei fram for Gud i våre bøner.

Jesus som har sigra over døden og djevelen, står med ein open famn og seier: «Kom til meg, alle som strevar og har tungt å bera, eg vil gje dykk kvile». Den kvila Jesus gjev, er tilgjeving, frelse og evig liv. Han gjev oss framtid og von.

Lesarinnlegg i avisa «Dagen»