Blodet og surdeigen

Blodet og surdeigen
Av Ragnar Opstad

«Blodet på dei husa de er i, skal vera til eit teikn for dykk. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi dykk. Ikkje eit einaste drepande slag skal råka dykk når eg slår Egyptarlandet.»

«I sju dagar skal de eta usyrt brød. Straks på den fyrste dagen skal de ha all surdeig bort frå huset dykkar. Kvar den som et syrt brød frå den fyrste til den sjuande dagen, han skal rydjast ut or Israel.» (2M 12:13,15)

Vers 13 har nok vore til trøyst for mange, som det også har vore for meg. Det har eit så sentralt evangelisk innhald. Men så kan ein undrast: Kvifor blanda inn dette med surdeigen i samanheng med denne evangeliske bodskapen? Og med trugsmål om å verta utrydd av Israel!

Det står slik i ei songstrofe: «Et lite grann av surdeig kan, All deigen gjennomsyre.» Blir surdeigen spart, så vil han før eller seinare føre til fråfall.

Eg kom til å tenkja på Samson. Han var nok klar over den faren han var i, men han tenkte: «Eg skal nok gjera meg fri denne gongen som før, og slita meg laus. Men han visste ikkje at Herren hadde vike frå han.» (Dom 16:20b) Hans eigen styrke kunne ikkje løyse syndebanda.

«Då tok filistarane han og stakk ut augo på han.» (Dom 16:21a) Han miste både det lekamlege og det åndelege synet. Slik arbeider surdeigen.

Det same tek Paulus opp i 1 Kor 5:6-8: «Det høver dårleg at de rosar dykk! Veit de ikkje at ein liten surdeig syrer heile deigen? Reinsa difor ut den gamle surdeigen, så de kan vera ny deig, sidan de er usyrte. For vårt påskelam er slakta, Kristus. Så lat oss då halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med surdeig av vondskap og styggedom, men med reinleiks og sannings usyrte brød.» (1Kor 5:6-8)

Kva er det Herren vil ha sagt oss gjennom disse ord? Eg trur Brorson peikar på det:
«Ingen sjel av Gud fordømmes / som på Jesus Kristus tror. / Nådens kilde aldri tømmes, / nåden den er alltid stor. / Men det er en avsagt dom: / Siden Jesus til oss kom, / skal vi bort fra synden vike, / eller aldri se Guds rike!» (S.b. 174)

«Den som løyner brota sine, har inga lukke. Men den som sannar dei og vender seg frå dei, finn miskunn.» (Ord 28:13)

Kor stort då at me skal få venda oss til Jesus med vår synd og få tru at vårt påskelam, Kristus, er slakta. Slakta for meg. Til soning for mi synd.

Er du bunden som Samson, så gjer som han og rop til Herren. (Dom 16:28a) Rop til han som er komen for nettopp å løysa dei som er bundne og fanga.

«Han har sendt meg til å leggja bind om dei som har eit knust hjarta, til å ropa ut fridom for fangar og frigjering for dei som er bundne, til å ropa ut eit nådeår frå Herren …» (Jes 61:1b-2a)