Josafat

Josafat
Av Dag Rune Lid

Det er mange år sidan no, at eg fyrste gong stansa for kong Josafat slik det står om han i dei historiske bøkene i vår Bibel. Det talte sterk til meg korleis han gjekk fram for å vinne sitt folk for Herren, men også om hans «søvn», kompromiss og fråfall, før han igjen fekk eit vekkande møte med Herren.

2. Krønikebok kap. 17 fortel om korleis Josafat går fram for å så ut Ordet i folket. Kap. 18 fortel kva som skjer når han går i kompaniskap med den vonde kong Akab i Nord-riket, og om korleis profeten Mika er aleine att mellom dei 400 falske profetane. Kap. 19 talar om oppgjer etter fråfallet, og kap. 20 om korleis Herren på underleg vis vinn siger for sitt folk.

På mange vis gjer desse kapitla eit bilete av den historiske utviklinga i vårt folk og land også. Me fekk djuptgripande samvitsvekkingar, åndshøvdingar vart sende ut med Ordet og åndelege sigrar vunne. Men etter kvart som åra gjekk, har også kristenfolket på mange vis vorte smitta av tidsånda, slik Josafat vart då han gjekk i kompaniskap med Akab.

Fienden som angreip Josafat og folket, opplevdes overveldande.(Kap. 20) Menneskeleg sett såg situasjonen heilt håplaus ut. Ser me på utviklinga i vårt eige land og folk, så blir ein lett gripen av dei same tankane i dag. Det verkar som Djevelen vinn siger etter siger på alle område i det norske folk. Men får Herren vekke opp sitt folk slik det skjedde med Josafat og Guds folk, så kan det enno vere von om at Herren kan vinne sigrar i folket vårt.

Vår naud

På mange vis opplever me i dag same naudropet som Nehemja møtte: «Muren kring Jerusalem er riven ned, og portane er brende» (Neh 1:3), og som Hosea erfarte: «Folket mitt går til grunne fordi det ikkje har kunnskap» (Hos 4:6), eller som Jeremia såg: «Sjå, Herrens ord har dei vraka. Kvar skulle dei då ha visdom frå?» (Jer 8:9), eller som Jesus seier i Matt 5:13: «Men om saltet misser si kraft, kva skal det då saltast med? Det duger ikkje lenger til noko, utan å verta kasta ut og trakka ned av menneska.»

Når det gjeld Guds folk i dag seier Hans Erik Nissen: «På mange måter er Guds folk blitt et motløst folk. Det er så mye som er imot. Den verden som omgir oss, preges mer og mer av et frafall fra kristen tankegang og levevis. Guds barn vet at det får følger når et folk gir seg gudløsheten i vold. Da mister vi velsignelsen, og det er en stor smerte.

Men også innenfor, mellom Guds folk, er det mye som kan bekymre og skape uro. Det er ikke lenger åndelig samklang og enhet som det var tidligere. Da stod Guds folk på en annen måte sammen på vekkelseslinjen i forkynnelsen av lov og evangelium under Guds ords myndighet. Slik er det ikke lenger. Det er en kamp innenfor Guds folk. Det oppleves enda mer smertelig.» Så langt H. E. Nissen, men hans utsegn stemmer nok diverre så alt for godt med situasjonen mellom Guds folk.

Det ser også ut for at den åndelege søvn får djupare og djupare fotfeste mellom kristenfolket, og den som talar som Bibelen talar, får ofte høyre som Elias: «Er det du som fører øydelegging over Israel?» (1. Kongeb. 18.17) Då er det lett at ein kan bli motlaus, og ein trur at ein er aleine att som Elias. Men det var 7000 som ikkje hadde bøygd kne for Ba’al, sjølv om det kan verke som om Elias verken såg eller høyrde dei.

Tal Herre!

Eg trur også mange syrgjer over «Josef» sin skade i vårt folk i dag, og mange har kanskje «gøymt» seg som på Elias si tid. Får Djevelen så mismot i di og mi sjel, står me også i stor fare for å sovne og bli liggjande etter på vegen. Ein har lettare for å sovne når ein står aleine på «vakt». Når ein rakar glørne saman, så «varmar» ein kvarandre.

På mange måtar opplever me i dag også ein parallell til «mørke» som står omtalt i 1. Samuelsbok. Der står det om Eli som æra sønene sine meir enn Gud, og om fråfallet som hadde fått trengt seg inn mellom Guds folk. Men midt oppi denne hendinga frå 1. Samuel får me møte Samuel som seier: «Tal, Herre, tenaren din høyrer!» Det var ei bøn som blei høyrd i himmelen, og «Herren var med han og lét ikkje eitt av orda sine falla til jorda.» (1. Samuel 3:19) Resultatet les me om i kap. 7. Det førte til djuptgripande samvitsvekking mellom Guds folk som førte til naudropet: «Me har synda imot Herren.» Dei fekk erfare at Guds ord hadde virkekraft.


Ludvig Hope skal ha sagt:
«Gje meg ti menn, som står for Herrens åsyn, og landet skal bergast!» Me tenkjer ofte – dess fleire dess betre, men då det såg som mørkast ut i Israel, byrja Herren med ein – Samuel. Samuel tyder: Bønhøyrd av Herren! Det byrja med eit naudrop i Hanna sitt hjarta. Herren svarte! Det fortsette med eit naudrop i Samuel sitt hjarta. Herren svarte!

Gideon fekk høyre: «Du har for mykje folk med deg!» (Dom 7:2) Herren tok frå han 99 prosent av hæren. Då hadde han ein av hundre igjen. Ein kan vel seie at han var kome på nullpunktet, men då sigra han i kampen. Herren aleine kunne få æra. Faren i dag er at me har for mange flinke folk, så me får alt til å svive utan Guds velsigning og Guds kraft.

Ottast ikkje og ver ikkje redde!

Kva gjorde kong Josafat då situasjonen vart håplaus? Det står at Josafat og Guds folk vende seg med si naud til Herren. Deira rop var: «For me har ikkje styrke nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss, og me veit ikkje kva me skal gjera. Men augo våre er vende mot deg.» (2Krøn 20:12)

Josafat og folket sitt naudrop vart høyrt i himmelen, og Herrens profet steig fram og tala: «Men det er ikkje de som skal strida her. De skal berre stilla dykk opp og stå og sjå korleis Herren frelser dykk – de frå Juda og Jerusalem. Ottast ikkje og ver ikkje redde! Drag ut mot dei i morgon, og Herren skal vera med dykk. Då bøygde Josafat seg med andletet mot jorda. Og heile Juda og alle innbyggjarane i Jerusalem fall ned for Herrens åsyn og tilbad Herren.» (2Krøn 20:17-18) Gjekk Herrens ord i oppfylling? Til minste detalj! Herren kjempa på underleg vis for sitt namn, si ære og for sitt folk!

Me kan lese om at Daniel(kap 9 og 10) gjorde den same erfaring. Daniel og venene hans vende seg i si naud til Herren. Daniel sannar både sine eigne og folket sine synder og fråfall, og så seier han: «Min Gud, vend øyra ditt hit og høyr! Opna augo dine og sjå ruinane våre og byen som er nemnd med ditt namn! Det er ikkje våre eigne rettferdige gjerningar vi legg til grunn for dei audmjuke bønene våre som vi ber fram for åsynet ditt, men di store miskunn. Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, gjev akt og gjer det, dryg ikkje – for di eiga skuld, min Gud! For byen din og folket ditt er kalla med ditt namn.» (Dan 9:18-19) Kva skjedde? Herren greip inn på underleg vis som hjå kong Josafat.

Øivind Andersen seier om dette: «Det vi må begynne med, vi kristne i dag, er å gå i oss selv. Vi må se vår synd. Vi må bekjenne vår synd, vi som tror på Jesus. En bør ikke snakke om at det er så galt blant folket. Og vi må ikke snakke om alle de gale bevegelsene som er oppe i tiden. Vi må bekjenne som Daniel at det er vi som har syndet. Har vi ikke det? Vi har gjort ille. Det er vi som har vært ugudelige. Vi har satt oss opp imot Gud. Det er vi som bekjenner oss som kristne, som har veket av fra Guds bud og forskrifter i en meget betydelig grad. Og vi erkjenner det ikke som synd.

Hva tror du kommer til å hende om vi som kristne kommer i nød med oss selv og begynner å be som Danil ba? Da kommer det til å hende som hendte på Daniel sin tid.»

Kvifor kunne bibellæraren Øivind Andersen seie noko slikt? Fordi han kjende sin Gud. Han som seier at han er i går og i dag den same, ja til evig tid. (Hebr. 13:8) Difor er Gud den same i dag som på Hanna, Samuel, Josafat, Gideon og Daniel si tid, og ingenting er umogleg for han!

Les me vekkingssoga så vitnar ho også om at når Herren sende samvitsvekking, så sende han gjerne først trengsel og naud inn over folket. Det førte Guds folk på kne, og dei ropte om utfriing og berging frå himmelen. Igjen og igjen opplevde ein at Herren talte, og det skjedde. Enkeltsjeler, bygdelag, byar, regionar, folk og land blei omsnudde ved at Herren greip inn.

Eit heilagt samfunn

Når menneske byrja å lytte til Herrens tale, då blir det som Jesus seier: «Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg.» (Joh 10:27) Det heilage samfunnet oppstår der vekkinga får rom. Det er eit usynleg samfunn som går på kryss av organisatoriske og kyrkjelege grenser. Det er eit samfunn som har Herren Jesus og Ordet i sentrum.

Når det gjeld den naud som kviler over vårt folk og land, så er det ei naud som alt Guds sanne folk har del i – om ein høyrer til den eine eller andre organisatoriske samanheng. Difor trur eg det er viktig at me på kryss av dei organisatoriske grenser kan vere med å inspirere kvarandre til å stå fast på Guds ord, og til å oppmuntre kvarandre til å be og arbeide for sann bibelsk vekking i den samanheng me er med i.

Eg fekk sjølv oppleve å vere med på eit 1. mai møte på Jæren no i vår. Eg tykte det var til stor oppmuntring og inspirasjon å oppleve at mange hundre truande frå ulike arbeidslag rundt på Jæren, saman fekk sitje å lytte til ei bibelsk og vekkande forkynning vedrørande åndssituasjonen i vårt folk og land.

No i byrjinga av oktober var det også eit nytt felles arrangement på Jæren der Jan Bygstad og Eivind Gjerde var talarar. Der hadde ein enno større breidde med tanke på kven som stod bak som arrangørar. Igjen var det gilde samlingar der ein opplevde at Herren var nær og velsigna sitt eige ord.

Eg trur at slike fellestiltak på konservativ side kan vere både vekkande, oppmuntrande og samlande for Guds folk. Når ein kan få stå saman på vekkingslinja i forkynninga av lov og evangelium under Guds ords autoritet, slik Hans Erik Nissen understrekar at det har vore før, då opplever ein noko av det Josva opplevde på slettene ved Jeriko: «Drag skoen av foten din! For staden du står på, er heilag.» (Jova 5:15b) Så sytte Herrens engel sjølv for å rive ned dei uoverkomelege murane kring Jeriko.

På slutten av Marie Monsen si bok «Vekkelsen ble en åndens aksjon», der ho fortel frå vekkingane i Kina, skriv ho: «Jeg tror at tiden er inne til at de «2 eller 3» søker å finne hinannen og innstille seg på å fortsette sammen i troende bønn til svaret kommer. Bønneemnene blir – at alle ledere og alle vi andre troende – må tømmes for alt vårt, og at vi må få en bønne og samvittighetsvekkelse, og få igjen vår første kjærlighet til Jesus og til sjelene.» I Kina fekk dei oppleve dette, og enno varer vekkingane der, men det underlege er at me har den same Gud i Norge som i Kina – eller har me ikkje det?

Kan henda Herren gjer noko

Jonatan, son til Saul, var ei god støtte for David. Han var ein sann Israelitt, som hadde tru og tillitt til Herren i ei vond og vanskeleg tid for Guds folk. Då Jonatan ein dag går aleine over mot fienden saman med våpensveinen, seier han noko som eg ofte har tenkt på: «Kan henda Herren gjer noko for oss. Ingen ting hindrar Herren frå å frelsa, anten det er ved mange eller ved få.» (1Sam 14:6) Kan henda Herren gjer noko for oss? Slik tenkte og talte han om dei berre var 2 stykk, og Herren greip igjen inn på forunderleg vis.

Søren Kierkegaard seier noko som eg ofte har kome attende til, som også er ei bibelsk sanning: «Gud skaper alt av intet, og alt hva Gud bruker gjør han først til intet.» Er du og eg villige til å bli gjort til «intet», slik at Guds kraft og Guds makt kan få kome til? Då trur eg Herren enno kan få gjere store ting mellom oss. «Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halda stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!» (2Krøn 20:20)

I Kåre Ekroll sin biografi om Øivind Andersen seier Andersen: «Men om vi nå som kristne mannjevnt kunne innse vårt virkelige behov i dag: At vi i Norge trenger en vekkelse ifra Lindesnes til Nordkapp og fra Kjølen til havbrynet, hvor mennesker kommer i nød for sin synd. Hvordan tror dere det da kom til å bli i Norge? En ugudelig kringkasting kunne ikke hindre det, heller ikke tilstanden i kirke og samfunn. For han som er med oss, er sterke enn ham som er i verden.»

La oss difor som Guds folk bøye våre kne som Josafat og Guds folk i fordoms tid og rope til Herren: «For me har ikkje styrke nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss, og me veit ikkje kva me skal gjera. Men augo våre er vende mot deg.» Kan henda Herren gjer noko for oss!