Guds fullkomne lov

Guds fullkomne lov
Av Kjell Farnes

Guds lov er fullkomen, men mennesket er ufullkoment.

Ein kan sjå Guds gode vilje gjennom Herrens lov. Men eit menneske kjem stadig til kort når ein skal fylgje Herrens lov. «Men lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda vart stor, vart nåden endå større,» seier Paulus i Rom 5:20.

Eit menneske må sjå si synd før det kan verte frelst. Difor er loven si forkynning så viktig.

Loven i praksis fører til syndserkjenning. Og der det er syndserkjenning, er det bruk for frelse. Men vert lova gjort liberal, slik at me maktar å oppfylle henne, så fører det til fariseeisme.

Men frelsa har me i Jesu verk og gang til Golgata. Jesus er den einaste på denne jord som har oppfylt lova og dermed sigra over synda.

Når me vert syndarar og får bruk for det Jesus har gjor og tek imot han, då tileignar me oss hans liv og fullkomenskap. For som det står i Rom 10:4: «For Kristus er endemålet for lova, til rettferd for kvar den som trur.»

Kva er det så me gremmer oss for? Me har jo fått eit fullkome liv av Herren! Me har grunn til å juble og prise Gud! Han har ordna det på beste måten trass i alt vårt eige. Lat oss takke og prise Gud for hans godheit mot oss!

Lova er blitt ei rettesnor i livet, men ein umogleg veg til frelse. Og denne rettesnora, bør me gjere oss kjend med ved å lese kva Herren seier i sitt ord. Det er best for oss at me fylgjer Herrens lov så langt me maktar. For ho fører oss på den rette veg og ikkje på den krokute som me har så lett for å villa oss inn på.

Med Jesus som midtpunkt og føredøme vil me leve rett i denne verda, og me har ein himmel i vente.

På at det ventar den truande eit evig liv, har me mange openberringar. Tak difor imot frelsa frå Gud, for ho gjev deg ei stødig gange på vegen til det evige liv.

Loven er ei rettesnor
For Jesu folk på jord;
Lat oss ta ho i hjarta inn
Og fylle våre sinn!

Bodet har vist oss den rette veg,
Gjer kursen stødig om tvilsam me er,
Og fører oss også til Jesus kjær.

Guds gode vilje i lova me fær,
Jesus han oppfylde lova især,
Så at himlen for oss blir så kjær og nær.

Innsendt av Kjell Farnes, Flemma på Nordmøre