Mitt besøk til bibelkurset i 1999

Av nåde alt jeg får
Hos Gud fra først til sist.
Av nåde leges mine sår
Av legen Jesus Krist.

Dette verset tona for meg i mange dagar etter at eg kom heim att frå Fossnes. Me var fem damer frå bygdene her i Hardanger som tok i veg til Fossnes på bibelkurs 22.-26. november 1999 Me fylgde Haukeli-ekspressen og det var riktig bra. Då me kom fram til Sem sundagskvelden 21. nov. stod Torunn Fossdal og tok mot oss. Dei to minste borna hadde ho med i bilen.

Det var i alt ti personar som var innmelde på kurset. Me vart alle tekne i mot med eit godt hjartelag, god mat og fine rom. Dei fleste måltida hadde me ved langbord i ein av matsalane. Då var me 14-16 til bords. Til timane kom det fleire frå distriktet rundt skulen så me vart kring 20 stk. i alt.

Per Bergene Holm og Lars Fossdal hadde båe tekstar om Abraham. Ingar Gangås hadde sjelesorg og Olaf Klavenæs hadde timar frå Høgsongen. Det var ei glede å sitja og høyra.

Abraham såg på sin eigen lekam som var utdøydd. Men han heldt Gud for trufast som gav løftet at han skulle få ein son, og i hans ætt skulle alle folk på jorda velsignast. Han såg løftet om Jesus i slekta si. Slik er det for oss og. Her er ikkje noko von om frelse når me ser på vårt kjøt. Det står i Rom 3:12 «Me er duglause vortne alle i hop. Men Gud er trufast som gav løftet.»

«Då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova, for at han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så dei skulle få barnekår. Og sidan de er søner, har Gud sendt sin Sons Ande inn i hjarto våre, og han ropar: Abba, Far!» (Gal 4:4-6) Kjære Frelsar, takk at du kom til oss julenatt.

Veka gjekk fort. Eg for min del tykte det var passe mange dagar.

Ei av oss sa at det gjerne kunne vore ei veke til. Det var ein takksam flokk som reiste heim att. Eg vil takka dykk alle på Fossnes for all godheit og omsorg de viste oss. Så er me takksame til Gud og me vil be om at skulen framleis må få vera til velsigning.

Eg vil oppmoda andre til å delta på bibelkurs når de ser lysing om det. De vil kjenna dykk velkomne og verta rikt velsigna.

Helsing Sigrid Skutlaberg,
Norheimsund

Bibelkurset på Bibelskulen på Fossnes
22. – 26. nov. 1999