Søk

Dag Rune Lid

– Vårt kall er å forkynne heile Guds råd!

Det er forkynnaren og pensjonisten Dagfinn Natland (74) som seier dette med tanke på den åndssituasjonen me i dag lever i. – Vårt kall i denne tid er å forkynne Guds ord i sanning – heile Guds råd. Då er det Gud sjølv som handlar. Då er det Gud som talar til folket. Difor trur eg djevelen har det forferdeleg travelt no.

Guds ord er levande!

– I yngre år hadde eg ved eit tilfelle kome til å slå opp i ein bibel. Augo mine fall på setninga: «Den som syndar, skal døy!» Mang ein gong trega eg på at eg slo opp i den Men Guds ord er levande, og dette ordet sleppte meg ikkje. Det sat som spikra i samvitet. 

Eg vil gje dykk framtid og von!

«For eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er fredstankar og ikkje tankar til ulukke. Eg vil gje dykk framtid og von» (Jer 29:11). Me lever i urolege tider. Nyheitene, som møter oss dagleg gjennom alle dei ulike mediekanalane på nettet, skapar lett frykt og angst i mange menneskehjarto. Me høyrer om krig, folk som reiser seg mot folk, rike mot rike. Det er hungersnaud og jordskjelv både her og der. (Matt 24)

Når frykt vert til glede

«Sjå, det vart eit stort jordskjelv. For ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram og rulla steinen til side og sette seg på han. Han var som lynet å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. Dei som heldt vakt, skalv av redsle for han, og dei vart liggjande som døde.» Matt 28:2-4 Slik fortel Skrifta om kva som skjedde påskemorgon.