Nye websider i Lekmannsmisjonen
Endeleg har me gleda av å presentere dei nye websidene til Lekmannsmisjonen. Det var naudsynt med ei oppgradering. Det har teke si tid, men me vonar resultatet har vorte godt og tenleg. Bladet digitalisert Mange har vore med på prosessen med å scanna alle «Lov og Evangelium» heilt attende til starten i 1964. Frå 1964 og fram til og med 1998 ligg dei no i eit søkbart PDF-format, og frå 1999 og fram til i dag ligg dei både i PDF-format og i rein tekst. Når ein søkjer etter artiklar før 1999 vil ein såleis få opp bladnr. i PDF, og kjem ikkje direkte til artikkelen. Totalt ligg det no ute over 3000 artiklar. Ein kan søkje fritt på ord …