Kva seier Bibelen om englar?
Vårt norske ord «engel» kjem av det greske ordet «angelos» som tyder bodbærar. Det vert i bibelomsetjinga vår nytta for å beskriva dei personlege og overjordiske åndevesen som lever i umiddelbar fellesskap med Gud i himmelen, og som er tenande ånder som lyder røysta frå Herrens munn og som utfører Guds vilje for at menneske skal verta frelste: «…de hans englar, de veldige i makt som set hans ord i verk, i det de lyder røysta frå hans ord!» (Sal 103:20). «Er dei ikkje alle tenande ånder, som vert sende ut i teneste for dei som skal erva frelsa?» (Heb 1:14). Utalige er dei truande som har sett englar – i vanskelege situasjonar – og Bibelen har mange døme som …