Forkynn Guds ord!
«Vakna du som søv!» Ef 5:14 Guds ord er adressert til alle menneske. Alle har rett til å høyra det, ha det og eiga det. Mange har aldri fått høyra. I vårt folk er dei fleste likegyldige til Guds ord. For andre er Ordet blitt til frelse, og det er desse Gud kan få bruka til å gjera det kjent og berga dei som er på veg mot den evige fortapinga. Skal det skje, må Herren vekkja oss til å sjå den fortvila stillinga kvar ufrelst er i. Deira nød burde vera vår nød. Men det lettaste for oss er å slå lag med profeten Jonas, og finna ein stille plass og leggja seg til å sova. Jesus var ikkje …