Døde for meg!

Døde for meg!
Av Dag Rune Lid

Det var den vesle jenta vår, Mirjam, som song på ein song ein dag. Eg spurde kva for ein det var: «Såret for meg», sa ho. ”Kan du syngje den?”, spurde eg, og ho song:

Såret for meg, såret for meg,
Jesus på korset ble såret for meg.
Nå er det banet til himmelen vei.
Jesus på korset ble såret for meg.

Det er ein CD frå Unge Røster i Namsos som ho har høyrt ein del på, og den sentrale bodskapen talar inn i det vesle barnehjartet. Eg måtte gå og finne fram songteksten. I det neste verset stod det:

Døde for meg, døde for meg,
Jesus ble såret og døde for meg
All hans rettferdighet tilregnes meg.
Jesus ble såret og døde for meg.

Tenk han vart såra for meg! Tenk han døydde for meg! Ikkje nok med det, men all hans rettferd vart tilrekna meg! «Nå er det banet til himmelen vei!» For ein herleg bodskap!

Om Jesus «banet til himmelen vei», kjenner ein kristen på synd, fall, nederlag og svikt på så mange vis. Det kan til tider opplevast som vegen er stengd, eller som om det er skodde på alle sider. Anfekting, mørke og tvil ser ut til å få overmakta.

Tenk då å få høyre om han som kom. Guds eigen son vart menneske. Han levde eit fullkome liv i tankar, ord og gjerningar. Han som Pilatus ikkje fann noko skuld hjå. Han som berre gjorde godt. Han, den skuldlause, vart spikra fast til korsets tre for meg! Han døydde for meg!

Bibelen seier at han døydde til fastsett tid for ugudelege (Rom 5:6). Dette tidspunktet var fastsett frå æva av, lenge før du og eg vart fødd. Vi kom for seint til å påverke denne frelsesplanen. Det underlege var at han kom for alle. For verkeleg å få fram at bodskapen famnar alle, seier Bibelen at han kom for ugudelege. Verre enn den ugudelege, det kan du ikkje verte.

Om du kjenner på synda og dommen i ditt eige hjarta, om du mislukkast på alle plan, om du har svikta på alle vis, om du kjenner på forsømingar gjennom eit langt liv, om du er løgnar, ranar eller mordar – han døydde for deg! Høyrer du dette?

Han kjenner deg og meg betre enn me gjer sjølve, likevel så døydde han til fastsett tid for oss. Vi kjem for seint. Dine tankar og kjensler er utelukka. Saka di er ordna! Gjelda di er betalt! I tillegg har du fått dobbelt for alle dine synder (Jes 40:2). Du vert tilrekna Jesu fullkomne liv og rettferd. Bibelen seier: «Ingen av dei som søkjer livd hjå han, dømest skuldig» (Sal 34:23).

Likevel seier du kanskje: – Det kan ikkje gjelde meg, du kjenner ikkje meg og korleis eg er. Høyr då Guds eigne Ord: «Alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans» (Joh 1:12). Måtte også du denne påskehelga få stemme i: «Døde for meg!»