Sovna inni den åndelege døden

«Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Sardes: Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine, at du har namn av å leva, men du er død.

Vakna opp, og styrk det som var i ferd med å døy. For eg har ikkje funne gjerningane dine fullkomne for min Gud. Kom difor i hug korleis du har teke imot og høyrt. Hald fast på det og vend om! Dersom du ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal slett ikkje vita kva time eg kjem over deg.

Men du har nokre få namn i Sardes som ikkje har skitna til kleda sine. Dei skal gå med meg i kvite klede, for dei er verdige til det.

Den som sigrar, skal på same vis verta kledd i kvite klede. Eg skal så visst ikkje stryka namnet hans or livsens bok, og eg vil kjennast ved namnet hans for Far min og for englane hans.

Den som har øyra, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!» (Åp 3:1-5)

Ein vandrar

Sjå for deg ein bortkomen fjellvandrar i den norske fjellheimen ein vinterdag. Det er isande kaldt. Vandraren kjempar seg fram i håp om å finna berging, folk og ly. Kreftene minkar. Han er så sliten. Til slutt synest han at han må kvila. Berre litt, for han veit det kan vera farleg. Han set seg ned. Plutseleg kjennest alt så behageleg. Han kjenner seg varm og merkeleg likesæl. Før han veit ordet av det, så søv han.

Nokon leitar etter han og ropar. Liksom frå ei anna verd høyrer han stemmer. Men han vil ikkje vakna. Døden er nær. Vaknar han ikkje straks, så er det for seint!

Åndeleg søvn

Dette kan vera eit bilete på kristenflokken i Sardes, i alle fall dei fleste av dei. Fleirtalet i flokken var sovna åndeleg, like inn i den åndelege død. Dei visste det ikkje. For dei hadde stadig namn av å vera ein levande kristen menigheit.

Enno var det levande kristne att, men kan henda var dei òg på veg til å dø. Det er i alle fall den vanlege forståinga av «styrk det andre som var på veg til å dø». Øivind Andersen peikar på ei anna løysing av denne setninga. Dei fleste i Sardes var åndeleg døde. Men evna til å høyra Guds ord var enno ikkje totalt borte. Men for kvar gong eit menneske høyrer Ordet, utan å ta det til hjarta, minkar den åndelege høyrsla inn – til slutt er ho borte. Då er menneske kome inn i den kvalifiserte forherdinga der det ikkje lenger kan skje omvending.

I Sardes høyrer me ikkje om forfølging av kristenflokken. Heller ikkje står det noko om falsk lære. Det ser meir ut som om det var deira rolege og behagelege livslagnad og tillit til sitt rykte om å vera ein levande kristen menigheit, som fekk dei til å verta overmodige og sjølvtrygge. Dermed vakte dei ikkje over seg sjølve, eller prøvde seg sjølve.

Sjølvtryggleik

Sardes by sin menneskelege tilstand og stilling er eit førebilete på kristenflokken si stilling. Byen låg like ved eit trafikknute-punkt der fem vegar møttest og der vegen frå kysten passerte til det indre av Asia. Byen var kjend for sin store rikdom (Kong Krøsus residerte tidelegare her, han som har gjeve opphav til uttrykket «rik som ein Krøsus»). I tillegg låg byen på eit platå på enden av ein åsrygg. Den einaste vegen inn gjekk over åsryggen. På dei tre andre sidene var det bratte fjellsider. Difor vart byen rekna for nær umogleg å ta i krig.

Likevel skjedde det to gongar i historia (før dette brevet var skrive). Det skjedde under Kong Kyros av Persia og under syrarkongen Antiokius den store (ein konge som det vert vist til i Dan 11). Begge gongane skjedde det på same vis. Medan folket sov, sette fienden opp lange stigar langs dei bratte sidene og tok dei som ein tjuv om natta. Fienden fann at dei i sin sjølvtryggleik ikkje eingong hadde brydd seg om å setja ut nattevakt. Deira tryggleik vart deira ulukke.

Slik var det òg gått med kristenflokken i Sardes. Dei var så trygge på sin «kris-tendom» og sitt plettfrie rykte at det vart lite av vekkande tonar og ransaking av eigen tilstand. Dei kjende seg så trygge og sovna åndeleg – like inn i døden.

Skikka seg lik verda

I tillegg til den ytre rikdommen og trygge plassering militært sett, var Sardes kjend for umoralsk og lettsindig levevis. Den vanle-gaste gudsdyrkinga (avgudsdyrkinga) var dyrkinga av fruktbarheitsgudinna Kybele.

Kultusen der var ei slags dyrking av sex. Såleis rådde det ein urein atmosfære i byen. Ytre tryggleik, luksus og umoral er ein farleg og vanleg kombinasjon også i våre land og dagar. Denne atmosfæren hadde hatt sin bedøvande verknad på dei kristne. Kanskje det i det heile mange gongar var vanskeleg nok å sjå kven som var kristne. Dei skikka seg vel etter kvart likt med sine heidenske omgjevnadar, sjølv om dei stadig vekk hadde ein kristen fasade.

Det er kanskje ikkje så underleg at det ikkje vart forfylging og alvorleg vranglære der. Dei var i det heile nokså ufarlege for Satans rike, og då kunne dei godt tolerera at det i all gudsdyrkinga fanst nokon som hadde ei kristen vedkjenning òg.

Ei rystande avsløring

Det var ein som såg den uendelege faren kristenflokken svevde i: Den kjære Herre Jesus. Han elska framleis denne flokken og ville ikkje mista han for evig. Dermed kjem han med sitt vekkande og livgjevande ord.

Ei rystande avsløring, eit alvorleg kall til omvending og åtvaring om å halda fram i tilstanden og endeleg eit løfte til dei som sigrar.

Herren Jesus pakkar ikkje bodskapen inn. Eg veit alt om deg, at du stadig har namn av å vera ein sann kristen, men det er ikkje sant: Du er nemleg åndeleg død, utan å vita det. Det talast i våre dagar lite om den hemmelege døden. Men Jesus talar mykje om dette. Han talar om ti brurmøyar, mannen som kom inn i bryllupssalen utan å ha bryllaupskleda på, tørre greiner på vintreet og mange andre stadar. Det er eit søvn-teikn at dette synest så uaktuelt i vår tid. Eg trur dei som på æva sin dag får oppleva det som dei fem dårlege er eit bilete på, ikkje då vil tenkja at det var for mykje snakk om å ha olje på lampa.

Nådekall

Dernest eit alvorleg kall til å vakna, høyra og venda om. Vakn opp! Høyrer du stemma til han som prøver å finna den ulukkelege fjellvandraren? Du må vakna, elles er alt forbi! Du må sjå kva stilling du er i! Du må ikkje halda fram med å sova!

«Kom i hug korleis du har teke imot og høyrt.» Herren minner dei om den stillinga dei hadde til ordet før, medan dei enno levde. Då lengta dei etter den åndelege ufalska mjølka som nyfødde born (1 Pet 2:2). Dei var som brystborn som skreik etter føde. Ordet om Jesus var liv om å gjera. Det var ikkje noko dei kunne, men noko dei «måtte eta» – stadig. Planta som ikkje treng vatn, er død. Gjennom Ordet har Herren i røynda gjeve dei alt som trengs til redning.

Vend om, kallar Jesus! Ved Jesu ord og person er himmelrike nær. Han stansar ved deg og bed deg stiga om bord. «Ferja» ligg til kai. No må du nytta tida. I Jesu namn ropast omvending og syndeforlating ut. Kom difor ikkje med orsakingar og bortforklaringar. Erkjenn di naud og din tilstand og ta imot det reddande ordet.

Den som sigrar

Til sist eit løfte til dei som sigrar. Det vil seia, dei som tek Ordet til hjarta og gjer etter det. Den som sigrar skal verta kledd i kvite klede.

Det er nettopp det same han seier til det folket han talar til i Jes 1. Det er til fråfalne.

Vend om. Han kallar dei til seg: «Kom lat oss gå i rette med kvarandre, seier Herren. Om syndene dine er som purpur, skal dei verta kvite som snø, om dei er raude som skarlak, skal dei verta som den kvite ull» ( Jes 1:18).

Ordet om dei kvite kleda har bakgrunn frå tempelet i Jerusalem på Jesu tid. For å stå no og i æva mellom dei sanne prestar for Gud, og til himmmelsk teneste, er det ein ting som gjeld: Du må ha eit oppgjer med Gud om syndene dine. Du må møta Jesus ved nådetrona som ein hjelpelaus og fortapt syndar. Som ein har uttrykt det: Du må innom Guds omkledningsrom, der ditt eige må av og du må kledast i Jesus.

Korleis skjer det? Eg vil svara med å visa til Jes 55:1-3 (og hugs, bakgrunnen for denne ufattelege innbydinga ligg i Jes 53):

Å, alle de som tyrstar, kom til vatna! Og de som ingen pengar har, kom, kjøp og et, ja, kom og kjøp utan pengar og utan betaling vin og mjølk! Kvifor veg de ut pengar for det som ikkje er brød og løna dykkar for det som ikkje kan metta?

Høyr på meg! Så skal de eta det gode, og sjela dykkar skal gleda seg over feite retter. Vend øyra hit og kom til meg! Høyr, så skal dykkar sjel leva. Og eg vil gjera ei evig pakt med dykk, og gje dykk Davids rike nåde, den usvikelege.