Fra 11.-16. november 2025 var me igjen samla til bibelkurs på Fossnes. Det var samla 60-70 på dagtid og 120-140 på kveldsmøte, og litt meir i helga. Veldig gildt å treffe bibelskoleelevane på kurset.
11/11
Tysdag hadde Martin Fjære 2 timer frå 1 Joh 4 – prøv åndene om dei er av Gud.
«Kvar ånd som sanner at Jesus er Kristus komen i kjød er av Gud.» (1 Joh 4:2)
Det er desverre mykje villfarelse i forkynnelsen i dag. Guds ord skiller.
«Ved dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss, at Gud har Sendt sin einborne son til verda så vi skal leva ved Han.» (1 Joh 4:9)
Ein synder har ikkje evne til å elska.
» I dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at Han har elska oss og sendt sin son til soning for våre synder.» (1 Joh 4:10)
Sann kjærlighet kjem frå Gud. Me mangler kjærlighet. Det er Guds verk at Guds ånd får virke slik at ein elsker. Kjærlighetens mål held fast på Jesus. Sjå på Han.
Etter lunsj hadde Lars Fredrik Ellingsen 2 timer frå Rom 6 – som du er i deg sjølv er du diskvalifisert til å være Guds barn. Så er det tilveiebrakt ei fullkommen frelse i Jesus Kristus, ei fullkommen forsoning. Korleis verker den nye fødsel i deg? Du får eit nytt forhold og ein ny retning. Det nye livet skaper tillit til Jesus Kristus (Jesus i oss).
«Bli i meg så blir eg i dere.» (Joh 15:4)
Det nye livet har sin trøst i evangeliet. Frihet er å leva i Jesus, i syndenes forlating – å omvende seg frå sitt eget, å vende seg til Han.
Dan Fellman hadde kveldsmøte om Abraham.
«Ved tru var Abraham lydig då han vart kalla til å dra til eit anna land.» (Heb 11:8)
«For han venta på byen med dei faste grunnvoller.» (Heb 11:10)
«Mot von trudde han med von så han kunne verta far til mange folk.» (Rom 4:18)
Kallet kjem også til oss: vil du følgja Jesus? Eg er vegen, følg meg.
12/11
Per Bergene Holm hadde 2 timer frå Filliperbrevet. Det er skrevet i fangenskapet, allikevel er det eit gledes brev.
«Gled deg i Herren atter vil eg seia dykk: gled dykk.» (Fil 4:4)
Jesus har kjøpt deg, du er Kristi trel, Jesus eigedom. Han sørger for ditt daglige liv. Han er ein god Herre.
Etter lunsj fortsatte Lars Fredrik Ellingsen i Rom 6. Den som lever med Jesus, blir renset av Gud. Ved Jesu død ble synd sonet. Vi er døde for synden, men lever for Jesus. Alt i deg sjølv har du mistet, då har du berre Jesus igjen. Kraften ligger i evangeliet. Hans død er min død, Hans liv er mitt liv.
Dan Fellman hadde kveldsmøte og forsette med Abraham. Abraham tok ut på Guds løfte – eit løfte om Guds velsignelse. Slik vil Gud kalla meg og deg òg til å ta ut på Guds løfte. Jesus kan fullt og heilt frelse den som kjem til Han. Når alt mitt eige fell i grus, då har eg bare Jesus igjen. Løft blikket, han vil møta deg, også deg som kjemper i mørket.

13/11
Per Bergene Holm fortsetter i Filipperbrevet. Paulus var opptatt av at han måtte ære Jesus med livet sitt, leve som evangeliet verdig. Hans hender, føtter, munn skal bringe evangeliet videre. Det nye livet skal utfolde seg. Ein kristen har fått eit nytt sinn og har trang til å følgja etter Jesus. Då er det livsnødvendig å leva i Guds ord, så vil han strida.
Martin Fjære fortsatte ifra 1 Joh 5.
Vers 1-3: Kjærligheten til Gud og hans barn.
Vers 4-5: Seier over verden.
Vers 6-15: Guds vitnesbyrd.
Vers 16-18: Be for den som faller i synd.
Vers 10: Guds vitnesbyrd i mitt hjerte. Kva Gud har sagt om sin son.
Vers 11: Gud har gitt oss evig liv og livet er i hans son.
Dan Fellman hadde kveldsmøte. Kan Gud oppvekke eit steinhjerte i kveld? Kjenner du han? Har du fått sett di synd, kjære venn? Guds ånd kan visa deg og openberra korsets budskap. Jesus gjekk om korset for å sona di synd. Kom i dag til Jesus, han kan ta vekk ditt steinhjarta og skape eit kjøthjarta, eit hjarta som vil klynga seg til Jesus.
14/11
Lars Fredrik Ellingsen held fram i Romerbrevet 6. I møte med den heilage kjem Gudsfrykt (2 Mos 19:16-20). Moses stig opp på Sinai-fjellet som mellommann for folket for å tala med Gud. Det er ingen som held mål for Gud. Me er forurensa av synd. Gud gav oss ein mellommann i Jesus. Han gjorde soning for vår synd. Me knyttast til ordet om Jesus. Jesus er min stedfortreder og liv, min glede og fred.
Per Bergene Holm går vidare i Filliperbrevet – vi har vårt heimland i himmelen. Stå fast i Herren. Mist ikkje motet eller målet av syne. Bli i Jesus og ordet om Han.
Dan Fellman held fram om Abraham. Gud hadde gitt løftet om ein son. Då det dreg ut tek Abraham saken i eiga hand og går inn til trælkvinna Hager og får sonen Ismael. Når alt håp er ute for Sara og Abraham menneskelig sett, får dei igjen løfte om ein son. Sara får sonen Isak.
«Så er vi då barn, ikkje born av trælkvinna, men av den frie kvinna.» (Gal 4:21-31)
«Mine born, dette skriv eg til dykk så ikkje nokon skal synda. Om nokon synder så har me ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus den rettferdige og han er ei soning for synden våre, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.» (1 Joh 2:1-2)

15/11
Ruben Skov Jensen hadde 2 timer. Første time var mykje historie om Esekiels samtid. Han lever blant dei jødene som var bortført til Babel. Gud legg sitt ord ved openbering inn i profeten, det er heilt avgjerande for ein Guds tjener.
«Og vi såg herlegdommen hans, ein herlegdom lik den ein einboren som har frå Far sin, full av nåde og sanning.» (Joh 1:14)
Dan Fellman talte frå 1 Mos 22:1-18. Gud prøver sine barn på si tru. Kva kjemper du med i kveld? Kanskje uroleg for ditt Gudsforhold, for dine barn. Abraham fekk beskjed om å ofra Isak. Han fekk nok mange tanker han også, men Abraham tok med seg Isak på Guds befaling og gjekk mot Moria-landet der han skulle ofra Isak på fjellet.
«Alle ting samvirker til det gode for dei som elsker Gud.» (Rom 8:28)
Då Abraham hadde bundet Isak og gjorde klar kniven for å ofre Isak, då stansa ein Herrens engel Abraham.
«For nå veit eg du har lydighet for Gud, sidan du ikkje ein gong sparde din einborne son for mi skyld.» (1 Mos 22:12)
Du og eg kan få del i Abraham sin velsignelse. Sett ditt liv i Herrens hånd og stol på han.
Ruben Skov Jensen talte frå Joh opb 14:1-5. Sjå lammet er slakta og står på Sions Berg. Vi er kjøpt ut med Lammets blod.
«Frikjøpte med Kristi dyrebare blod, som blodet av eit ulastande og lytelaust lam.» (1 Pet 1:18-19)
Han la i min munn ein ny song, ein lovsang til vår Gud.
«Ordet er deg nær, i din munn og i hjerte ditt. Det er trusordet det som vi forkynner.» (Rom 10:8)
«Det enda jag vet, det er at nåden rekker, at Kristi blod min synd, min skyld bedekker.» (Sangboken nr. 243)
16/11
Ruben Skov Jensen talte frå Matt 18:21-35. Denne tenaren hadde ein veldig gjeld som det var umulig for han å betale. Herren tykte synd i denne tenaren og ettergav han heile gjelden. Men hadde også ei syndeskuld som det var heilt umuleg for meg og deg å gjere opp for, vi er fortapt i oss sjølve. Men Gud har ein grenselaus forlating. Gud gjer ikkje etter forteneste, men etter nåde.
«Han som ikkje sparte sin eigen son, men gav han for oss alle, korleis skulle han kunne anna enn gje oss alle ting med han.» (Rom 8:32-33)
«Om deres synder er som purpur skal dei verta kvite som snø.» (Es 1:18)
Det er ingen grense for Guds tilgiving.
«Og eg er full viss på at han som tok til med ein god gjerning i dere, vil fullføre henne alt til Jesu Kristi dag.» (Fil 1:6)
Så ville ennå ein gong få takka for mat, husrom og gode samvær. Takk først og fremst til Gud for Hans velsigning over ordet som vart til åndeleg føde.
Skrevet av Tron Stokkeland
