Prestedømet i Bibelen
Det gamaltestamentlege prestedømet vart innstifta av Moses under øydemarksvandringa:
«Så skal du kalla Aron, bror din, og sønene hans fram til deg, ut or flokken av Israels-søner. Og du skal setja dei til prestar for meg – Aron og Nadab og Abihu og Eleasar og Itamar, sønene til Aron» (2 Mos 28:1).
Det var berre aronittar som kunne ha prestedømet i den tida (2 Mos 29:9). GT har soleis i hovudsak eit spesielt prestedøme, det aronittisk-levittiske.
Prestane vart innsette i embetet sitt ved ein høgtidsam ordinasjon som varde i sju dagar (2 Mos 29; 3 Mos 8). Den nye presten vart då tvegen med vatn, ikledd presteklede, salva med olje og innsett ved eit stort offer-ritual. Det gamaltestamentlege presteembetet var eit offerembete. Når ein israelitt skulle bera fram offer til Herren, laut presten bera det fram for han. Då fyrst fekk det soningskarakter. Prestedømet hadde m.a.o. eksklusive rettar, rettar som ingen andre hadde.
Denne offerpresten var ein midlar mellom folket og Gud. Som folkets representant andsynes Gud sto han når han ein gong om året gjekk inn i det høgheilage og ofra for sine og folkets synder (3 Mos 16). Og som Guds representant andsynes folket sto han når han lyste velsigninga (3 Mos 9:22; 2 Krøn 30:27), og når han lærde «Israelsborna alle dei lovene som Herren har kunngjort for dei gjennom Moses» (3 Mos 10:11; 5 Mos 33:10; jf. Mal 2:6). Dei israelittiske preste-ættene var delte i 24 skift, som gjorde teneste etter tur (1 Krøn 24:1-9).
Men i heile den før-mosaiske tida hadde prestedømet almenn karakter. Presterettane høyrde då heile folket til. Og dette ålmenne prestedømet vart ikkje avløyst på Sinai, men det vart stadfest: «Dersom de no verkeleg vil høyra røysta mi og halda pakta mi, då skal de vera min eigedom framfor alle folk – for heile jorda er mi. De skal vera eit kongerike av prestar for meg og eit heilagt folk» (2 Mos 19:5f; jf. Jes 61:6).
Men det som soleis heile folket skulle vera, og i prinsippet var, det var det spesielle prestedømet i røyndom. Vi kan seia at det spesielle prestedømet i GT forsåvidt var av representativ natur. Difor var heller ikkje dei levittiske presterettane eksklusive — unntatt offerembetet. Det ålmenne prestedømet var også i funksjon gjennom heile den gamle pakt. Difor kjende ingen den profetiske forkynninga som eit inngrep i levittanes læreembete.
Ogso i den seinare synagogetenesta var det sjølvsagt at det ålmenne prestedømet skulle syne seg. Både Jesus og Paulus nytta denne lekmannsretten til å tala i synagogene.
Men det levittiske prestedømet var ein episode, eit bilete på Kristus. Han er øvstepresten i Det nye testamentet (Heb 5:6; 7:11.23; 8:4; 10:11.21). Ein gong for alle bar han fram det soningsofferet som Det gamle testamentet berre hadde eit bilete av. No trengst det ikkje meir noko offer for synd, og difor trengst det heller ikkje nokon til å bera det fram. Dermed er det levittiske, dvs. det spesielle prestedømet avskipa.
Men det ålmenne prestedømet står ved lag. Det finst ikkje eit ord i NT om at det skulle vera avskipa. Men liksom det spesielle prestedømet som GT hadde, er fullkomengjort i Kristi øvsteprestelege embete, so er det ålmenne prestedømet som GT hadde, nådd fram til større fullkomenskap i NT. Det gamle Israel var prinsipielt og ideelt eit prestefolk, men vi såg at presterettane til dette folket for ein stor del vart utøvd på representativt vis av det spesielle presteskapet. I NT er dette annleis. Imellom det ålmenne prestedømet og Gud står no ikkje lenger nokon embetsstand, men berre mellommannen og øvstepresten Jesus Kristus.
At det ålmenne prestedømet i NT er eit framhald av det gamaltestamentlege, går fram av 1Pet 2:5.9, for Peter siterer her 2 Mos 19:6 som ikkje talar om det levittiske, men om det ålmenne prestedømet i GT. Og at dette prestedømet no er fullkomengjort, det ser vi av Heb 10:19. Der står at den kristne har tilgjenge til heilagdomen. Dette var før ein eksklusiv presterett. Like fram til nådestolen kan den kristne gå (Heb 4:16). Nådestolen i GT sto i det høgheilage, og berre øvstepresten fekk gå inn der. Men no er førehenget rivna.
I Heb 10:22 ser det jamvel ut til at dåpen vert jamført med prestevigsla i GT — dei som vart vigde til prestar vart jo tvegne med vatn. Difor skal vi som fullborne prestar «alltid bera fram lovprisingsoffer til Gud ved han, det er: frukt av lepper som lovar hans namn» (Heb 13:15), formana kvarandre (Heb 10:24), og forkynna hans dygder som kalla oss frå mørkret til sitt underfulle ljos (1 Pet 2:9).
I NT er saka difor grei. Her vert det greitt sagt at det spesielle prestedømet i GT ingen annan funksjon hadde enn å vera eit bilete på Kristus. Men i den nye pakt treng vi ikkje noko bilete, for vi har fått Kristus sjølv. Han er aleine mellommann mellom Gud og menneske. Han har aleine det spesielle prestedømet i den nye pakt, og alle kristne som trur på hans namn, høyrer til det ålmenne prestedømet. Nokon prestekvalitet mellom desse to presteskapa kjenner NT slett ikkje til.
Fra Vi er alle prestar,
Indremisjonsforlaget 1953
Illustrasjonsbilde: The Day of Atonement, malt av Jan van’t Hoff, gospelimages.com.