Til ransaking og ettertanke

Å leva før ein er født
Ein kan av og til sjå kristelege møteannonsar om ulike tema som skal belysast og talast over; emne som kan vera meir eller mindre aktuelle og meint til hjelp i kristenlivet. Desse tema synest sjeldan å koma inn på korleis ein kan verta ein sann kristen, eller om det å bli født på nytt – eller tale om synd eller om sjølvbedrag. Det gjeld jo kor vi skal tilbringa evigheten! Tenk då å ta feil! Er ikkje slike emne aktuelle nok? Kva kan årsaka vera?

Det kan vera fleire årsaker. Ei årsak kan vera at både møteleiar, talar og tilhøyrar reknar med at vi som er samla til møte, er alle vedkjennande kristne (og frelste!). Kva veit vi om det? Det er åleine Herren som kjenner hjarto. Og korleis kan ein få eit rikare kristenliv dersom ein ikkje først er blitt frelst? Og treng ikkje også kristne å høyra lov og evangelium forkynt? Begge deler er Guds ord. Skal noko av Guds ord utelatast? Lova er først og fremst dei ti boda, som må utleggjast til liks med evangeliet.

«For vi veit at lova er åndeleg, eg derimot er kjøtleg, seld til træl under synda.» (Rom 7:14.) Lova kjem til oss med eit åndeleg krav som vi ikkje kan oppfylla. Om dette seier Paulus: «eg døydde». Lova drap han ved å ta frå han hans sjølvrettferd. Det skjer ikkje berre ein gong i livet, for sjølvrettferd er vår natur etter syndefallet.

Når det gjeld oppsette emne, så treng ikkje emnet i seg sjølv vera uaktuelt eller feil. Det viktigaste avheng av forkynnaren som skal behandla emnet. Men det hender at eg tenkjer: Er det dette emnet forsamlinga har mest behov for å få klårleik over?

Forkynninga og forkynnaren
Vekking må koma frå Herren. Men det har også ei menneskeleg side. Den viktigaste grunnen er at det manglar ransakande forkynning og at vi har med ein heilag Gud å gjera. Årsaka kan vera at talaren ikkje er frelst, for «hadde dei stått i mitt fortrulege råd, ville dei la folket høyra mine ord og venda dei frå den vonde vegen og dei vonde gjerningane deira.» (Jer 23:22)

Eller årsaka er at dei ikkje har nådegåve til å forkynna til vekking.

Ei anna årsak kan vera at han helst ikkje vil koma på kant med forsamlinga med det han har fått å gå med, men at menneskefrykt får han til å slå av på bodskapen, eller koma med sanninga så innpakka at brodden i Ordet forsvinn. For eit alvor! Det kan også vera at predikanten, som øvstepresten Eli, har mista sitt syn. (1Sam 4:15)

Lov og evangelium
No er det skilnad på nådegåver når det gjeld forkynninga av Guds ord. Men skiljet mellom frelst – ufrelst, træl og fri, lov og evangelium, må vera bakteppet. Forkynnaren må kjenna til dette gjennom tru og erfaring. Guds ord er i seg sjølv lov og evangelium. Det er som to parallelle linjer. Begge to er like nødvendige, men dei må ikkje blandast saman. 

Men det er ikkje alle forkynnarar som har skiljet med i forkynninga. Då kan ein ikkje berre skulda det på ulike nådegåver. Mykje av forkynninga i dag går berre gjennom den eine linja som står for evangeliet. Men når den andre linja, lova, er ute av bruk, så kan ikkje evangeliet gje liv. Då når det berre vår forstand. Mange er nok dei som let seg nøya med det. Dei har fått høyra ”evangeliet”. Det har nådd deira forstand.

Træl og fri
Desse to sortar kristne ser ikkje likt på forkynninga og på kvarandre.

Vi finn dei i Bibelen. For eksempel Isak og Ismael og deira strid seg imellom; Kain og Abel. Den bortkomne og den heimeverande sonen. Den heimeverande vart ikkje glad då den bortkomne var komen heim.

Det er alltid den som er fødd etter kjøtet, som ikkje kan tola den som er fødd etter Anden. Det ser vi klart då Paulus vart omvend medan han forfylgde dei kristne. Farisearane var gudfryktige, men dei tolde ikkje Jesus og dei sanne kristne.

Ransak meg, Gud
Den Heilage Ande bruker det forkynte Ordet; då får eg med Gud å gjera. Det vert ikkje opplevd godt når den himmelske lyskastaren blir slått på over vårt liv. Men vil vi bli ransaka og gjennomlyste? Det er her i tida vi må få leva under Guds ransakande nåde. Det er for seint på domedag.

Bruken av «Sangboken»
Songboka blir meir og meir avleggs. Kvifor skal ein ikkje lenger nytta den vanlege songboka? Jau, fordi møteleiarane ikkje ser dei åndelege skattane som er gjeve oss der – eller av menneskefrykt ikkje vågar å nytta dei, men fylgjer tidsånda som er verksam på det åndelege området.

Ja, men det kjem jo songar på veggen frå songboka, seier du. Det er sant, det kan koma gode songar frå sangboka, men det kjem til å endra seg om vi ikkje får sann vekkjing. Dessutan er det ikkje berre songar frå songboka som kjem opp, men songar med overflatisk innhald og søtlåtne melodiar. Det er ei trist utvikling. Er eg for gamaldags? Det har lite med saka å gjera! Det er eit åndeleg avvik det er snakk om. Desse songane og melodiane vil koma til å overta meir og meir. Til heimebruk er songboka som ei andaktsbok. Kor mange gonger har ikkje ei strofe eller eit vers blitt til åndeleg hjelp!

Solo- og korsong
Det er mange som syng solo på ein slik måte at dei framhevar seg sjølv. Og teksten, om han er aldri så god, blir usmakeleg. Det er ikkje samklang mellom tekst og framføring. Det er vondt å høyra på. Det er som å få servert reint vatn i eit ureint glas. Mellom anna i Jæren Misjonsradio kan ein ofte høyra slik framføring – både med god og mindre god tekst. Dette kan også vera aktuelt for korsong. Dette skapar ikkje møtetrong, tvert imot. Og evt. bruk av trommer gjer det ikkje betre.

Kyrkjelydane i Litle-Asia
Apostelen Johannes fekk på Patmos pålegg om å skriva til dei sju kyrkjelydane i Litle- Asia. Det var ikkje meir enn to der det ikkje var noko å klandra.

Til Efesus, for eksempel (der apostelen etter oldkyrkjeleg tradisjon hadde vore forstandar), måtte han mellom anna skriva dette:
«Eg veit om gjerningane dine og arbeidet ditt og at du har halde ut og ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvd dei som kallar seg sjølve apostlar, og ikkje er det, og du har funne at dei er lygnarar. Du har tolmod, og har hatt mykje å bera for mitt namn skuld, og du har ikkje gått trøytt, Men eg har imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik …» (Joh Op:1-7) Jesus var komen på utsida. Kva var bodskapen dei fekk? Kort sagt: «Vend om.» Her var det ikkje aktuelt å setja opp eit tema og få belyst situasjonen. Då var det heller ikkje sikkert at ein hadde kome fram til same resultatet! Så tenkjer ein gjerne at dette er noko som ikkje har med oss i vår tid å gjera, men det har i høgaste grad med oss å gjera! Har vi grunn til å tru at det står betre til hos oss i vår organisasjon, i vår bygd?

Guds ord er alltid aktuelt – til alle tider.

Til kyrkjelyden i Sardes måtte han skriva: «Eg veit om gjerningane dine, at du har namn av å leva, men du er død» (Op 3:1). På veg til fortapinga! Det var klår tale! Dette visste dei ikkje sjølv! Dit kan ein altså vera på veg – utan å vita om det! Det er ikkje farleg å be Herren ransaka seg, det er tvert imot heilt nødvendig! Du som aldri ber om å bli ransaka, vil eg tru søv eller er åndeleg død. Å bli ransaka er å få lys over sin eigen åndelege tilstand, og det er det berre Herren som kan visa oss. Det var likevel nokre få «som ikkje hadde skitna til kleda sine”», men kyrkjelyden var prega av verdsliggjering og falsk lære. Dei var på veg bort frå Gud. Men det var endå tid til å venda om.

Skulle det vera vår situasjon, var det ikkje då nåde frå Herren å få vita om det, så vi kunne omvenda oss i tide og bli frelst? Kva så om vi då likevel var på himmelveg; var det då nødvendig å uroa oss? Ja, det førte til fornying for oss i trua på vår frelsar.

«Skal båten min søkkja, må han følgja med»
Når vi les i Det nye testamentet, ser vi at Jesus ikkje var redd for å uroa læresveinane sine. Det gjorde han gong på gong.

«Når det gjeld det Jesus sa om at ein av dei skulle koma til å svika han. Då kom det sorg over dei, og ein etter ein sa dei til han: Det er vel ikkje eg?» Ja, sanneleg hadde dei grunn til å spørja – når ein tenkjer på korleis det gjekk med dei i Getsemane-hagen.

Ein gong Jesus kom gåande på sjøen, vart dei så redde at dei skreik! Ein annan gong trudde dei at båten skulle gå under – medan Jesus låg i båten og sov!

Jesus gjer eller seier ikkje noko som er unødvendig. Han ser lenger enn oss om kva som er nødvendig eller ikkje. Det gjeld evig frelse eller evig fortaping for oss.

Kamelen og nålauga
Jesus sa at det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein som eig mykje, å koma inn i Guds rike. Korleis verka det på læresveinane? «Då læresveinane høyrde det, vart dei reint forstøkte.» Kvifor? For dei forstod og kjende at Jesus meinte det han sa! «Kven kan då verta frelst?» Og svaret var, og er: «for menneske er dette umogleg.» Har du stått overfor det umoglege og har måtta gjeve opp?

Eller har du med Guds hjelp og eigen-innsats fått til det umoglege, nemleg å frelsa deg sjølv? Jesus sa meir: «… men for Gud er alt mogleg.» Skal ikkje vi gjera noko når det gjeld vår frelse? Vårt bidrag kan vi lesa om i Jes 43:24b-25: «Du har berre trøytta meg med syndene dine, og gjeve meg møde med misgjerningane dine. Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningane dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug.»