Guds kjærleik er fra æva av

Maleri av Jan van t’Hoff (gospelimages.com)

1. Guds kjærleik er frå æva av:
so høg som himmel djup som hav.
Men størst han lyser til oss ned
då jolenatti kom med fred.

2. Ved Betlehem i Judagrend
ei natt ein Herrens engel stend
og ber til oss det største ord:
«No Frelsaren er fødd på jord!

3. De barnet finn i Davids stad,
han Kristus er! Ver glad, ver glad!
Han åtte Himlens herlegdom,
no ligg han sveipt i krubberom!»

4. Her er Guds Son med Frelsarnamn,
her er Guds opne Faderfamn,
Her er Guds kjærleik himmelrein,
her nåde er for kvar og ein.

5. So syngja me med englerad
til Frelsaren vårt hyllingskvad!
Og aldri, aldri nokon gong
han tagna skal, vår jolesong!

Nils Lavik, 1918