Korset og blodets kraft

Me skal snart feire påske igjen og me skal få høyre bodskapen om korset og blodet – om det som skjedde på Golgata kors. Denne bodskapen er både elska og hata, for den fører til død, men også til liv.

Det følgjer eit anstøyt med korsets ord som gjer at dei aller fleste menneske ikkje vil ha noko med det å gjere. Bibelen vitnar og seier:

«Ordet om korset er vel dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.»  1 Kor 1:18

På denne jord kan det ofte sjå ut som det er ein liten flokk som har trong for å høyre ordet om korset. Bibelen vitnar derimot om ein himmelsk herskare, som ingen kan telje, som lovar og prisar Gud for korsets bodskap.

Korsets bodskap vart dei til liv, fordi dei hadde tvetta sin kjortlar og gjort dei kvite i Lammets blod. Forsoninga hadde vorte deira trøyst i liv og død. Det hadde skjedd noko den korte eller lengre tida dei hadde vore på denne jord – som hadde vorte dei til evig frelse.

Dei hadde fått lytte til Ordet om korset, om Jesu liding og død. Gjennom Ordet hadde dei fått møte den korsfesta. Dei hadde vorte syndarar som trong nåde for Jesu skuld. Difor var songen om korset deira gjensvar i den himmelske herlegdom. Men songen lærde dei her i møte med den korsfesta.

Les me i Sangboken så vitnar mange songar nettopp om korleis forfattarane fekk møtte korsets bodskap, og me tek med nokre glimt frå Sangboken her.

Under korset «fant fuglen rede», slik skreiv Ingebret Thorkildsen i 1857, eit viduerleg bilde på korsets vern for fuglen og reiret(heimen). Resultatet vart at: «Hjertetrangen anfører sangen, Emnet er Jesu Kristi blod.» Det vart noko ein ikkje kunne teie om:

Kan du synge den nye sangen, Synder som ferdes på sorgens jord?
Å, den synges alt hist av mangen Som seg nå fryder ved himlens bord.
Men de lærte den først her nede, Den gang til Golgata de kom.
Under korset fant fuglen rede. Men du spør meg: Hva synges om?

Hjertetrangen anfører sangen, Emnet er Jesu Kristi blod.
Jeg av slangen var grusomt fangen, Men har av nåde et freidig mot.
For Immanuel gikk i striden, Løven av Juda seier vant,
Slangens motstand ble altfor liten, Jeg en evig forløsning fant.
(195)

Den danske presten Vilhelm Birkedal skriv at han først fekk erfare korset som «forargelens gåte». Slik vil nok menneske oppleve korset så ofte, før dei finn fred med sin Gud. Likevel er det mange hjarto som skjelv, om det ikkje ser slik ut. Han skriv:

Jeg så ham som mann i den modnere sommer,
Da synderen skalv for den hellige dommer,
Da hjertet slo tungt og mitt hode var senket,
Og dødstanken strengt hadde livsmotet lenket.

Først da fikk jeg kjenne hans salige nåde,
Først da løstes korsets, forargelsens gåte.
Først da lærte hjertet å favne den byrde
Som han har meg rakt, den forbarmende hyrde. (517)

Nordmannen Carl Bang var akademikar. Han var fødd i 1880 og levde til 1960. Etter at han hadde teke artium i 1908 studerte han filosofi og reiste til Tyskland og Belgia for kuststudiar.

Han var dyktig og flink, og såg gjerne for seg ein lysande karriere. Han byrja som kunstanmeldar i Morgenbladet i Kristiania i 1914, men berre 4 år seinare vart han alvorleg sjuk og måtte slutta i avisa. Gud brukte korset og nauda for å dra han inn til seg, og no fekk han bruk for ordet om korset og blodet.

Gjennom sjukdommen fann han fred med Gud, og «hadde fra da av en eneste interesse – Kristus og hans rike.» (Kristen song og musikk, 1962)

Han skreiv og oversette mange salmar og songar, og gav ut diktsamlingar. Han er gjerne mest kjend for songen som han skreiv berre 3 år etter at han vart sjuk i 1921, der han sjølv gjerne hadde vore mellom dei «selvkloke». Innhaldet har noko evigvarande over seg, og bodskapen rekk inn i dei himmelske salar:

Det blir sunget en sang av enfoldige små,
Men de selvkloke vil ikke høre derpå.
Den blir sunget i dag, som de sang den i går
Det er sangen som lærdommen ikke forstår.

Den ble skrevet i himlen før jorden ble skapt,
Den gav Adam et håp dengang slekten gikk tapt.
Gjennom Sinais torden og luende ild.
Ble den hørt som en regnbyges susen så mild.

Det er sangen om blodet – Guds evige pakt
– Om det hellige offer han selv har fullbrakt.
Det er sangen om blodet, den kostbare pris,
Som alene kan åpne et stengt paradis.

Den blir født under smerte, i sykdom og strid.
Den har levet tross kamp i århundreders tid.
Den er sunget i ensomhet, sunget i kor.
Og den synges – tross hån – over hele vår jord.

Det er brudgommens sang båret frem av hans brud.
Den er enkel som barnet, sannferdig som Gud.
Har du lært den på jorden – og fikk du den kjær,
Skal du synge den evig med himlenes hær.
(242)

Slik har ordet om korset og blodet lydd gjennom historien frå den første morgon og inntil i dag. Alle dei som lytta til den bodskapen og gav den rom i sitt hjarta, fekk erfare Guds kraft til frelse gjennom den. Denne bodskapen vil aldri misse si kraft!

Skrevet av Dag Rune Lid