«Vakna, du som søv!»

Bibelen lærer at det er ei evig fortaping. Denne sanninga må forkynnast i tale og skrift i håp om at kvar ei ufrelst sjel kunne vakna opp for alvoret med å vera menneske. Livet har to utgangar, evig frelse eller evig fortaping. Predikantar, prestar og biskopar byssar folket i svevn. Fortapinga blir fornekta eller ikkje tala over.

Gravferds-ritualet
Ikkje eingong i gravferder er det lenger råd å høyra eit alvorsord om livets to utgangar, men dei gjev den døde over i «Herrens hender» – til falsk trøyst for pårørande og resten av forsamlinga. I døds-augneblinken fer sjela til sin tilviste plass: Anten til Paradis, himmelens venterom, eller til dødsriket, helvetes venterom, også der i pine (Luk 16:22-23).

Så når presten overgjev den døde i «Herrens hender», er han altfor seint ute. Det er ikkje anna enn til sovemedisin for tilhøyrarane. Kvifor blir denne meiningslause skikken brukt? Er det biskopen som vil det? Uansett er det ein ukristeleg uskikk. I gravferdsritualet blir det mellom anna lese (på bokmål): «La oss høre hva den hellige skrift vitner om dette livets forgjengelighet, og om døden og dommen: «Før fjellene var …» (Sal 90:2-6). Og vidare: «Den time kommer da alle de som er i gravene skal høre hans røst. Og de skal komme ut, – de som har gjort det gode, til livets oppstandelse, men de som har gjort det onde, til dommens oppstandelse» (Joh 5:28- 29).

Dette siste har eg ikkje ein einaste gong høyrt lese av prestane på min heimstad, og det er vel det same andre stader? Altså ingen ting om døden og domen (som nemnt i gravferdsritualet, sjå over!). Kvifor? Er det fordi at dei sovande ikkje skal vakna? Eller er det fordi vektarane har sovna? (Jes 56:10) I alle fall er det svikt og svik når presten seier at vi skal få høyra om «døden og dommen» når han ikkje føreheld seg til det han har sagt.

Forkynninga på bedehusa
Det er også i bedehus-samanheng sjeldan å høyra om ei evig fortaping. Det hoppar ein lett over. Nå er det ikkje nok berre å nemna ordet «helvete». Det må forkynnast slik at tilhøyrarane får møta ein heilag Gud.

Den som les sin bibel, treng ikkje vera i uvisse om det er ei fortaping. Ja vel, men det er ingen som kan skræmast inn i himmelen! Nei, ikkje direkte, men indirekte! Eg treng ikkje gå lenger enn til meg sjølv. Før eg vart ein kristen, spurde eg ein kristen, ein nær kjenning, om han trudde det var ei evig fortaping. Det bekrefta han. Det var med og vekte meg. Dette alvoret gjer oss òg meir redde for å synda.

Ein kvar kristen kan gå til si eiga forsamling og bli klar over kor sjeldan dette emnet kjem fram i forkynninga. Trua på helvete er nyttig. Eg trur ikkje at så mange ville teke sitt eige liv om dei trudde at evig pine ventar bak død og grav for kvar og ein som ikkje er frelst. Eg trur at dette alvoret òg kan gjera ein meir redd for synda og samstundes vera eit kall til omvending.

Menneskefrykt
Til deg som aldri har vore nokon kristen, men veit at du burde verta det; du er redd for kva ektemaken vil seia, eller kva vener og kjende vil seia om du blir ein kristen. Alle som er blitt kristne har måtta overvinna slike hindringar. Kva er vel det mot å gå evig fortapt!?

Og om du som bekjenner deg som ein kristen, skulle oppdaga at du har levd i sjølvbedrag; ja, så var det det beste som kunne henda deg – mot det å bedra seg sjølv og gå evig fortapt. Tal du berre ut med Jesus om det, så vil han ta seg av deg. Det er mange som har kome i ein slik situasjon. Vi må alltid få vera under Guds ransakande nåde. Han vil at du skal bli berga frå å gå fortapt. «Han som vil at alle menneske skal verta frelste og koma til å kjenna sanninga» (1Tim 2:4).

Frelse for ugudelege
Kvifor kom Jesus? Han kom for å frelsa oss frå ei evig fortaping. Trur du han måtte gjennomgå det han gjorde, dersom det ikkje var nødvendig til vår frelse? Sjå han i Getsemane og på Golgata kva han måtte lida for deg og meg og alle menneske! Og du bryr deg kanskje ikkje? Jesus gjorde alt ferdig for oss. Han sona vår synd, han levde vårt liv etter dei ti boda som fordømde oss til helvete, dersom vi ikkje oppfylde dei.

Han vart og er vår «Stedfortreder». Då synda var sona og gjelda betalt, kunne han proklamera: «Det er fullført!» Då var alt ordna som du og eg hadde bruk for til frelse. Og dette er gjort for ugudelege! Om ikkje det var slik, kven kunne då verta frelst? Vil du fortene nåden for eitt eller anna, får du ingen nåde. Nåde får berre den som er skuldig og ikkje har noko å betala med.

«Kva skal vi då seia at Abraham, far vår, oppnådde etter kjøtet? Dersom Abraham vart rettferdiggjord på grunn av gjerningar, då har han noko å rosa seg av. Men det har han ikkje for Gud. For kva seier Skrifta: Abraham trudde Gud, og det vart rekna han til rettferd. Den som har gjerningar, får ikkje løna av nåde, men som noko han har fortent. Den derimot som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege, han får si tru tilrekna som rettferd» (Rom 4:1-5).