Stikket i hjarta

«Men då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta.» Apg 2:36-37

Det er ikkje så ofte ein merkar stikket på våre møte, slik det skjedde då Peter tala Guds ord på pinsedagen. No står det ikkje i vår makt å produsera stikket. Det stod heller ikkje i Peter si makt. Det var Den Heilage Ande som fekk bruka Peter sin munn.

Kva er galt?
Kan dette skje i dag? Det er predikantar som tilsynelatande forkynner både lov og evangelium. Vi kan på ein måte seia «ja og amen» til det som blir sagt, men stikket uteblir. Vi kan høyra «rett» forkynning utan at vi får med Gud å gjera. Ein kan ikkje peika på noko konkret som er direkte galt.

Tidlegare bibelskulelærar, Øivind Andersen, har sagt det slik: «Det er ikke det de sier det er noe galt med, men det de ikke sier!» Og i ein annan tale om same sak: «… men de sier ikke alt!» Same Andersen fortel i ein tale om at han og Tormod Vågen vart kalla inn til Ludvig Hope. Eg attgjev det etter minnet, men det var omtrent slik:

Hope sa til dei at han ingen ting hadde å utsetja på forkynninga deira, tvert imot; dei tala visst berre betre enn han sjølv: «Men», sa han, «de har ikkje Den Heilage Ande med dykk når de forkynner!» Andersen avsluttar med desse orda: «Hvordan tror du det kjentes?» Er det vår situasjon i dag?

Forkynning som kan skapa stikket
Kva var det Peter forkynte som resulterte i vekkjing? I Apg 2:23 les vi: «… de slo han i hel då de nagla han til krossen ved lovlause menns hender». De slo han i hel, men de fekk andre til å gjera det for dykk! Og i vers 36: «… denne Jesus, han som de krossfeste». Det var då dei høyrde dette at det stakk dei i hjarta; og vekkjinga tok til. Vi må òg få sjå vår synd. Vi, liksom dei.

Stefanus tala til jødane før han vart steina: «De som har teke imot lova, som vart gjeven av englar, og ikkje har halde henne! Men då dei høyrde det, stakk det dei i hjarta, og dei skar tenner mot han» (Apg 7:53-54). Her òg var vekkjings-tale, men han vart ikkje teken imot.

Tilsvarande gjorde profeten Natan overfor David – med fare for sitt eige liv: «Du er mannen!» David tok imot Guds ord – og vart berga.

Det bør vera ein forkynnars store ansvar og omsorg å visa tilhøyrarane deira synd liksom han sjølv må få sjå si eiga synd, så vi får reell bruk for ein frelsar. Vi må verta førde inn for Herrens åsyn med vårt liv. Peter tala konkret om folket si synd. Kva var så redninga? At dei erkjende si synd. Dei spurde kva dei skulle gjera. Og Peter sa: «Vend om …» Her ser vi kva slags forkynning som kan resultera i at vi
kjenner stikket i hjarta. Stikket i hjarta er til vekkjing for den som kjenner det. Då vert vi stilte på val. Vil vi ha vekkjing? Står vi imot? Tek du vare på det som uroar deg? Eller skuvar d u det frå deg og prøver å undertrykkja det?

Kva gjer du og eg når vi høyrer loven og formaningane forkynt? Tek vi imot det, eller blir det stempla som lovisk tale? Eg nemner dette for det er ikkje alle som veit å skilja rett mellom «loven» og «lovisk». Dessutan blir forkynninga av formaningane ofte oppfatta som lovisk tale.

Korleis kan vi sjå vår synd og leva eit rett kristenliv dersom vi berre tek til oss det som passar oss? Skal vi ikkje ta imot alt Guds ord? Du kjem ikkje under loven av den grunn. Nei, då får du sjå di synd og får bruk for ein frelsar. Sortérer du derimot Guds ord, så blir loven og evangeliet berre teori – og synda blir ufarleg.

Ein ny fødsel
Det vart sagt av ein no avdød predikant at det ikkje er nok berre å preika lov og evangelium, det må også forkynnast ein ny fødsel. (Det gjeld ikkje berre Nikodemus!)

I «Gullgruben» av C. Asschenfeldt- Hansen står det i utlegginga av 1Kor 14:8 (s. 99): «Jo mer brodden tas bort fra Ordet, jo sterkere vil inntrykket bli av fred og ingen fare, slik Jeremia bebreider de falske profetene for deres forkynnelse (Jer 6:14): «De leger mitt folks skade på lettferdig vis, idet de sier: Fred! Fred! Og det er ingen fred.» Her må enhver predikant prøve seg selv.»

Loven vert forkynt på en læremessig måte som ikkje fører til død. Ei slik forkynning fører til at det ikkje vert sett skilje i forsamlinga; skiljet mellom gjenfødt og ugjenfødt, født av mannsvilje eller født av Gud, mellom død og levande tru. Dette høyrde vi meir av før. Eg hugsar spesielt frå min ungdom. Den første tida då eg fekk ta til meg evangeliet og gleda meg i det fullbragte verket på Golgata. Guds
ord vart forkynt som at det alltid var ufrelste personar i forsamlinga, sjølv om alle gjekk under kristen-namnet. Det var ransakande og til sjølvprøving. Vi fekk med Gud å gjera, og vart avkledde alt vårt eige. Då var det godt å få høyra evangeliet.

Korleis er det i dag? No er forkynninga mykje slik at ein helst reknar med at heile forsamlinga er frelst. Her ligg eit stort ansvar på forkynnaren. Det går an å forkynna slik at han unngår brodden i si forkynning, og alle talar vél om han. Han forkynner jo evangeliet så klart! Ja, utan at det gjer noko med oss! Eg er redd at dette førekjem i alle lutherske organisasjonar og forsamlingar. Når eg seier alle, så meiner eg alle; ingen undanteke – ingen! (Tek eg feil, er ingen ting betre!)

Her trur eg det kan vera ein stor fare for ein forkynnar. Det er at du i di forkynning tek omsyn til éin eller fleire av tilhøyrarane i forsamlinga, eller heile møtelyden, at det får prega di forkynning. Då meiner eg ei forkynning der du beheld di eiga ære og gjerne får rosande omtale. Er det slik, trur eg ikkje at du har Guds velsigning over arbeidet, sjølv om du meiner deg å forkynna både lov og evangelium. Ja men vart ikkje Paulus elska for si forkynning? Det vart han, men han vart også hata, på same måten som det gjekk med Jesus. Eg vil tru at det meir og mindre er slik med kvart eit sanningsvitne.

Så kan du prøva deg sjølv på det. «Falske hensyn til mennesker er en farlig fristelse, og faller en i den, mister en sin åndelige kraft» (C. Asschenfeldt- Hansen). Kvar er krafta i dag?

Dessutan må alvoret med ei evig pine i fortapinga, få meir plass i forkynninga – slik eg ser det. Her gjeld det å bli berga frå helvete! Skal vi bli berga, så må også evangeliet forkynnast. Men problemet er at ingen av seg sjølv vil gi slepp på si eiga-rettferd, og ingen forstår seg inn i Guds rike.

Gje Gud rett
«Tollmenn og skjøkjer kjem før inn i Guds rike enn de», sa Jesus til farisearane (Mat 2l:3lb). «Og alt folket som høyrde han, tollmennene med, gav Gud rett og let seg døypa med Johannes-dåpen. Men farisearane og dei lovlærde gjorde Guds råd til inkje for seg og let seg ikkje døypa av han» (Luk 7:29-30). Det er fint å sjå at alt folket, og tollmennene med, gav Gud rett og let seg døypa. Dei hadde ingen ting å berga! Og nå var synda blitt synd for dei.

Åndeleg rikdom
Kva kjenneteiknar ein farisear? Han har så mykje «kristendom» å ta vare på. Det vil han ikkje gje slepp på. Du som har ditt liv i din eigen kristendom, korleis reagerer du på ransakande forkynning? Du er redd for å missa det som er din åndelege rikdom som du set di lit til. For misser du det, har du ingen ting att, for du har aldri hatt verkeleg bruk for Jesus åleine. Sjølvsagt er Jesus det viktigaste. Men det er sjølvsagt!

Ein sann kristen er villig til å la seg avkle og bli fråteken alt som han vil trøysta seg til i tillegg til Jesus åleine. Då Johannes døypte, skjedde det i og med vedkjenning av synd, og det må ha vore ei stor audmjuking å bekjenna si synd nærast offentleg. Ei ransakande forkynning vil ikkje ta Jesus frå deg, berre dine falske trøystegrunnar og visa deg di synd.

Åndeleg fattigdom
Det kan vera unntak, men evangeliet må alltid vera med. Det vil alltid vera ein og annan som er i behov av det. Så er ikkje vår fattigdom problemet. Evangeliet er nettopp for slike som ikkje har noko å bidra med til si frelse. Den som er rik i seg sjølv, høyrer det same evangeliet, men det blir han til inga nytte. «Hungrande metta han med gode gåver, men rikfolk sende han tomhendte bort» (Luk 1:53). Men vi kan ikkje av den grunn unnlata å forkynna evangeliet.

Det er viktig at både loven og evangeliet blir forkynt. Dei må berre ikkje blandast saman. Loven må få vera lov, og evangeliet må få vera evangelium. Der forkynnaren og forkynninga har dette skiljet i seg, skjer det ein dødsog livsprosess hjå den som høyrer og tek imot Ordet. Alt eins eige blir dømt, og ein fattar tillit til Jesus. Jesus åleine. Når alt blir teke frå oss, får vi bruk for ein stedfortreder, ikkje før. Mykje av den såkalla lov- og evangelie-forkynninga i dag, tek ikkje vårt liv. Difor blir evangeliet berre ein aksept i vår tanke, men ikkje mat for vår sjel. Er det slik, så kan førnemnde Jer 6:14 anvendast på oss og vår tid.

Skal folket vårt og landet bli berga, så må det forkynnast til vekkjing. Skal vi få vekkjing, vil eg tru at det er naturleg at vekkjinga må koma blant slike som høyrer Guds ord. Blant dei er du og eg som går under kristen-namnet.