Referat fra Haustleir 2020

23.-25. oktober var det haustleir på Ersdalstun. Det var kring 50 ungdomar samla. Både austlendingar, vestlendingar, sørlendingar og trøndarar var til stades. Sjølv om det er mange retningslinjer å fohalda seg til for tida, var det lagt veldig godt til rette.

Deltakarane vart blant anna delt opp i kohortar, det var eige kjøkkenpersonell, og i tillegg var det spritflasker i omtrent kvart einaste rom. Asbjørn Fossli, Kristian Fjære og Tobias Fjell var med som talarar.

Deltakane kom til leirstaden utover kvelden. Nokon kom med bil, medan andre reiste med fly. Dei fleste kom tidsnok til kveldsmaten, medan andre kom seinare på kvelden. Asbjørn Fossli hadde kveldsmøte på fredagskvelden. Han tok føre seg Daniel 3, om venene til Daniel. Teksten omhandlar historia om Sadrak, Mesak og Abed-Nego som vert kasta i eldomnen, og som kjem ut att utan noko skade, av di Herren hadde heldt si hand over dei. Venene til Daniel stolte blindt på at det som hendte var Guds vilje. Dei viser ein veldig tillit til Gud. Det seier oss at ein ikkje treng å frykta noko når ein er under Guds beskyttelse, men at ein heller skal akta på løftene hans. Etter møtet var det snacks, spel og prat.

Kristian Fjære hadde eitt av formiddagsmøta på laurdagen. Han tok utgangspunkt i Sal 86:11a: «Lær meg, Herre, din veg!» Av natur er ein i fiendskap til Gud, og vil eigentleg ikkje gå på denne vegen. Vegen til himmelen er smal, og det er få som går på denne vegen. Jesus er vegen til Himmelen. Den som fylgjer Jesus, går på himmelvegen.

Tobias Fjell hadde det andre formiddagsmøtet. Han tok opp dei tre fyrste kapitla i Romarbrevet. I Rom 1 var temaet «Guds dom over synda». All synd er under Guds vreide og dom. Ein kristen kan ikkje leva i synda og forsvara ho. Temaet i Rom 2 var «Ei feil omvending». Ein som lever i ei feil omvending peiker gjerne på syndene hjå dei andre, men ser ikkje at dei sjølve lever i synd. Dei tenker det ikkje er nok å berre høyra, men ein må òg gjera. Å vera kristen handlar ikkje om å gjera så godt ein kan, for Gud er ikkje fornøgd om ikkje heile lova er fulgt etter punkt og prikke. På dette stadiet er ein endå under Guds dom. Så mister ein trua etter kvart, og ser at ein ikkje kan oppfylla krava. Ein får ikkje til å fylgja lova etter punkt og prikke. Det er det sanne bilete av den kristne. Det er her Gud vil ha ein. Temaet i Rom 3 var «Frelse for fortapte». Jesus tok din plass, så hans plass er ledig for deg. Han har oppfylt heile lova. Kun i Jesus står ein rein for Gud og får koma inn i Himmelen.

Etter formiddagsmøta var det aktivitetar på Sira skule. Kohortane bytta på å vera inne og ute. Ute var det fotball, og inne hadde Olav Fossdal ulike aktivitetar. Det var til dømes stikkball, ein fotball-variant og diverse konkurransar med premiering.

Tilbake på Ersdalstun vart det servert taco. Elles gjekk ettermiddagen med til spel, prat og leik på leirstaden. Asbjørn Fossli hadde kveldsmøtet. Han la fram Daniel 6,1-25 om Daniel i løvehòla. Sjølv om kongen befalte at ingen skulle tilbe nokon andre enn han, heldt Daniel fram med å be og lovprisa Gud «som han før hadde gjort». For berre i samfunn med Herren kan ein bli bevart hos Gud. Daniel er her eit førebilete for oss. Han har gode bønerutinar, og han er eit vitne for Herren. Han var «den levande Guds tenar» (v. 21), og livet til Daniel vitna om at han levde med Gud i eit oppgjort forhold. Og han skjulte ikkje kven han tilba, sjølv om det kunne kosta han livet. Samfunn med Gud er viktigare enn alt anna.

Etterpå var det vitnemøte. Det er godt å få dela det ein har sett, og peika på Jesus for kvarandre. Utpå kvelden hadde Lars Fossdal si årlege konkurransestund. Då var det både stafett og quiz.

Kristian Fjære hadde sundagsmøtet, der han tala over Rom 4,1-25. Preika handla om Abraham, og korleis ein kan gå i hans fotspor når det gjeld trua hans. «Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig» Rom. 4,3. For å koma inn i himmelen må ein vera rettferdig. “Den derimot som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege, han får si tru tilrekna som rettferd” Rom 4,5. Teksten løftar òg fram Abraham som førebilete i å ha håp og truskap til Gud. Abraham heldt fast på vona og trudde, og «Men på Guds lovnad tvila han ikke i vantru, men var sterk i si tru, med di han gav Gud ære” Rom 4:20. Tvil og vantru er ikkje det same. Vantru handlar om å ikkje villa tru. Å tru er å høyra Ordet utan å gjera motstand. Men skulle ein koma til å tvila, då går ein til Gud med det. Gå til Ordet. Guds løfter står fast til evig tid.

Takk til dykk som var med å be for leiren. Bøna har stor makt!

Skrevet av Mirjam Lid og Hanna Samdal