Livets alvor

Som ung kristen kom eg i ein samtale med ein eldre, kristen bror til å nemna
alvoret med at vi skal døy ein dag. Han for sin del tykte det var alvorligare med livet!

Han hadde nok rett i det, for korleis døden og ævelengda blir, vert ei frukt av livet mitt her. Då
er det om å gjera at vi lever slik at vi når målet vi har sett oss. «Jesus kan ikke bo i et menneske som vil huse en eneste bevisst synd eller et syndig sinn» (Andreas Fibiger).

Det står skrive om Moses at han valde heller å lida vondt saman med Guds folk eller å ha ei stuttvarig nyting av synda (Heb 11:25). Det går ikkje an for deg eller meg å vilja ha ei kortvarig nyting av synda og samtidig vera saman med Jesus og Guds folk. Det er hykleri.

Du seier gjerne at du er så svak, men Gud er jo nådig, og når du ber om tilgjeving for syndene
dine, så tilgjev Jesus deg, så du har på ein måte alt under kontroll. Du fell i synd, Jesus tilgjev. Om ein slik tilstand, seier Brorson: «Fritt de følger syndens røst, dekker seg med nådens trøst, vil av Jesus intet lære, og dog sanne kristne være».

Kva seier Jesus? «Om handa di freistar deg, så hogg henne av! Det er betre for deg at du går vanfør inn til livet, enn at du har dei to hendene dine og går bort til helvete, til elden som
ikkje kan sløkkjast, der ormen aldri døyr, og elden aldri sloknar. Og om foten din freistar deg til fall, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet enn at du har dei to føtene dine og vert kasta i helvete, der ormen deira aldri døyr, og elden aldri sloknar. Og om auga ditt freistar deg, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike enn at du har to augo og vert kasta i helvete, der ormen deira aldri døyr, og elden aldri sloknar» (Mar 9:43-48).

Jesus veit kva han snakkar om. Og han seier det for han vil berga oss frå den evige fortapinga. Det var difor han leid og døydde for oss. No går kallet ut til alle syndarar: «Kom, for alt er ferdig!» Ei ferdig frelse for ei fortapt menneskeslekt.

Å bli frelst er eit Guds under. Det skjer gjennom ein ny fødsel. At vi vil verta frelste og bestemmer oss for det, er heilt nødvendig. Det er Guds kall til oss. Men det er Den Heilage
Ande som må føra oss gjennom den tronge porten. Der får vi ikkje med oss noko av vårt eige. Der skjer det ei avkleding.

Her blir vi fråtekne nettop det som vi trur vi må ha for å vera ein kristen. Kva trur vi at vi må ha? Vi må ha ei omvending, vi må tru, vi må seia nei til synda, vi må lesa i Bibelen, vi må be og gå på møte og høyra Guds ord osv. Alt dette må vi bli fråtekne! Kvifor? For vi har fått – eller vil ha – vår trøyst i det! Jamen, eg trur jo på Jesus! Ja, du trur på Jesus og på alt det positive som har skjedd med deg.

Du byggjer halvt på Jesus, halvt på deg. Men no skal alt ditt eige takast frå deg! Det er det som skjer i ei sann omvending, og det gjentek seg i kristenlivet. Då står du att heilt ribba for
alt ditt eige. Men det er heller ingen ting å samla på! Jesus vil at du skal ha ditt alt i han, og i han åleine. Difor kan du berre gi slepp på dine verdisaker! Jesus har ikkje bruk for dei.

Jesus er vår løysepenge. Med sitt eige liv og blod kjøpte han oss vår fridom. «Du er ikke så mye verd verken med dine synder eller med din omvendelse. Du går med på det store kjøpet»
(C. O. Rosenius).

Jesus kom ikkje for slike som lukkast med sitt kristenliv. Han kom for ei fortapt menneskeslekt. Så må du innsjå og gå med på at du høyrer til denne slekta. Frelseverket er gjort for uverdige og fortapte. Var det ikkje slik, så var alt håp ute. Alt det du må missa, har du fått i Jesus. Han levde
ditt liv, han trudde fullt og fast på Gud, han sa nei til synda, han ba og han streid, han hadde reine tankar og gjorde aldri ei synd, og han tok straffa for dine synder på seg. Han måtte smaka den evige fortapinga for at du skulle gå fri.

Denne personen er din stedfortreder, ein mann i staden for deg – som har ordna opp med Gud på dine vegne! «Korleis skal då vi koma unna om vi ikkje vørder så stor ei frelse» (Heb 2:3a). Vi strevar ofte med å «kristna» gamle Adam, men han har ikkje livsrett, han skal døy!

«Kva skal vi då seia at Abraham, far vår, oppnådde etter kjøtet?» (Rom 4:1). Det kan du lesa i fortsetjinga i vers 2-4. Og i vers 5 les vi: «Den derimot som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege, han får si tru tilrekna som rettferd».

Abraham vart rettferdiggjort som ein ugudeleg. Det gjer vi og! Du treng difor ikkje ha noko i tillegg til det som Jesus alt har gjort for deg.

«Men er det av nåde, då er det ikkje lenger av gjerningar. Elles vert nåden ikkje lenger nåde» (Rom 11:6). Kva så med vegen vidare framover? Det er to ting eg då tenkjer på. For det første, søk dagleg å eiga frelsevissa. For det andre, be om å få sjå så mykje av di synd at du alltid har
reell bruk for det som Jesus har gjort for deg.