Framtid og von!

«For eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er fredstankar og ikkje tankar til ulukke. Eg vil gje dykk framtid og von» (Jer 29:11).

Me lever i urolege tider. Nyheitene, som møter oss dagleg gjennom alle dei ulike mediekanalane, skapar lett frykt og angst i menneskehjarto. Det oppleves nok som grunnen sviktar under føtene for mange. Det som før var vesentleg, vert plutseleg heilt uvesentleg når det vert snakk om liv og død.

Fødselsrier

For den som les sin Bibel er det ikkje tvil om at me er inne i den siste tid før Jesus kjem i sky for å hente sine. Då står det om mange ting som skal skje, gjerne verre enn det me no opplever med koronaviruset.

Om me les Johannes Openberring høyrest det veldig dramatisk ut mykje av det som skal skje framover. Men Guds ord har gått i oppfylling til minste detalj fram til i dag, og alt vil gå i oppfylling slik Ordet talar. Koronaviruset er nok ein forsmak på det som er i vente.

Bibelen omtalar hendingane som no skjer som fødselsvear. Dei dramatiske hendingane kjem oftare og dei vert større for kvar gong, men mellom riene er det rolegare periodar. Dess nærare me vert forløysing, og Guds folk vert henta heim, vil styrken på riene auke slik me no opplever.

Hensikta med riene og det som skjer, er at menneska skal vekkjast opp og omvende seg til sin Skapar. Det skal varsle menneska om at no kjem Jesus att for å hente sine. Kallet lyder: Vend om medan det enno er nådetid!

Frykt ikkje

Det som no skjer vitnar om at Gud har kontrollen, og at det han har sagt det går i oppfylling til minste detalj. Difor må det ikkje skape frykt og redsle hjå den truande.

Jesus seier sjølv til sine:

«Når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For det lir mot utløysinga dykkar» (Luk 21:26-28).

Den som har teke imot Jesus som sin personlege frelsar, og gitt Guds ord rett – det menneske er trygg i all fare!

Det er fortalt at ein journalist frå London til slutt klarte å finne misjonæren David Livingstone (1813-1873) i Afrikas jungel. Han undra seg sikkert på at Livingstone kunne finne på at ta ut på så farlege reiser. Då er det at David Livingstone svarar: «En mann er udødelig inntil hans gjerning er gjort.»

Slik er det! Herren er med sine kvar dag til dei er heime. Når deira livsgjerning er fullført, ventar den himmelske herlegdom. Der vil det ikkje vere naud, smerte og frykt – men ein evig fred og glede.

Eg vil gje

Det er profeten Jeremia som skriver dette innleiingsverset til Guds folk i Babel. Dei hadde synda mot Herren, dei hadde forkasta hans ord, dei ville ikkje gje Guds ord rett. Kva skjer? Jau, Herrens dom ramma på ulik vis, og til slutt vart dei bortførte frå Jerusalem til Babel som fangar.

No hadde dei med eigne augo fått sett at Guds ord gjekk i oppfylling og var sanning, og dei kjende nok på dommen i hjarta. Tenk då å få høyre denne bodskapen frå Herren sjølv:

«Eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er fredstankar og ikkje tankar til ulukke. Eg vil gje dykk framtid og von.»

Dei kjende gjerne på at dei var fortapte syndarar og forkasta, men så seier Herren: Eg vil gje dykk framtid og von!

«Høyr så skal dykkar sjel leve» (Jes 55:3).

Gjennom profetens ord får dei også høyre frå Herren:

«Du har berre trøytta meg med syndene dine, og gjeve meg møde med misgjerningane dine. Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningane dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug» (Jes 43:23-25).

Herren ville slette ut misgjerningane deira for si skuld, og syndene deira ville han ikkje kome meir i hug – om dei ville høyre og vende om til han.

Så lyder den same bodskapen til deg og meg i dag også. Ein bodskap frå Herren til kvart einaste menneske på denne jord, som kan frykte koronavirus, som kan kjenne på synd og skyld, som kan kjenne på frykt og angst for framtida. Eg vil gje dykk framtid og von!

«Vend om til meg, for eg løyser deg ut!» (Jes 44:22)

Alle dei som tok imot

Årsaka til at Jesus kan gje framtid og von både for tid og æve ligg i dette:

«Han strauk ut skuldbrevet mot oss, som var skrive med bod, det som gjekk oss imot. Det tok han bort då han nagla det til krossen» (Kol 2:14).

Difor seier også Bibelen:

«Alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans» (Joh 1:12).

Den som tek imot denne bodskapen kan få oppleve å få eige fred og trøyst her og no, sjølv om frykt og angst vert spreidd gjennom dei tallause informasjonskanalane rundt oss på nettet.

«Å eie Guds fred er en dyrebar skatt, Den trøster og styrker ved dag og ved natt,
Den fyller mitt hjerte med glede og fryd, Den vakkert meg smykker med ære og pryd.

Når Jesus er min, jeg i hjertet har ro, Og salig jeg er når hos ham jeg får bo.
Min synd har han sonet og gjelden betalt, Han gav meg seg selv, og nå eier jeg alt.» (Sangboken nr. 389, vers 1 & 2)

Den som får møte Jesus til frelse, er trygg i møte med både liv og død. Jesus seier sjølv: Far min har gjeve dei til meg … og ingen kan riva dei ut or handa åt Far min. (Joh 10:29). Her er framtid og von også for deg og meg!

Skrevet av Dag Rune Lid