Jesus, takk at du betalte

For ei tid sidan var det ein som spurde om eg ikkje kunne skriva ein song! Tanken bak det var vel at når eg skriv såpass mykje som eg gjer, kunne eg vel like godt skriva ein song! Den evna har eg aldri
hatt, så eg tenkte ikkje noko meir på det.

Likevel, om det ikkje vart ein song, vart det heilt uventa eit vers! Det hadde seg slik at ei natt eg ikkje fekk sova og vart sitjande oppe, dukka ei sångstrofe opp i minnet:

«Gud når du til regnskap kaller».

Det viste seg å vera første strofa i songen på nr. 165 i Songboka som er skriven av av Magnus Brostrup Landstad. Etter å ha lese gjennom han, vart det slik for meg at her mangla det eit vers! Ikkje fordi at songen berre hadde to vers, men fordi eg fekk ei kjensle av at her kunne vore sagt noko meir. Songen var på ein måte ikkje fullført. Eg tenkjer då mest på setninga: «Jesus, kom med dine summer,
og min gjeld for meg betal!»

Eg fann skrivesaker for å prøva synleggjera for meg sjølv kva eg eigentleg sakna. Det enda med eit tredje vers i songen, som eg tek med til sist:

Gud når du til regnskap kaller
meg for alt hva jeg har gjort,
finnes, akk, i hver en alder
livets ansvar tungt og stort.
Skyld og gjeld og synd og brøde,
mange, mange tusen pund!
Herre, hvordan kan jeg møte
frem for deg i regnskaps stund?

For din nådetrone faller
jeg med ydmyk anger ned,
ber og roper og påkaller:
Herre, ha tålmodighet!
Jesus, kom med dine summer,
og min gjeld for meg betal!
Frels min sjel fra evig kummer,
be meg inn i himlens sal!

Jesus, takk at du betalte
all min gjeld og synd og skam!
Hva du led jeg ei kan fatte,
det går over min forstand.
På ditt kors jeg ser deg lide.
All min synd ble gjort til din;
Derfor ble en fullbrakt frelse
helt og fullt blitt gjort til min!