Søk
Close this search box.
Søk

Referat frå skileiren i Valdres 20.-23. februar 2020

I år var me samla ein flokk på omtrent 30 ungdomar på Åreeld leirstad. Det var folk frå både nord, sør, aust og vest representerte på leiren. Med som leiarar og talarar var Reidar Heian, Fredrik Thorbjørnsen, Asbjørn Fossli og Sigbjørn Agnalt.

Ut på tur, aldri sur!

På fredagen var det strålande sol og fine skiforhold. Nokon gjekk på tur til Gribbe, andre til Varden, og atter andre gjekk ned til hoppbakken. Det var bål, grilling, rett-i-koppen og skihopp ved hoppbakken før ein gjekk opp att. På laurdagen var det meldt ein god del vind, så det vart ikkje noko fellesstur til hoppbakken. I staden vart det leik og moro på ski i nærleiken av Hermannsstølen. Det var blant anna hopp og ski-cross-løype.

På torsdagskvelden var det ei samling etter kveldsmaten. Der fortalte Reidar om napalm-jenta som vart ein kristen. Ho var eit av offera då det vart sleppt ei napalmbombe over landsbyen hennar i Vietnam. Foreldra hennar vart òg kristne etter kvart. Då mora vart kristen, begynte ho å be for resten av barneflokken.

Ho bad gjerne fem til seks gongar kvar dag. I dag er alle dei åtte syskena vedkjennande kristne. «Det er makt i de foldede hender!»

Hyrdingen og sauene i flokken

Fredag hadde Fredrik eit føremiddagsmøte. Han snakka om hyrdingen og sauene i flokken. Han fortalte om eit beite som skulle verta utsletta av ein stor skogbrann. Nokre sauer ynskjer å fylgja hyrdingen som vil redda sauene, medan andre ikkje bryr seg. I flokken er det ulike sauer.

Den ustyrlege sauen vil heile tida gå sin eigen veg, fryktar ikkje rovdyr eller stup, og aktar ikkje på hyrdingens røyst. Sauen opplever hyrdingen som ei plage som stadig er etter den, og som til og med bruker hyrdestaven på den.

Den livredde sauen ser på alt som skummelt og vanskeleg, og gløymer at det er ein hyrding som passar på.

Den skrøpelege sauen er òg ein del av flokken. Denne sauen haltar og har dårleg syn, og det fører til at den av og til hamnar langt borte frå resten av flokken, og må søkast opp att. Sauen er fullt klar over sine feil, men er likevel takksam for hyrdingen ville berga òg ein slik sau.

Det er òg ei sau i flokken som er sjølvgod. Så lenge hyrdingen leier på dei vegane som den sjølvgode sauen òg har tenkt seg på, går det veldig greitt. Når hyrdingen derimot vel andre vegar, er ikkje den sjølvgode sauen fornøygd. Sauen byrjar òg å sjå skavankane til dei andre i flokken etter kvart. Nokon haltar, og nokon er skitne, andre gjer stygge ting mot andre, og atter andre veit ikkje å passa seg for ulven. Den sjølvgode sauen prøver gjerne å snakka fornuft til hyrdingen ved å fortelja han at flokken burde reinskast. Dei skrøpelege burde ein kvitta seg med, meiner sauen. Hyrdingen svarer at sauen må verta født på ny. Den sjølvgode sauen byrjar å snakka rundt i flokken, og lager avstand, kulde og parti. Sauen splittar flokken, og sauene vert spreidde utover som enkle bytte for ulven. Utan at sauen er klar over det, tener den ulven sine interesser, sjølv om den ser ut som ein sau i seg sjølv.

Jesus seier:

Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, likesom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet mitt til for sauene. (Joh 10:14-15)

Kjenner du han? Du er vel ikkje ein av dei som er att på beitet, og ikkje eingong ville fylgja hyrdingen?

Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg og kjenn mine mangfaldige tankar, sjå om eg er på fortapingsvegen, og lei meg på ævevegen! (Sal 139:23-24)

Ved Jesu føter

Asbjørn hadde føremiddagsmøtet på laurdagen. Tema var «Hvorfor må vi lese og høre Guds ord?», med utgangspunkt i Luk 10:38-42. Maria valde den gode del når ho sette seg ned ved Jesu føter. Det er ein rett kvar og ein har, å få setja seg ned ved Jesu føter. Denne retten må ein ikkje la noko eller nokon ta ifrå seg! I praksis kan det vera å gå på møte, samlast om Guds ord i heimen, eller å lesa i Bibelen for seg sjølv.

Teksten om Marta og Maria handlar fyrst og fremst om viktigheita av å høyra Guds ord. Likevel hender det at ein skal gjera noko anna. Det er rett å prioritera samlingar om Guds ord, men nokre gongar kan det vera nødvendig å prioritera vår neste sitt behov framfor å gå på møte. Den største faren er likevel å verta oppteken med alt som kan gjerast. Hjarta og sinn må ikkje verta så fullt at det ikkje er plass til Jesus. Ein sluttar å fungera om ein ikkje tek til seg mat, og på same måten treng ein åndeleg føde.

På fredagen var det gruppemøte der det var fritt fram for å samtala rundt ynskjelege tema. Etter møte på laurdagskvelden vart spørsmål som var kome inn gjennomgått, og så var det vitnemøte. Mange gode vitnesbyrd vart delte.

Leirkoret song på møtet sundag føremiddag

Guds fulle rustning

Sigbjørn hadde tre møter. Han delte mellom anna ein del om Guds fulle rustning (Ef 6). Sanningsbeltet skal bindast om livet. Eit belte sitt hovudarbeid er å halda ting på plass. Ein har rettferda som brynje. Den dekkjer det mest sårbare – hjarta, og sjølve livet. Ved tru vert Jesu rettferd tilrekna oss, og den vernar oss. Den er til alle og over alle som trur. Fredens evangelium skal ein ha som skor på føtene. Det er som vernesko for ein kristen. Fredens evangelium gjev beredskap for det som ligg framom. Ein har Jesus som trua sitt skjold. Han er alltid mellom deg og fiendane dine. Vidare har ein frelsa som hjelm. Det vil sei frelsa i Jesus ved hans død og oppstode. Andens sverd høyrer eigentleg ikkje til sjølve rustninga, men det er eit våpen til forsvar og kamp. Andens sverd er det våpenet Anden bruker når han kjemper for oss og om oss. Det står at Andens sverd er Guds ord. Anden bruker Ordet. Må me få kle oss i denne rustninga, så me kan stå imot djevelens listige angrep!

Det er godt å få samlast ilag med brør og systre i Kristus. Det er gjevande både menneskeleg og åndeleg å få vera saman slik. Må det vera vår bøn at desse leirane må få vera til stor betydning for den oppveksande generasjon. Må kvar og ein få seia som songaren i leirsongen (nr. 362 i «Sangboken»):

På den klippe vil jeg bygge, Glad, frimodig, frelst og fri. Her jeg finner ly og skygge, Her går stormen meg forbi.

Mirjam Lid