Gjennombråt

I bokserien «Vårløysing» skildrer Oscar Handeland vekkelsene som kom over Norge, spesielt fra siste halvdel av 1800-tallet og framover. I det første bindet har han samlet framstillingen om forkynneren «Thormod Rettedal (1849-1909) og samtiden hans». Han var født i Forsand i Rogaland. Denne artikkelen forteller om Rettedals omvendelse, og viser hvor sterk Åndens dragende makt var på sjelene. (Redaksjonen)

Konfirmasjonsdagen kom. Thormod visste med seg sjølv at han hadde ikkje fred i hjarta, men han lengta etter å finna fred. Så står då presten framføre han og spør om han vil avseia syndene og tru.

«Eg trur eg vil det.»
«Kan du ikkje svare anderledes, gutten min»? spør presten.
«Nei», kom det støtt og stilt.
«Ja, så får jeg konfirmere deg på det da», sa presten til slutt, og Thormod slapp å flekka samvitet med ei lygn.

Ut i syndelivet
Men det blei ikkje alvor med «trua» hans. All lengting og angst som han bar på, gøymde han så godt at ingen visste om det. Han kunne ikkje koma seg til å tala ut med nokon. Og kven skulle han tru seg til?

Såleis tinga han med seg sjølv til bøna slokna både i hjarta og i munn. Men inst inne i sjela budde det endå ein bivrande angst.

Så blei faren sjuk og døydde. Thormod fylgde far sin til grava og gret. Men om- venda seg – nei, det gjorde han ikkje. No steig han ut i syndelivet med båe føtene. Han blei føraren i den villstyrne ungdomsflokken i bygda. Men fred hadde han ikkje, om han synte seg aldri så lystig.

Til Nord-Noreg
Heilt frå Rettedal var liten gut hadde han bore på ein uklår draum om å bli predikant. Stundom hadde denne trongen vore nærpå utsløkt, men han kom att. Han let seg ikkje drepa.

Det var klårt som dagen: han måtte omvenda seg, skulle Vårherre bruka han som sin bodbærar. Men det såg smått ut med det. Han blei visst aldri omvend så lenge han fór og sveiv i heimegrenda. Ut i verda måtte han, bort frå kameratlaget. Så kunne det kanskje gå lettare.

I den tida hende det ofte at folk frå Rogaland fór nordover på fiske, heilt til NordNoreg. Sommaren 1871 skulle eit slikt fiskarlag frå Høgsfjord og Strand dra nordover. Ein av dei som var med i laget heitte Thormod Norland og var frå same garden som mor til Rettedal. Han var «lesar». Om eg nå fekk meg ein slik fisketur, så blei eg kanskje omvend, tenkte Rettedal. Det vil eg rektig gjera, eg vil hyra meg med notlaget som skal avstad!

Så la han seg ned på kne og bad Vårherre at han måtte laga det så det blei råd å få reisa, mest var det om å gjera at mor og bror hans ikkje sette seg imot. Det gjorde dei no ikkje. Så bar det nordover. Det var viltre karar han hadde kome ilag med. Rettedal bar seg ikkje anten verre eller betre enn dei andre. Han var djerv og villstyren som han hadde vore. Men ein god arbeidskamerat var han.

Vekkjing
Thormod Norland var einaste kristen av dei alle. Det fall ikkje alltid så lett for han å leva som ein kristen i slikt lag. Stundom fekk dei han med å dra garna om sundagen og elles gjera andre ting som han visste var gale. Etterpå kom han alltid i stor sjelestrid, og dette kunne han ikkje løyna for den mannen han hadde rom ihop med: Per Botnebakken. Denne var ein av dei mest villstyrne i heile fiskarlaget. Men det tok så underleg om hjarterøtene når han såg at kameraten gret over syndene sine. Her var noko som han måtte bøya seg for. Her var noko han ikkje åtte, han som synda med gleda.

Tida gjekk og det leid utpå hausten. Dei hadde alt dreve fiske lenge. Då brast det ein dag for Botnebakken, han, den mest lettlynde i laget, nå gret han over syndene sine. Og sorga auka på. Det spøkte for vitet. Han gret, han skreik og bar seg som ein galning når angsten kom over han. Ingenstad fann han fred. Djevelen var ute etter han alle stader, trudde han.

Ein kveld då ein stor fiskarflåte var samla, sprang han opp på dekket, kasta seg beint ned og skreik så det høyrdest vidt og breidt. Djevelen ville tyna han, her var han, her på flekken! No reiv han seg i kjøtet med kvasse krokar! Frå dei andre båtane kom folk roande til og ville vita kva som stod på. Somme lo då dei fekk vita det, men andre tok det med alvor.

Omvending
Alvorstankane greip snart mange i fiskarlaget frå Høgsfjord. Rettedal var ein av dei. Tung og sturen gjekk han mellom dei andre. Lite tala han, men tenkte dess meir. Nå måtte det bli alvor, elles blei det aldri. Men korleis skulle det gå til med omvendinga? Korleis skulle ein bli slik at Vårherre tok imot ein? Korleis skulle ein angra og be rett? Det stod i Bibelen at ein skulle tru, men det gjekk vel ikkje an å tru før ein hadde angra rett og fått knekt synda?

Så tok han då opp striden mot synda med all si makt. Men det gjekk med han som for så mange andre: til meir han ville tyna dei vonde lystene, dess meir vaks dei. Eller rettare: til meir han lærde å kjenna seg sjølv, dess meir synd såg han i livet sitt. Endå verre blei det for han då Botnebakken vann fram til lys og fred. Kanskje han aldri kunne bli rett omvend? Andre braut seg fram, men ikkje han. Vonlaust! Vonlaust! song det for øyro hans natt og dag.

Det leid bortunder jol. Ein kveld då dei låg på hamna i Bodø gjekk Rettedal i land. Ufreden reiv og sleit i kvar nerve, alle tankar sveiv om dette eine: fred med Gud. Men han såg ingen utveg. Dette var eit fælt liv. Anten fram til Gud no, eller også vil eg kjøpa ei fela og vera med i dans og leik som før!

Nede ved hamna stod eit lite skur, der ei gamal kone selde bøker til fiskarane, mest Biblar og andre religiøse skrifter. Rettedal såg på bøkene, men hadde ikkje større hug til å kjøpa. Kona tenkte at han kanskje var pengelaus, og så sa ho at var det vondt om mynt, kunne han gjerne få ein Bibel. Ho hadde rabatt av Bibelselskapet, så ho tapte ikkje pengar om ho gav bort ei bok no og då. Rettedal svara straks at det var ikkje pengane som vanta. Med det same slo den tanken ned i han, at gamla kanskje kunne hjelpa. Og så kom han fram med tankane han bar på. Då klappa gamla han på aksla og sa: «Kjøp ein Bibel, du, og les han. Du skal ikkje angra på det». Rettedal kjøpte Bibelen og gjekk ombord att.

Den veka som no kom, var den sværaste han hadde levt. Det fanst nok inga botevon på han! Til helvete måtte han fara når døden kom, og noko anna var han ikkje verd. Men kanskje Guds nåde endå kunne berga han? Det måtte bli nåden som bar over helvetes gap: noko anna fanst ikkje å halda seg til.

Andre joledags morgon stod han tidleg opp og smaug ut på dekket. Framme i stamnen kasta han seg ned og sa til Gud: «No får det gå som det kan, eg reiser meg ikkje før du har vist meg vegen og frelst meg».

Der i fiskarbåten andre joledags morgon 1871 fann Rettedal fred. Det han ikkje kunne gjera, hadde Kristus gjort. Nåden var nok. Nei, han skulle ingenting gjera til å bli frelst, Kristus hadde gjort alt. Men no skulle han via heile livet til Gud, fordi han var frelst.

No var han glad som eit barn. Han kunne ikkje teia med det som hadde hendt. Tenk! Han hadde vunne fram. Og så klemde han i å syngja så heile fiskarflåten vakna.

«Vårløysing», band 1, Lunde & Co´s forlag, Bergen 1966