Gestemane, Golgata og fortapinga

Når eg les det som Andreas Fibiger skriv i boka «Guds Lam» om lidinga i Getsemane og på Golgata, då kan eg på ein måte forstå at frelsa er gratis for meg. Det har Jesus verkeleg fortent – på mine vegne. Med tanke på det som skjedde frå Getsemane til korsfestinga fram til kl. 12, skriv Fibiger: «Og likevel – alt dette var for intet å regne mot den sjelekvalen han led da han i disse tre timene (12-15) gikk inn i det store mørket og ble skilt fra Gud. Da var Jesus i helvete for oss. For hva er det å være i helvete? Det er å være der hvor Gud ikke er. Det er helvete, og det er helvetes verste pine og kval: den evige gudsforlattheten».

Då kan eg òg skjøna kor motbydeleg det må vera for Gud når vi blander inn noko av vårt eige i det fullførte frelseverket, endå meir sidan det er gjort ferdig for ugudelege. Skal vi verta frelste, så må vi omvenda oss, men det er serleg her vi fer vilt. Vi trur, som rett er, at vi må venda oss bort frå all synd og tru på Jesus. Det er heilt nødvendig. Når så det er gjort, og vi har gjerne gitt til kjenne at vi har tatt imot Jesus, så er det lett å tru at då er eg frelst. Saka er berre den at det ikkje er frelse i ei sjølvteken tru. Det er to ting du må erfara og tru:

For det første – at du er ein fortapt syndar.

For det andre – at frelse er gjort ferdig for nettopp slike.

Kanskje du så langt ikkje er blitt ein fortapt syndar, men du er blitt ein «kristen» og har di trøyst i at du er ein kristen ved det du har foreteke deg? Høver dette på deg, trur eg ikkje at du er frelst. Du er berre blitt ein Nikodemus – som han var før han kom til Jesus. Då må du som han bli født på ny.

Så har tankane gått til ungdomane og musikken og songen dei brukar på bedehusa. Dei held seg for seg sjølv og spelar og syng slik at dei kjøtlege lystene vert vekte. Då hjelper det ikkje at dei held seg på bedehusa – og med sine larmande songar tek Jesu-namnet i bruk. Jesus vert dregen ned i smusset. Herren seier gjennom profeten Amos: «Lat meg sleppa dei larmande songane dykkar!» (Amos 5: 23). Musikk er så visst ikkje nøytral.

Og kva slag forkynning høyrer dei? Dei går ikkje på dei vanlege møta.

Ei jente som var med i ein slik samanheng, søkte sjelesorg hos Øivind Andersen. Ut i samtalen seier Andersen noko som så: – Og etter øvingane driv de hor? Jenta måtte vedgå at slik var det. Årsaka til at Andersen stilte spørsmålet, var at han visste kva slik musikk fører med seg. Nå er dette skrive etter minnet, men eg trur at det var Galatarbrevet som vart gjennomgått. Det finst på kassett.

Når eg tek fram dette, er det fordi det er blitt så alvorleg for meg å tenkja – at mange som trur dei er på himmelvegen, er på veg til helvete. Det gjeld ikkje berre ungdommen. Det ser vi klart i Guds ord. Og vi anar noko av det når vi ser og høyrer det som går for å vera kristendom. Vi treng ikkje gå til prestar og biskopar i kyrkja for å sjå det. På bedehusa finst det mest ikkje ransakande forkynning lenger. Kven blir uroa der? Blir ikkje loven forkynt, når ikkje evangeliet hjarta, med det resultatet at vi kan koma til å tru at vi eig det som vi berre har i vår forstand. Du synest kanskje at dette skapar unødvendig angst og uro? I så fall vil eg spørja: Er det så farleg? Tenk på dei mange gongene Jesus gjorde læresveinane oppskaka og redde. Dei forlet han ikkje av den grunn.

«Ein av dykk kjem til å svika meg – ein som et saman med meg», sa Jesus. Det galdt Judas, men alle læresveinane tok det til seg: «Då kom det sorg over dei, og ein etter ein sa dei til han: Det er vel ikkje eg?» (Mar 14:18-19). Vi må la Ordet få ransaka oss. Kva gjorde det vel om læresveinane vart uroa, om berre Judas kunne bli berga! «Ransak meg Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg og kjenn mine mangfaldige tankar, sjå om eg er på fortapingsvegen, og lei meg på ævevegen» (Sal 139: 23-24). Er du så sjølvsikker at du ikkje treng å be denne bøna?

Trua er ei gåve som kjem til oss gjennom forkynninga av lov og evangelium – både første gongen og seinare i kristenlivet. Loven tek vårt liv, dvs. sjølvlivet, medan evangeliet, ordet om Jesus, gjev oss livet.

Ein sann kristen må få og få og få. Han har ingenting i seg sjølv å byggja på. Vender han augo innover i seg sjølv, finn han ingenting som held mål; tvert imot finn han berre det som dømer han. Ein kristen må sjå utover, utanfor seg sjølv skal han finna trøyst, trøyst gjennom det som Jesus har gjort og er for han. Den som ikkje har gått konkurs på sitt eige, finn si trøyst i eitt eller anna i seg sjølv, gjerne meir eller mindre ettersom det går i kristenlivet.

Eg vil minna om ein setning som har sett seg fast i meg sidan eg for mange år tilbake las det i «Samlede skrifter» på dansk, av Carl Olof Rosenius. Eg trur at Rosenius har det frå Martin Luther. «Jeg kan aldri få troen ren og saken klar – med mindre jeg forestiller meg at jeg er uten alt nådens verk i sjelen; uten omvendelse, anger og tro og forlader meg kun på Kristus, at han har gjort og gjør allting for meg».

Her er håpet knytta til Jesus åleine, til hans «stedfortreder»gjerning. Så då Jesus proklamerte at det var fullført, så var det fullført. Det var ferdig og det var nok. I dette hadde dei sitt alt.

Har du og eg noko meir å rosa oss av når det gjeld vår frelse, så må vi kvitta oss med det omgåande! Klarar vi ikkje det, får vi be Herren hjelpa oss av med det. Den bøna trur eg vil bli høyrd.