Det himmelske syn

«Difor, kong Agrippa, vart eg ikkje ulydig mot det himmelske synet.» Apg 26:19

Det er Paulus som uttrykkjer seg slik. Han sit i arrest etter klagemål frå jødane, men så får han stige fram for kong Agrippa. Kapittelet vert innleia med: «Agrippa sa då til Paulus: Du har lov til å tala om deg sjølv». Paulus får avleggje eit personleg vitnemål og forsvar framfor sjølvaste kong Agrippa.

Paulus hadde vore ein av dei fremste og mest lovande teologistudentane i Jerusalem. Han var dyktig og flink. Han hadde site ved den lærde Gamaliel sine føter – den fremste teologiske læraren i Israel i denne tid. Paulus var på veg til å verte ein stor åndeleg lærar og leiar i sitt folk.

I dette vitnesbyrdet frå Paulus får me høyre om eit møte med himmelens Gud som gjer at heile Paulus sitt liv vert forandra. Paulus såg på seg sjølv som ein rettskaffen mann. Ytre sett var han ulastande etter Guds ord, seier han sjølv. Han var overtydd om at han tente Gud og var på veg til himmelen, men han levde i sjølvbedrag. På tross av at han trudde alt var i orden.

Bibelen vitnar om at mange menneske skal vere som Paulus. Dei skal tru at dei er på himmelveg, men ein dag skal dei få eit møte med Herren som gjer at alt vert forandra. Dei vaknar opp frå sjølvbedraget. Dei kan oppleve det som salmedikt-aren Hans Adolph Brorson (Sb 477:2b) uttrykkjer det:

Da jeg var i sjelenød,
var den hele verden død.
Ingen kunne, ingen ville
hjertets dype lengsel stille.

Når menneske får eit slikt møte med Gud, kan heile livet verte snudd opp ned. Det er ikkje sikkert Gud stoppar oss på vegen slik som han gjorde med Paulus. Det er nok unntakstilfella. Herren kan gjerne byrje å minne menneske om deira udødelege sjel i dei stille stunder, gjerne på nattetid. Herren kan gjerne byrje medan ein er eit lite barn. Mange kan vitne om at dei møtte kallet frå himmelen heilt frå dei var små.

Gud grip inn
Paulus vitna i det femte verset (Apg 26) at han frå fyrste stund hadde levd som farisear, mellom dei som tok det strengast med gudsdyrkinga si. Difor var det ikkje noko underleg at Paulus, nidkjær som han var, ville ta Jesus og hans etterfølgjarar. Han tenkte gjerne; får me berre rydda dei ut så vert det fred. Eg trur ikkje ein gong han var innom tanken på at han kjempa mot Gud i det han heldt på med.

Difor står det vidare: «Eg fekk fullmakt frå øvsteprestane og kasta mange av dei heilage i fengsel, og når dei vart dømde til døden, røysta eg for det. Rundt om i alle synagogene tvinga eg dei til å spotte ved å pine dei. Og eg rasa slik mot dei at eg forfylgde dei heilt til byar i utlandet» (Apg 26:9-11). Han samtykte også då dei steina den første martyren – Stefanus.

Men, no er det Gud sjølv som grip inn. Paulus får erfare noko som vart livsforvandlande i hans eige liv. La oss høyre hans eige vitnesbyrd frå vers 12:

«Medan dette stod på, drog eg til Damaskus óg med fullmakt og pålegg frå øvsteprestane. Men på vegen, konge, midt på dagen, såg eg eit ljos frå himmelen klårare enn sola. Det stråla ikring meg og ikring dei som reiste saman med meg. Vi stupte alle til jorda, og eg høyrde ei røyst som tala til meg på hebraisk: Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg? Det vert hardt for deg å stampa mot brodden. Eg sa då: Kven er du, Herre? Og Herren sa: Eg er Jesus, han som du forfylgjer» (Apg 26:12-15).

Det var eit underleg møte. Midt på dagen, på veg til Damaskus, møter han Herren. Han var så overtydd om at han kjempa for Herren, men så møter han sanninga, og ser at han kjempar mot Herren. Det vart eit forferdeleg sjokk for han.

Du er mannen!
Det er det som kan berge deg og meg óg, at me får møte sanninga i Ordet. Når lyset frå himmelen kjem inn over mitt liv, då kan eg erfare det same som Jesaja fekk oppleve: «Ve meg, eg er ein mann med ureine lepper og eg bur mellom eit folk med ureine lepper». Då vert det ikkje alle dei andre det er noko gale med. Då får eg nok med meg sjølv innfor Gud. Eg ser at eg er ein syndar som treng nåde og frelse, om eg skal verta berga for himmelen.

Det følest ikkje behageleg å verte ramma av denne lyskastaren, sjølv om mange personar som me møter i Skrifta vart ramma av den. Tenk berre på David, då lyset ramma han, og det lydde: – Du er mannen! Det var ikkje mogleg å rømme unna. Gud hadde stengt alle vegar. Han vart ein fortapt syndar som ikkje kunne rømme frå Gud.

Det er som den 24 år gamle Fredrik Wisløff også skriv det: «Jeg var fortapt og så ingen vei». Slik opplevest det når den himmelske lyskastar får lyse inn over ditt og mitt liv.

Men Gud har ei hensikt når han set lyskastaren på oss, men det kan ikkje det naturlege menneske forstå. Litt lenger framme i «Apostelgjerningane» får me høyre kva som då skjedde: «Men dei mennene som reiste saman med han, stod der forstøkte. For rett nok høyrde dei lyden, men dei såg ingen. Saulus reiste seg då opp frå jorda. Men då han opna augo, såg han ikkje noko. Dei tok han då ved handa og leidde han inn i Damaskus. I tre dagar kunne han ikkje sjå, og han korkje åt eller drakk» (Apg 9:7-9).

Frå mørke til lys
Den som ikkje har vore blind, kan knapt kjenne korleis det må vere. Me kan late att augo, og få ein følelse av å vere blinde. Men for den som reint fysisk er vorten blind, der ein kjenner at det ikkje kan endrast, for det menneske må det opplevast forferdeleg.

«Då han opna augo, såg han ikkje noko». Paulus måtte nok oppleve det traumatisk. Men Gud måtte nytte harde middel i Paulus sitt liv, om Herren skulle få han til å lytte. Ja, Jesus må gjerne bruke harde middel i ditt og mitt liv óg om me skal byrje å lytte til Herrens tale. Det kan vere naud av ulik slag, katastrofar, død, sjukdom osv.

Men kva skjedde med Paulus? Jau, han vart frelst, og fekk del i Jesu blod som reinsar for all synd. Det er det som er berginga for deg og meg også. Paulus bøygde seg for Herrens tale og vart frelst. Livet hans vart heilt forandra, og Paulus vitnar for kong Agrippa: – Difor vart eg ikkje ulydig mot det himmelske synet!

Paulus møtte sanninga, og det forandra livet hans. Difor kunne han ikkje teie om det han hadde sett og høyrt i møte med Herren Jesus. Gjennom det han skreiv i sine brev i det nye testamente vitnar han om denne frelse i Jesus, ei frelse for alle syndarar som tek si tilflukt til Kristus. Kven dei er. Kvar dei bur. Ved denne bodskapen har ein uteljeleg skare vorte berga og er allereie heime i himmelen. I dag er det deg og meg Herren talar til og seier: «Høyr, så skal di sjel leve» (Jes 55:3).

Utdrag frå tale i Steinsdalen Bedehus