Løyndommen i evangeliet

Kva er så denne løyndommen i evangeliet? Det er ein løyndom som i første omgang ikkje ser ut som ein løyndom. Det er slik med Guds ord. Ordet er klårt og tydeleg nok, men det avheng av Den Heilage Ande kven som skal få del i det. I den samanhengen har eg tenkt på ein enkel setning som ein kan seia samlar hovedsaka i evangeliet – og som er ein løyndom: «Det er nok det som Jesus gjorde!»

Er det nokon løyndom? Det er jo noko som alle kristne veit! Det er like fullt ein løyndom. For dersom det Jesus gjorde for meg er nok, då er eg frelst! «Derfor kan du med frimodighet løfte ansiktet og si: Jeg er frelst, Jesus har frelst meg helt og fullt» ( H. E. Nissen). «På eit fullført verk får du kvila, og så ferdast med fryd din veg». Det er fullført, ikkje berre delvis, men fullt og heilt.

Å forstå denne løyndommen er ikkje noko du tek deg til. Då var det ingen løyndom. Det må openberrast. Og det kan ikkje openberrast utan at du går fallitt på alt ditt eige, på din eigen kristendom. At du må gå fallitt er ikkje noko Gud krev for å kunna ta imot deg. Det er heller ikkje ei slags betaling frå di side. Eit fallittbo er ikkje noko betalingsmiddel, tvert imot! Nei, du treng å gå fallitt for di eiga skuld, for at du skal få bruk for det Jesus har gjort. Gud har fått betaling av Jesus, så han er forsona, han er nøgd.

Det er nok det som Jesus gjorde. For kven er det nok? Det er nok for den som har bruk for det. Når har eg bruk for det? Du har bruk for det alltid, men du ser det ikkje før Herren får ta frå deg din fromheitskledning. «All vår rettferd er som eit tilsulka klesplagg».

Du vil gjerne betala med det som Gud har verka i livet ditt, di omvending, di tru, bøn og bønhøyring, kort sagt – ditt kristenliv. Det tenkjer du er billetten din inn i Guds rike, her og i æva. Den billetten er ugyldig! Du kjem ikkje inn med han. Den må takast frå deg. Utan at det skjer, får du ikkje bruk for det Jesus har gjort for deg. Det Jesus gjorde, det gjorde han for syndarar. Det er som ein fortapt syndar du må ta imot evangeliet. Det er berre slike som kan ta imot det som Jesus har gjort, for det var for slike det vart gjort.

Jesus vil ta frå deg alle falske trøystegrunnar. Det ville han med farisearane òg, men dei stod imot. Dei ville behalda den ugyldige inngangsbilletten sin. «Rikingar sender han tomhendte bort». Andre vil behalda synda si – og stengjer seg sjølve utanfor Guds rike på grunn av det. Andre utset og utset omvendinga på grunn av menneskefrykt, til det er evig for seint. Ikkje nå, men seinare! Ein annan gong når det passar betre. Nei, du må nytta høvet når Gud kallar, for du kan ikkje omvenda deg når du vil.

Det er lettare for Gud å frelsa slike som held til i grisebingen, framfor sjølvrettferdige, heimeverande søner. Men du treng ikkje gå vegen om grisebingen og gjæta svin for å verta ein syndar. Du har synd nok frå før! Og større enn den eigne synda – er den eigne rettferda, for den sjølvrettferd-ige ringeaktar Jesu forsoningsverk.

Så er du kanskje villig til å mista alt ditt, men så undrast du gjerne på korleis du skal bli ein fortapt syndar og få ta imot evangeliet. Ein fortapt syndar – det er djupast sett ikkje noko du blir, det er noko du er! Dersom vi skulle sjå oss så fortapte som vi er, så trur eg knapt vi ville overleva. Nei, at vi er fortapte syndarar, det er først og fremst noko vi må tru. Vi må tru det som Guds ord seier om den saken. Og sjølv om vi kan tru at vi er fortapte syndarar, så kostar det ofte kamp og strid for å koma til ei sann erkjenning av nettopp det.

Så er du altså ein fortapt syndar. Korleis kan eg då tru til frelse? Det er noko du ikkje kan! I forklaringa til den tredje artikkel etter Martin Luthers lille katekisme står det slik: «Jeg tror at jeg ikke av egen fornuft eller kraft kan tro på Jesus Kristus, min Herre, eller komme til ham …».

Slik er vår stilling etter syndefallet. Dvs. du kan halda for sant alt det som står i Bibelen, men det er ikkje ei frelsande tru. Djevlane trur òg det – og skjelv! (Jak 2:19). Ei sjølvteken tru frelser ingen. I din eigen, naturlege religiøsitet er du ein sjølvrettferdig farisear, kald og hard og upåverka av det Jesus har gjort for deg, og visseleg mykje anna som ikkje er som det burde vera.

Jesus vart vårt sonofferlam og løysepenge på Golgata. Der gav han sitt blod som han gjekk inn i heilagdommen med – og vann oss ei evig utløysing. Synda er sona, gjelda er betalt. Det er nok det som Jesus gjorde!

Kva tid er det nok for meg? Det er nok når du går med på, og innser at dette «nok» har med deg å gjera. Det er for deg det er nok – slik som du er og har det – her og nå. Du blir ikkje meir verdig til å ta imot evangeliet om ei veke eller to. Dessutan er det for uverdige det er gjort. Ja, men korleis kan eg vita om eg er fallitt på alt mitt eige? Ikkje når du har det slik eller slik, men når det blir nok det som Jesus gjorde.