Åndeleg søvn og åndeleg død

Når Jesus skal beskrive den siste tid før han kjem att, tek han fram korleis alt Guds folk skal sovne åndeleg sett.

For mange vil søvnen diverre føre til åndeleg død (Mat 25:1-13). Det er ikkje så lyst perspektiv Jesus tek fram, men likevel er det sanninga. Difor er det viktig å undersøkje om dette som Jesus her påpeikar er ein realitet i dag og i vår tid – og korleis det er med den åndelege søvn i mitt liv.

Åndshovdingen Ludvig Hope (1871-1954) var ein benåda reiskap til å vekkje mange sovande sjeler. Han seier noko talande om denne åndelege søvn i si tid: «Me kristne i dag har vanskeleg for å sjå vår eiga synd, og mykje av det syndige me seier og gjer, skjønar me ikkje er synd. Me søv». Dette vart sagt for 3-4 generasjonar sidan, og situasjonen har vel ikkje vorte til det betre.

Søvnen hjå brurmøyane som Jesus talar om i denne teksten, var likevel ikkje av dødeleg karakter for alle. Halvparten av dei som har gått ut for å møte Jesus, mangla olje på lampen. Hjå dei var søvnen og fråfallet kome så langt, at Andens arbeid var sløkt (Mat 25:8). Desse hadde nok ytre sett ei vedkjenning, og dei vart rekna for kristne. Men søvnen var så djup at den hadde ført til åndeleg død.

For den som ynskjer å vite sanninga, vil det difor vere viktig å undersøkje om min åndelege søvn er av ein slik karakter at eg ikkje lenger eig den levande trua. Det ville vere forferdeleg om eg levde i sjølvbedrag, og eg ein dag skulle slå augo mine opp i den evige fortapinga, der elden aldri sloknar og ormen aldri døyr (Mar 9:44). Den svenske vekkingspredikanten Carl Olof Rosenius (1816-1868) var ein Guds reiskap til å vekkje titusener av sjeler i heile Norden på 1800-talet. Når han skildrar søvnen i den truande sitt liv, beskriv han korleis det kan opplevast og seier: «Det samme som før bekymret deg, og som virkelig er synd, kan du nå uten videre godta. Og du begynner etter hvert også å unnskylde og forsvare dette. Så er da også lovens verk kvalt, og ditt hjerte og samvittighet er sovnet inn og forherdet». Det er skjedd ei utvikling i samlivet med Gud. Ein er ikkje redd synda lenger, og ein er etter kvart komen i ein forsvarsposisjon overfor Gud. Då er det søvnen og den åndelege død som råder, sjølv om ein ytre sett kan ha namn av å leve (Op 3:1).

Paulus skriv til sine vener i Tessalonika korleis det skal vere i den siste tida og seier: «Den lovlause kjem etter satans verksemd med stor makt i løgn og teikn og under. Det går føre seg med allslags urettferd i forføring mellom dei som går fortapt, av di dei ikkje tok imot kjærleiken til sanninga, så dei kunne verta frelste. Difor sender Gud dei kraftig villfaring, så dei trur løgna» (2Tes 2:9-11). Kva skjer når me ikkje lenger vil tru på sanningane me møter i Bibelen? Då seier Bibelen at Herren sender oss kraftig villfaring så me trur løgna. Når ein slik søvn har innteke hjarta, er det løgna sin far eg lyttar til, og eg trur han. Då er det han som fortel meg kva sanninga er.

Når situasjonen er komen så langt at menneske trur løgna, kan hyrdar til slutt stå fram og velsigne det som Guds ord forbannar. Dei forkynner ikkje sanninga (Jer 6:13-14). Det er det som no skjer mange stader i vårt kjære fedreland. Då er den åndelege søvn vorten av ein slik karakter at Andens arbeid er sløkt (1Tes 5:19). Då er hyrdane vorte blinde vegleiarar som forfører folket. Dei søv. Om dei ikkje vender om, vil dei ein dag av Herren sjølv få høyre: «Vik frå meg, de som gjorde urett» (Mat 7:22).

Paulus skriv om fråfallet frå Herren, og kven forførarane er, i Romarbrevet kap.1. Då peikar han på ei side som også har med søvnen å gjere. Han konkluderer og seier at dei «held med dei som gjer det». Når ein held med,forsvarar og legitimerer vranglærarane som fører sjelene vill, er dette også ei side av den åndelege søvn som Paulus åtvarar mot. Korleis prøver Herren å vekkje? Den Heilage Ande, eller Sanningsanden som han også vert kalla, har alle truande motteke ved den nye fødsel (Joh 14:17). Sanningsanden si gjerning er mellom anna å vekkje og overtyde om sanninga i den truande sitt samvit (Joh 16:8).

Når den truande kjem på kollisjonskurs med Skrifta, vil han i førsteomgang kjenne det gjennom stikk i samvitet (Apg 2:37). Får ikkje Anden vekkje, oppstår den åndelege søvn. Gjev ein ikkje Anden rett, kan det over tid føre til forherding slik at det til slutt ikkje er mogleg for han å nå inn lenger. Då er nådetida gått ut før levetida (Mat 12:31). Skrifta viser oss mange døme på korleis den åndelege søvn opptrer i truande menneske sine liv. Dommaren Samson er eit talande døme på kva som skjer når Herren ikkje lenger får tale til hjarte og samvit. Han var ein utvalt Herrens reiskap i ei fråfallstid – driven av Anden. Men han veik av frå Ordet, og vart ikkje lenger redd synda. Skrifta legg ikkje skjul på resultatet: «Han visste ikkje at Herren hadde vike frå han» (Dom 16:20). Han var overtydd om at han enno tente Herren, men han levde i sjølvbedrag – han sov.

Eit anna døme er kong Saul. Han var eit utvalt Herrens reiskap, men han byrja å kompromissa og veik av frå Guds ord. Herren hadde talt klart til han i Ordet (1Sam 15), men Saul ville ikkje bøye seg for det. I staden vart han oppteken av kva menneske meinte, det me i dag gjerne kallar å vere politisk korrekt. Han vart oppteken av å få ære av menneske i staden for å bøye seg for Guds ord.

Så kjem profeten Samuel og påtalar at han er komen på kollisjonskurs med Ordet. Då svarar Saul: «Eg har gjort etter Herrens ord» (1 Sam 15:5). Men det var innlysande at han ikkje hadde gjort etter Ordet. Saul ville ikkje erkjenne synd som synd. Han sov. Det hjelpte ikkje om Saul var overtydd om at han hadde gjort etter Guds ord, for himmelen kom til motsett konklusjon. Den himmelske domen lydde: «Fordi du har vraka Herrens ord, har Herren vraka deg» (1Sam 15:23). Han vart vraka fordi han vraka Guds tale. Slik fekk den åndelege søvnen katastrofale følgjer i Saul sitt liv. Han var utvalt, men den åndeleg søvnen gjorde at han vart forkasta av Herren og til slutt forherda og fortapt, fordi han ikkje let seg vekkje.

Om du og eg har tenkt oss til himmelen, treng me difor lytte til det Jesus seier om den siste tid. Det at me alle skal sovne (Mat 25:5), er ein bibelsk realitet, sjølv om du og eg ikkje trur det. Eg kan gjerne forsvare mitt syn og mine tankar, som Saul til min døyande dag – men har eg forkasta Bibelens klare tale, har eg forkasta Jesus sjølv. Han er eitt med sitt ord. Då vil eg til slutt få høyre av Jesus: «Gå frå meg, alle de som gjorde urett» (Luk 13:27). Då er den åndelege søvn vorte til den åndelege og evige død for meg også, utan høve til oppvekking. Måtte ikkje det skje med nokon av oss!

Difor gjeld det at Herren får tale til deg og meg om søvnen i våre liv, medan det enno er nådetid. Som ein kristen treng eg dagleg å leve i vekkinga, der eg på ny og på ny let Anden overtyde (Joh 16:8). Har søvnen ført til åndeleg død, gjeld det at Bibelens ord kunne nå meg: «Vakna, du som søv! Stå opp frå dei døde, og Kristus skal lysa for deg» (Ef 5:14).