Avguden mammon

Vi har alle eitt eller anna forhold til avguden mammon. Vi gir av våre pengar til misjonen. Mange gir mykje, andre mindre, men truleg er det ikkje så mange som gir så mykje som den fattige enkja som gav to skjervar. Eg meiner å ha høyrt sagt at det var nok til mat for ein dag. Ho gav av sin fattigdom alt det ho åtte, alt det ho hadde å leva av (Mar 12:41-44). Ho var løyst frå mammon. For ei tid tilbake høyrde eg ein som sa at når han kom til himmelen, ville han spørja den enkja kva ho fekk til middag den dagen!

Eg vil tru at dei fleste av oss gir av vår overflod, og då blir det lite i Guds augo.

I mange av våre bedehus er det nå blitt ein vane å be for kollektpengane. Dette er noko nytt som ikkje vart gjort for få år tilbake. Er dette forsømt av tidlegare kristne? Det trur eg ikkje. Mon ein ikkje like gjerne kunne be for givarane og dei pengane dei sit att med?

«Når såg vi deg svolten?»
Av og til kjem det seljarar (tiggarar) og bankar på døra. Men dei fleste som ber om pengar kjem oftast gjennom postkassa. Det er ikkje alt ein har like stor tru for å kunna støtta. Kva gjer vi så med det som kjem? Er vi likesæle for andre si naud? Går alt direkte i papiravfallet? Det er jo ikkje så farleg om andre svelt, berre vi har det godt! Det er ikkje så farleg om andre lid, berre vi går fri. Du synest kanskje det er lite åndeleg å ta fram slike ting, kanskje du også synest det er lovisk?

Eg trur nok at nokre tenkjer at vi som er kristne, gir til misjonen, så kan alle andre gjera «gode gjerningar» ved å gi til alt det andre. Kva seier Jesus? «For eg var svolten, og de gav meg ikkje mat».

«Når såg vi deg svolten …?» «Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg» (Mat 25:32-45). Skal dette kanskje tolkast åndeleg – med tanke på åndeleg mat? Kanskje det òg, men det har uansett ei praktisk, menneskeleg side. Det ser vi f. eks. då Judas forlét Jesus og dei andre læresveinane for å gå til sitt verk; då tenkte dei andre at han kanskje berre skulle gå og gi noko til dei fattige. Korleis kom dei på ein slik tanke? Årsaka til det var naturlegvis at dei brukte å gi noko til nettopp slike. Så var det jo Judas som bar pengepungen. Jesus hadde omsorg for dei fattige. Det bør vi og ha.

Ei anna sak er at dette er ingen frelsegrunn, men tru utan gjerningar er ei død tru, skriv Jakob (Jak 2:26).

Ein ting bør nemnast: Når vi gir til misjonsarbeidet, så gir vi også gjennom det til dei fattige.

Men har vi kjærleik – og høve til det, tenkjer vi òg på slike som lite og ingen ting har eller som er på flukt og/eller under åndeleg press for å fornekta trua på Jesus. Vi kan lesa om forsørgarar (dvs. fedre og ektefeller) som er blitt drepne, og familiar som sit att, ribba for alt.

Mange av oss har vel ein god del att etter å ha gitt vår gåve til misjonen? Ein kvar får gi etter hjartelag og det han har tru for.

Kven eig pengane våre?
Vårt forhold til pengane og korleis vi nyttar dei, fortel noko om vårt kristenliv og kor stor makt avguden mammon har i vårt liv.

Nokre prutar på varene dei kjøper – og går fornøgde ut etter å ha lukkast med det, ja, roser seg gjerne i tillegg. Då kan ein spørja: Var det Jesus du representerte då du handla – eller var det mammon? Hadde du vore like glad om du sto på andre sida av disken og det var ditt levebrød det gjaldt? Mammon tenkjer alltid berre profitt. Ein forkynnar fortalde at han hadde høyrt mykje gjennom sjelesorg opp gjennom åra, men aldri hadde nokon søkt hjelp for sitt forhold til mammon.

Det vi har att etter å ha gitt våre pengegåver, disponerer vi fritt, er det gjerne nokon som tenkjer. Gjer vi det?

Nei, alt vi har er vi forvaltarar over. Det er Herren som eig alt. Når eg ser på mitt eige forbruk, blir eg skuldig. Så kjem spørsmålet til meg: Er du villig til å gjera noko med det?

Sølvet og gullet Herrens er,
– du er ei mer enn låntager.
Nå kommer Gud med det begjær:
Gi meg hva selv du behager!
Herre min Gud, hvor du er mild!
Ta du av lånet hva du vil,
selv er du rikdommens kilde!

Og er du varm for Herrens sak,
skulle du da stå tilbake?
Snart kommer dommens store dag,
hvordan vil den deg behage?
Tenk om du skulle møte frem
for å anklages hardt av dem
som du ei her ville hjelpe!
(Hans Utbø, sb nr. 699)

Ein glad gjevar
«Kvar ein må gje som han har set seg føre i hjarta, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar» (2Kor 9:7). Korleis blir ein så ein glad gjevar? Det er vårt forhold til Jesus som utrettar det – når vi får sjå at Jesus har ordna vår sak med Gud, at han gav seg heilt for oss for å frelsa oss. Jesu kjærleik til oss – verkar kjærleik til han – og til våre medmenneske. «Vi elskar fordi han elska oss først» (1Joh 4:19). Han blir min frelsar og herre – også over lommeboka.

Vi ser i evangelia fleire døme på kva verknad Jesu kjærleik utretta hos slike som fekk del i evangeliet, og for slike som levde nær Jesus. Vi kan tenkja på Sakkeus som ville gi halvparten av det han åtte til dei fattige! Og hadde han truga pengar av nokon (i tenesta som tollar), ville han gi det firedobbelt att!

Så kan vi lesa om Maria som tok «eit pund ekte og særs dyr nardussalve og salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt». Og det står at «huset vart fylt av angen frå salven» (Joh 12:3).

Læresveinane reagerte negativt på slik pengesløsing på Jesus, og Judas sa: «Kva skal denne sløsinga tena til?» (Mat 26:8). Men Jesus tok Maria i forsvar og sa at ho gjorde ei god gjerning. Anten eg las det i «Lov og Evangelium» eller eg berre høyrde det fortalt, minnest eg ikkje. Men det var ei vaskehjelp i Peru som for ein del år sidan ville gi ei gåve til radioarbeidet som våre kristne medarbeidarar dreiv. Slik eg hugsar det, så hadde ho høyrt seg frelst ved å lytta til dei kristne sendingane. Då dei som tok imot gåva kom tilbake og opna konvolutten, fann dei ein pengesum tilsvarande hennar årsløn!

Gud eller mammon?
Farisearane gav mykje pengar til templet, men dei gav berre av sin rikdom. Dei gav lite – sjølv om det i menneskeaugo var mykje. Men Jesus sa til dei: «Ingen kan tena to herrar. For han vil anten hata den eine og elska den andre, eller han vil halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena Gud og mammon».

Då farisearane høyrde dette, spotta dei han, for dei var pengekjære (Luk 16:13-14). I Guds augo er det nok mange, også blant kristne, som sit fast i denne løynde synd, kjærleik til mammon.

Kven tenar du? Ber du Gud om hjelp til å bruka pengane rett? Har han tilgang til bankkontoen eller bankkontoane dine? Er du pengekjær som farisearane, så likar heller ikkje du at desse tinga blir tatt opp.

Er det Gud eller mammon som har styringa? Er det mammon, så må du omvenda deg, fordi mammon er ein avgud. Dei som dyrkar avgudar, kjem ikkje inn i Guds rike. «For dette veit de og skjønar at ingen som driv hor eller lever i ureinskap, og heller ikkje nokon som er pengegrisk – han er då ein avgudsdyrkar – har arv i Kristi og Guds rike» (Ef 5:5).

Når vi her i landet samanliknar oss med andre land, kan veldig mange av oss kallast rike. Jesus seier at det er vanskeleg for ein rik å koma inn i Guds rike, ja, det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga! For menneske er det umogleg! Guds ord syner oss at vår rikdom er livsfarleg for det åndelege livet (Mat 19:20-26). Vi kan hamna på feil stad når livet vårt her er slutt. Sidan det er umogleg, spesielt for ein rik, å bli frelst og bevart, må det skje eit under om vi skal bli berga! «Men for Gud er alt mogleg».

Også den som ikkje kan kallast rik, har likevel eit forvaltar-ansvar over det han tross alt er tiltrudd, som den fattige enkja.

«Og eg seier dykk: Vinn dykk vener ved den urettferdige mammon, så dei kan ta imot i dykk i dei evige bustadene når han sviktar» (Luk 16:9).