Den evige fortapinga

«Då ropa han og sa: Far Abraham! Miskunna deg over meg og send Lasarus, så han kan duppa fingertuppen sin i vatn og svala tunga mi! For eg lid stor pine i denne elden!» Luk 16:24

Frelst – fortapt
Alle menneske på jorda fell inn under ein av desse to kategoriar. Det finst ingen mellomtilstand. Æva er noko frykteleg for den som går fortapt. Ei alltid vedvarande pine.

Du som ikkje er frelst, er alt fortapt, her og no. Døyr du i den tilstanden du er, slår du augo opp i fortapinga (Luk 16:23). Det er ein stor avgrunn mellom himmel og helvete (16:26). No i nådetida er det råd å koma over denne avgrunnen.

Trua på helvete
Trua på helvete er nyttig. Hadde folk for alvor trudd at det er eit helvete, ville alle gudshus blitt for små og for få. Ja, om så berre alle bekjennande kristne hadde blitt vekte opp for dette alvoret, ville kanskje både TV og andre liknande apparat som djevelen tek i bruk, koma til å bli brukt annleis enn i dag, om dei då ikkje blei kasta ut. (Sjå Mat 18:8-9!)

Det er noko av dette som skjer når folket blir vekt opp frå åndeleg død. Då er det berre eitt spørsmål som betyr noko: Korleis skal eg bli frelst? Det skjedde pinsedag då apostelen Peter tala Guds ord. Det same skjedde i vårt land i tidlegare tider.

For mange år sidan høyrde eg ein forkynnar fortelja frå eit møte (eg trur ikkje det var her til lands – og låg lenger tilbake i tida), kor talaren hadde skildra pina i helvete så levande og grufull at forsamlinga formeleg tyktest kjenna varmen og elden under føtene; og nokre begynte å klatra opp etter søylene som etasjane kvilte på.

Ingen blir skremde inn i himmelen, men det kunne kanskje få nokon til å søkja Herren medan det enno er nådetid.

Forkynninga i dag
På våre kristelege møte no for tida er som oftast talene retta til dei kristne, for dei som kjem er vel helst berre bekjennande kristne. Mon det er det same som at alle desse er frelste? Det som vert sagt frå talarstolen tyder oftast på det. Kristenfolket er ikkje vane med ransakande forkynning i dag. I våre dagar er det ikkje lenger fem kloke og fem uforstandige brurmøyar på møta (Mat 25:1-13). I dag er alle blitt kloke, men søv som før, kanskje med han som står på talarstolen. Blir det sann vekking, vil skilnaden på dei ti brurmøyane meir eller mindre bli openberra. Det kviler eit stort ansvar på den som forkynner Guds ord.

Ein ny fødsel
Det alvorlige er at vi kristne har mykje skuld i den tilstanden som vi har i vårt land i dag. Skiljet mellom frelst og ufrelst, mellom træl og fri, mellom det å vera fødd av Gud eller fødd av manns vilje, å vera fødd av loven eller fødd av evangeliet, blir mest ikkje forkynt lenger.

«Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt», sa Jesus til Nikodemus (Joh 3:3).

Du blir ikkje fødd på nytt ved å bestemma deg for å bli ein kristen, så nødvendig det enn er. Å bli fødd – er ikkje noko vi gjer, men noko vi blir: Vi blir fødde – av Gud og Guds Ande gjennom Ordet. Det er eit verk av Den Heilage Ande når han tek bort sløret frå augo, så vi ser at alt er ordna; når det vi før visste og kunne, blir openberra og flyttar frå hovudet til hjarta. «Sløret dro han fra mitt øye, viste meg sin herlighet».

Det er ikkje det same som at det må opplevast i ein augneblink eller opplevast på same måte for alle. Det er heller ikkje alltid vi kan «etterspore alle nådens virkninger i vårt hjerte».

Likevel – at vi har gått over frå døden til livet, det er ei felles erfaring. «Eitt veit eg: at eg som var blind, ser no» (Joh 9:25).

Synd i kristenlivet
Det talast lite og inkje om synd. Konkret synd mot dei ti boda må forkynnast, slik at vi får med ein heilag Gud å gjera. Du som leikar med synda, tenkjer nok at du vil slutta med det, om ikkje akkurat i dag. Med ei slik innstilling til synda, er det stor fare for at du hamnar i helvete. Prøv å gjer deg fri, så erfarer du kanskje at det er synda som leikar med deg! Då får du erfara kva stoff du er av. Då vil du få bruk for han som vann siger på Golgata, din siger! Her ligg krafta til eit heilagt liv. Det er ikkje det same som at du ikkje kan falla på nytt, men du må reisa deg att og ikkje bli liggjande.

Våre medvandrarar
Tenk om vi kristne vakna opp for det alvoret at dei fleste av våre medvandrarar er på veg mot fortapinga og den evige pine! Blant desse også dei mange bekjennande kristne som aldri har kome til kort med si omvending og alt sitt eige – og blitt fødde på nytt.

Eller du er blant dei som eingong fekk sjå seg løyste og frie, men no har mista din første kjærleik. I Openberringsboka (2:1-7) finn vi brevet som Johannes skreiv til kyrkjelyden i Efesus som dette hadde hendt med. Denne kyrkjelyden hadde alt, unntatt Jesus. Om eg ikkje har så mykje å rosa meg av som denne kyrkjelyden, er eg mange gonger redd for at domen dei fekk, også gjeld mitt gudsforhold. «Ransak meg Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg og kjenn mine mangfaldige tankar, sjå om eg er på fortapingsvegen, og lei meg på ævevegen» (Sal 139:23-24).

Jesu advarsel
Eg hugsar ikkje om eg las det eller høyrde det frå ein tale, at Jesus tala meir om helvete enn alle profetane i Det gamle testamente og apostlane i Det nye testamente – til saman. Er det då rett å teia med det? Eg fann at Jesus talar om dette iallfall 13 gonger i Matteusevangeliet.

Våre dagar er talde, og det kan snart vera slutt. Vi døyr ikkje av sjukdom eller ved ulukke eller kva helst anna det måtte vera. Vi døyr når våre tilmålte dagar er til ende, anten det skjer ved sjukdom eller på anna vis.

«Dine augo såg meg då eg berre var eit foster. I di bok vart dei skrivne opp, alle dei dagane som vart fastsette då ikkje ein av dei var komen» (Sal 139:16). Eg las nettopp om ein mann som vitna. Midt i vitnesbyrdet seier han plutseleg: «No fer eg!» Så seig han død
om. Så fort kan det gå.

Stå ikkje imot Guds kall!
Eg trur at det er mange i fortapinga som nok hadde tenkt å omvenda seg, men det passa aldri «i dag». Det passar vel aldri for nokon å omvenda seg «i dag». Det sørgjer satan for, som spelar på lag med verda og vår falne natur. Difor, om du skal bli frelst, blir det gjerne på ein dag det ikkje passar så godt. Når du merker at Gud kallar på deg, kan det vera din frelse-dag. Du må ikkje stå imot hans kall. Det kan vera det eine – eller det siste du får.

Det alvorlege er at nådetida di kan vera slutt før levedagane dine er til ende. Tru ikkje at du kan omvenda deg når du vil, men berre når Gud kallar på deg. Står du vedvarande imot Den Heilage Ande, må han forlata deg. Då er det ikkje lenger mogleg for deg å bli frelst. Det er heller ikkje noko hjelp om
presten i gravferda di «overgjev deg til Herren», når du alt er i helvete.

Sjølvbedrag
Kva gjer det eigentleg om du – eller eg – skulle koma til at vi ikkje er frelste, men at vi har levd i sjølvbedrag i to, ti, tredve, femti eller seksti år; imot det å slå augo opp i fortapinga når tida her er slutt? Enno er det nådetid. Det er klart at det ville bli ei bitter erfaring å sjå sin eigen kristendom falla i grus. Men kva vil du helst, stå til skamme med alt ditt her i tida og bli frelst, eller berga ditt liv her og gå fortapt? (Mat 16:25).

Når vi skal gjennom den tronge porten for å koma inn på den smale vegen, får vi ikkje noko av vårt eige med oss. Då gjer vi nettopp den erfaringa at alt vårt eige fell i grus. Det er ei felles erfaring for alle som har kome inn på den smale vegen, sjølv om det kan variera noko frå person til person korleis Den Heilage Ande fører den enkelte.

Er du kjend her? Dette er ikkje noko som skjer berre i omvendinga. Det er slik Herren tek seg av oss igjen og igjen.

Vi har all grunn til å be Herren ransaka oss. Det er ikkje farleg å be om det, tvert imot, det er livsviktig.

Hugs kva det gjeld: Himmel eller helvete. Djupast sett er det dette alt dreier seg om her i tida.

«Det er forferdeleg å falla i hendene på den levande Gud» (Heb 10:31)

Det fekk Jesus erfara – for oss.