Formaningane i Guds ord

«Eg formanar dykk då, eg som er ein fange for Herrens skuld, at de ferdast slik det sømer seg for det kallet de er kalla med.»Ef 4:1

«Og elles, brør, bed eg og oppmodar vi dykk i Herren Jesus: Liksom de har lært av oss korleis de bør ferdast og vera Gud til hugnad – slik de og ferdast – så må de gjera endå større framgang i dette.»1Tes 4:1

«Mine kjære! Eg formanar dykk som framande og utlendingar, at de held dykk frå dei kjøtlege lystene, som strider mot sjela.»1Pet 2:11

Åndeleg vekst
Når vi les Paulus sine brev, manglar det ikkje på formaningar. Det kan gjelda enkeltkristne eller heile kyrkjelydar. Det same finn vi i Johannes openberring, i breva til dei sju kyrkjelydane i Litleasia (2:1-3:22). Ja, vi finn det over alt i Bibelen.

Carl Olof Rosenius talar klart om at blir formaningane tilsidesette, blir det inga utvikling og vekst i kristenlivet. Når ein kjem inn på slike ting som vekst og framgang, kan ein av og til få inntrykk av at det blir oppfatta som loviskheit eller lovtrældom. Det kan det nok vera, men det treng ikkje vera det. Er ein sjølv under loven, så vert det lovtrældom. Også ein sann kristenstår i fare for å enda der. Men vi kan ikkje av den grunn tilsidesetja Guds ord. Sjå for eksempel på Abraham ogLot. Begge levde med Gud, men det var stor skilnad på kva Herren hadde fått verka i deira liv. Vi må vel kunne seia at Lot var ein verdsleggjort kristen, samanlikna med Abraham. Så kan vi spørja oss sjølve kven vi liknar på.

Synd i kristenlivet
Det er farleg for ein kristen å ikkje vilja retta seg etter Guds ord når det konkret peikar på noko i mitt eller ditt liv som vi må omvenda oss frå, stort eller smått.

I eitt tilfelle måtte Paulus offentleg påtala eit forhold som ikkje eingong høyrde heime i verdsleg samanheng (1Kor 5:1). Vi har med ein fiende å gjera som er alliert med vårt eige kjøt. Var det nødvendig for Paulus å gå så drastisk til verks som han gjorde? Svaret gjev seg i grunnen sjølv. Han gjorde det for om mogleg å berga han frå den evige fortapinga i helvete. Alt Guds ord har det siktemålet. Hadde personen det galdt berre fått høyra evangeliet i den stillinga han var, var det stor fare for at han kunne fortsetja som før med å misbruka Guds nåde til skamløyse (Jud 4). Paulus stilte den rette diagnosen og visste kva slag medisin denne mannen hadde bruk for (1Kor 5:4- 5). Då kan det henda at vedkomande fekk bruk for evangeliet; ikkje til åforsvara seg med og leggja på synda, men på synde-såret. Det ville føra til omvending og eit heilagt liv.

Vårt forhold til formaningane
Jesus handla ikkje likt med alle. Han møtte kvar og ein i den stillinga dei var. Du som meiner at du er så evangelisk og frigjort at du ikkje treng å ta det så nøye med formaningane i Guds ord, fordi du veit at du er ein fortapt syndar, og verken kan eller vil vera noko anna; nettopp du treng å høyra loven forkynt, for evangeliet når berre din forstand! Hadde evangeliet nådd hjarta, ville du hatt eit heilt anna forhold til formaningane, som er Guds ord like mykje som alt anna Guds ord.

Så er det alvorleg for min eigen del å tenkja på at eg med mitt liv kan veraårsak til at nokon går fortapt. Når slike tankar kjem, blir eg både dømd og redd. Slike som ikkje les i Bibelen, les vårt liv. «De er vårt brev, innskrive i hjarto våre, kjent og lese av alle menneske. For det ligg ope i dagen at de er Kristi brev…» (2Kor 3:2-3).

Då er det lite hjelp i at eg – eller du – kan avleggja eit klart, evangelisk vitnesbyrd, dersom livet vårt vitnar om noko heilt anna. Då blir dette ordtaket ei alvorleg sanning: «Eg høyrer ikkje kva du seier, for livet ditt ropar så høgt!».

«Samklang mellom liv og læra, det er himmelsong på jord».

Eg vil ta med nokre formaningar – som alle blir tolka eller kommenterte av C. Asschenfeldt-Hansen i bibel- forklaringa «Gullgruben».

I Jeremia 9:23-24 er det åtvaringmot sjølvros. Til det les vi i denne kommentaren:
«Bare én ros holder, fordi en synder bare kan rose seg av én eneste person, og det er Herren. Han er den sanne visdom, styrke og rikdom. Det er denne ros som består for Gud. Hva gjør det så om du er lite aktet i denne verden, når du bare kan si med sannhet som din ros: «Min rikdom, lyst og ære skal Jesus ene være».

Videre les vi i Jakobs brev (4:16): «Men de skryter og rosar dykk sjølve! All slik sjølvros er vond». «Gullgruben» kommenterer:
«Men alle Guds barn må merke seg at all annen ros som ikke gir Herren ære, er ond. For det blir å rose seg selv, og alt slikt er av det onde. Selvros stinker, først og fremst for den levende Guds ansikt. Men det blir en kamp for et Guds barn å holde all selvros borte. Det er likevel en kamp det er verd å ta opp. For gir du Herren ære og deg selv skammen, da bor du på ydmyke steder, og de skal ikke skades av dommens stormvær. Om man ikke gir Gud æren, da skal man bli dømt sammen med verden».

«Elska ikkje verda, heller ikkje dei ting som er i verda! Om nokon elskar verda, då er ikkje kjærleiken til Faderen i han. For alt som er i verda, kjøtslyst og augnelyst og hovmodig skryt av det ein er og har, er ikkje av Faderen, men av verda» (1Joh 2:15-16).
«Gullgruben» forklarer: «Kjødets lyst er den indre, urene trangen i det falne menneske. Øynenes lyst viser særlig til de fristende ting som verdens fyrstestiller fram for sjelen og som den forsøker å tilfredsstille seg gjennom øyet. Hovmodig skryt av det en er og har. I første Mosebok (3:6) hører vi om opprinnelsen til denne strømmen av urenhet: Kvinnen så at treet var godt å ete av (kjødets lyst), og at det var en lyst for øyet (øynenes lyst) – et prektig tre, siden det kunne gi forstand (hovmodig skryt på grunn av det en er og har).»

I Klagesangane 2:14 les vi: «Dei openberra ikkje misgjerninga di, så du slapp å fara i fangenskap». «Gullgruben» utlegg dette slik:
«De falske prestene i Juda forkynte folket inn i fangenskap. På samme måte forkynner slike prester den dag i dag folk inn i helvete. Dette er et alvorlig ord til alle som er satt til å forkynne Ordet. Det rette spørsmål til alle prester og predikanter er dette: Åpenbarer du også folkets misgjerninger i din forkynnelse?» Så langt frå «Gullgruben».

Formaningane i Guds ord er gjevne oss til hjelp og advarsel. Vi blir ikkje frelste ved dei, men dei kan seia oss noko om vår åndelege tilstand og samstundes peika på vegen vidare.

Kva gjer du med desse formaningane du no har lese? Går du i deg sjølv, eller bryr du deg ikkje? Eller kanskje du blir forarga? I så fall seier også det noko om din tilstand.

Same kva stilling du eller eg er i, kan vi få gå til Jesus med det. Men vi må koma som vi er – og setja namn på synda. Og han har sagt at «den som kjem til meg,vil eg slett ikkje støyta ut».