Omvending

av denne talen sto i. Da fikk vi høre at omvendelse er å vende seg til Jesus og komme i det rette forholdet til ham. Hos ham får du ikke hjelp til selvhjelp eller inngytt kraft, du kan ikke pusse vekk syndeflekkene ved Guds nåde. Mange tror at de kan «gjøre sitt» ved å bekjenne det de kan komme på av sine synder, og så skal Gud «gjøre resten» ved å tilgi dem. Nei, du trenger Jesus som stedfortreder fordi du er helt igjennom fordervet og død i dine synder og overtredelser. I denne delen kan du lese om hvordan Gud tar fra oss troen på oss selv så vi får hvile i Jesus alene.

«Omvend meg du Herre, så blir jeg omvendt, for du er Herren min Gud.»Jer 31:18

Så vil eg seia litt om korleis dette skjer, at vi kjem inn i det rette forholdet til Jesus. Då vil eg seia ein ting – min ven – at du skal sleppa å gjera dette sjølv. For Herren er den gode hyrde, og det er hyrden som har gått føre og bore det heile. Men det er eit ansvar som du og eg har heilt, og det er at Herren må få tala med oss, slik at vi seier: «Herre tal, din tenar høyrer». Då er det Herren som gjer verket. Og høyr – mine vener – han er ein forunderleg Gud. Han går etter oss. Han spør etter oss for å få oss i tale, og for å få oss i tale kan Herren bruka mange ting. Han kan bruka pest, krig og dødsfall. Han brukar sorg. Ja, han kan òg gje oss gode dagar. «Veit de ikkje at Guds godheit driv dykk til omvending», seier Herren. Sant er det at han i alle fall gjer det slik at han får oss i tale, at vi byrjar lytta og interessera oss for løynde ting, at vi finn fram bibelboka og les om Jesus – ja, les i Guds ord og høyrer Ordet.

Og då byrjar Gud, som vi var litt inne på sist. Han let sitt ord forfylgja oss. Det som Herren då talar til deg, det er lova sitt ord. For evangeliet er ein løyndom, som du og eg ikkje forstår. Men lova ho ligg oss i kjøt og blod. Og derfor tek Gud først til med å bruka lova. Slik får han oss i tale, så vi høyrer, og då byrjar vi å gjera. Så kjem den dagen i mitt og ditt liv at vi seier at no vil eg bli ein kristen, no vil eg bli frelst. No vil eg gje meg over til Gud, koste kva det koste vil. Eg må bli frelst. Då har Gud fått meg og deg eit stykke på veg. Men du må ikkje tru det – min ven – at du er frelst då. For saka er den atnårduogegerkomnesålangt,ogat Gud har verka slik på oss med sitt ord at vi vil, har vi likevel lite begrep om stedfortredaren. Når du vil, så kan du ville på tross av Guds vilje. For det er Guds vilje at du skal koma i den stilling at du får bruk for stedfortredaren. Men oftast er det slik med meg og deg at når vi vil, så vil vi sjølv bli heilage, så vil vi sjølv bli gode. Så vil vi bli skikkeleg omvende og skikkeleg gode kristne. Viljen vår står likevel imot Guds vilje fordi vi ikkje ser lenger. Då er det godt at Herren ikkje forlet oss. Hadde Herren forlete oss her, så hadde det vore ute med oss. Men han prøver med sitt ord å rive ned og rykke opp, og han byrjar dirigera det slik at vi skal tape trua på oss sjølve. Og det skal eg seia, at dette er Guds vilje. Den måten Gud gjer dette på, er at me må gjera det av med oss sjølve. Han gjer det på erfaringa si veg. Og eg vil gjerne få sagt at det er noko forunderleg med denne erfaringa.

Ja, her kan me tenkja oss at Gud sende ein mann i din veg. Og denne mannen set du så uhyre høgt og trur mykje på han. Når du kjem i kontakt med denne mannen, og på nært hald med han, får du sjå om det du meinte om denne mannen held stikk. Men når du kjem inn på han, ser du at han er ein ynkeleg stymper, ein uredeleg, sladresjuk, vond mann. Slik at du seier til dine vener: «Denne mannen trur eg ikkje på». Akkurat slik er det når Vår Herre vil omvenda oss. Han tek oss til side så me kan få sjå oss sjølve i møte med Ordet hans.

Og det skal eg seia deg, at då byrjar du sjå deg sjølv slik som du er. Då vil det uvilkårleg gå den vegen at du tapar trua på deg sjølv. Det går slik at du skanse for skanse blir driven tilbake. Du trudde før at du kunne prestera både det eine og det andre, vera ærleg og ivrig for det som var godt. Og så ser du det, at nett du er uærleg. Du får sjå hovmodet ditt, kor forfengeleg du er – og æresykja. Så vert du vàr du er så forderva av egoisme at du kan umogeleg bli frelst. For du vil bli frelst på di eiga vis, du vil berga deg sjølv så ikkje du går fortapt! Og så byrjar du sjå at sjølv slik – når du vil vera god og heilag – vil du vera god og heilag for di eiga skuld. Og du har ikkje noko anna val enn å vera god og snill for å bli velsigna av Gud. Du vil bli angerfull, å – mine vener – når dette byrjar gå opp for vårt hjarta: eg er «bunnforderva». Å, kor vi er fulle av vondskap og eigenkjærleik! Uffameg for elendigheit, eg er eit vondt menneske! Ve meg! Eg er fortapt, kven kan fri meg frå denne dødens lekam?

Så prøver Herren. Han er flink å setja oss fast. Alt som du og eg prøver oss på, mislukkast. Her kan det nok vera gradsforskjell, men her er ikkje artsforskjell. Du min ven, som søkjer å bli ein angrande syndar, du får ingen anger, men nøden din blir denne at du ikkje kan angre. Og du som søkjer syndserkjenning, eg skal lova deg ein ting, at du synest at du aldri kjem til å få den, men du ser berre den heselege synda som bur i hjarta ditt. Den forskrekkar deg i den grad at du ikkje ein gong bryr deg. Du som burde gråta og du som burde øya deg over deg sjølv, du er akkurat like kald. Du som var god, blir vond. Du som var varm, blir kald. Du som vil vera ærleg og taka kristendomen skikkeleg alvorleg, du blir grenselaust lettsindig. Og den som vil tru på Herren av heile sitt hjarta, han skal ikkje finne ein trevl av tru i hjarta sitt.

Du som ser etter ei skikkeleg omvending, skal aldri få ho. Kan henda du er her, du som vil verta omvend, du nett som dei frå Tørvikbygda. Nei – min ven – då skal eg lova deg ein ting: det får du ikkje til, nei aldri! Kvifor det? Jau, fordi det er berre ein einaste ting Gud i himmelen vil at du skal eiga, og det er Jesus. Alt det du søkjer utanom Jesus, tar Gud ifrå oss. Den som søkjer seg frelst, kan søkje seg fortapt. Og den som vil føle seg fortapt, han får ikkje det til heller. Til slutt står eg heilt opprådd i meg sjølv, og veit inga råd. Då er det ei stemme i mitt hjarta som seier: «Du må skjøna at dette går ikkje, du må ta deg saman!». Men då må du seia til deg sjølv: «Jau, hvis eg berre kunne ta meg saman og få skikk på dette, då var ikkje nauda stor, men det å ta meg saman er det eg ikkje kan». Og så minkar håpet om betring dag for dag, og den siste forskansning går gjerne ut på at om det ikkje blir i dag, så må det bli i morgon. Det må vel bli ein forandring med meg òg? Men Herren han lukkar igjen, for det som er født av kjøt er kjøt. Det er naudsynt å seia det: dette er å vera under lova. Men dersom du er i denne stillinga, så vil eg seia at du er i godt selskap. For dette er vegen til å få fred med Gud, og alle dei som er gått inn denne vegen, vil nok koma til å sjå at det som hende var heilt nødvendig. Dersom det skulle henda at ein blir gåande utanom vegen, så gagna Kristus oss inkje. Får du ikkje sjå dette, og erkjenna det, så kjem du ikkje inn i stedfortredarforholdet til Jesus.Kor lenge held Herren på slik? For Herren er ein dag som tusen år, og tusen år som ein dag. Her er ikkje spørsmål om tid. For sume kan dette gå fort, men for andre kan det gå seint. Men hovudsaka er at det skjer. Og di før du gir opp alt håp, dess betre er det. Kva håp? Jau, håpet om at du skal bli eit skikkeleg omvendt menneske. At du skal få ei tru på di eiga tru og det du håpar skal skje med deg sjølv. Det skjer aldri, for Herren er ferdig med deg og ditt kjøt. Han kan ikkje gjera noko med det, for det er ubrukeleg. Men i staden for ditt elendige kjøt har han sett inn noko nytt. Han har sett inn ein sted- fortredar. Han har sett inn Jesus.

Han visste korleis vi var. Han visste at her var ikkje hjelp i å hjelpa oss. Han såg at dersom du og eg skulle nå himmelen, så måtte han ganske enkelt gjere det utafor oss. Og så måtte han sjølv gå inn i vår stad og gjere det som eg og du skulle gjort. Så står det i Skrifta «at ein lekam laga du åt meg. Han kom for å gjera Gud, din vilje». Med denne viljen er eg helga ved Jesu Kristi lekam ein gong for alle. «Han har bore fram eit einaste offer for alle. Og har soleis ein gong for alle sett seg ved Gud Faders høgre hand. For ved eit einaste offer har han for alltid gjort dei fullkomne som blir helga. Så har vi då brør, i Jesu blod frimodighet til å gå inn i heilag- domen». For Gud er det berre ein ting som gjeld, og det er Jesus, Jesus, berre Jesus.

Den som kjem fram for Gud med noko anna enn Jesus, han kjem fram med noko vederstyggeleg, og Gud vil ikkje vita av det. Men den syndaren som Herren får føra dit at han seier i sitt hjarta: «Meg til frelse jeg intet vet uten deg, Guds lam. Ene i din rettferdighet skjules all min skam», han er frelst. Han er omvendt og komen i eit rett forhold til Jesus. Innser du det? «Jau, jau, det er så», seier du, «men det er hjarta mitt det er noko gale med – hjarta mitt! Det med Jesus, det veit eg no det, det er noko eg lærde i folkeskulen det. Men det er hjarta mitt det er gale med. Der er det slik fatt at eg ikkje får Jesus inn». Då heng du fast i deg sjølv, og då ventar du igjen noko av deg sjølv.

Dette å oppgi seg sjølv og håpet om seg sjølv, er ei vanskeleg sak. Du ville i alle fall kunna føla noko, og oppleva noko. Så sit du der med handa på hjarta og ventar på at det skal skje noko. Du sit der med handa på liket og ventar på at det skal skje noko med deg. Men det er nok slik – min ven – at det er ein ting du ikkje skjønar, og det er at du er død. Eg vil spørja deg: «ventar du at ein død skal snakke? Trur du at ein død kan gå ikring?» Nei, du ventar at han ligg still på ei båre. For Skrifta seier at både du og eg er døde i våre synder og misgjerningar. Då har vi ikkje lov å venta noko anna av oss sjølve enn synd – berre synd og gudsforakt, hovmod og æresykja. «I fra hode til fot, hjertets innerste rot, kun en eneste masse av synd». Det kan vi vente, og ikkje noko anna.

«Men korleis skal eg då bli frelst?», seier du. Jau, du har fått ein stedfortredar. Du har fått Jesus. «Han er din med hva han eier, med sin død og seier». Jau,men det grip meg ikkje som det skal. Nei, men det står ikkje noko om at det skal gjera det heller. Men han seier det Carl Olof Rosenius om Jesu blod, at «har det nå virket så kraftig hos Gud, at han helt tilfreds kunne blive, og blott for dets verd deg vil tage til brud og himmelens skatter deg give». Så lat det fare alt ihop, dette med deg sjølv og din kristendom, dine kjensler og dine eigne forhåpningar. Lat Jesus vera din. Han sit ved Faderens høgre hand og viser seg fram for Faderen i din stad. Høyr her, min ven! Dette er din kristendom. Det er din visdom. Det er di rettferd, din heilagdom og di forløysing. Eg skulle ynskja at du kunne sjå det, at du kunne våga deg ut på dette. Men det er nå ikkje noko som du kan råda med tross alt. Det er Heilaganden som her må gjera sitt, slik at du får lys i Ordet.

Og det skal eg seia deg – min ven – at når hjarta vårt fattar tillit til Jesus, at han er vår stedfortredar, då blir det ikkje lenger eit lettsindig liv. Eg trur ikkje at den som får Andens vidnesbyrd om Jesus, at han går omkring og snyt skatt. Det trur ikkje eg. Desse som går omkring og som vi seier «dei syndar på nåden og tar friheita til leiligheit for kjøtet», viss dei har sett Jesus, så er Jesus i alle fall komen på avstand for dei. Det er eg sikker på. Og ingen lever lettsindig på grunn av at dei har sett Jesus, men dei lever lettsindig på grunn av at dei ikkje ser han. Ingen lever lett- sindig når dei reknar med Jesus som sin stedfortredar, men dei lever lettsindig fordi dei ikkje reknar med han. Det er saken! Så er det om å gjera for deg og meg som lever med Herren, at vi alltid får leva i Ordet, så Jesus blir stor for hjarto våre. For evangeliet – mine vener – er inga sovepute, men ei Guds kraft til frelse.

Derfor er det om å gjera at Herren får openberra seg, så ikkje dette blir teori. Det er forskjell på teori og dette at Den Heilage Ande får gjera Ordet levande for oss. Her er så mange som tek seg tilrette i Guds ord. Dei har jo oppslagsboka her, og så ordnar dei det sjølv. Så tar dei til seg akkurat det dei vil. Jau, eg er litt redd å nemna det her. For du som held på med dette, kan lett få eit bein i halsen. Men det er slik: Det er forskjell på å ta seg til rette – og når Ordet opnar seg.

Du som før las i denne boka at du skulle, og du skulle vera, du skulle gjera, og du skulle ikkje gjera – du som før fann berre lova i denne boka – det gjeld å finne Jesus i Bibelen din! For her i desse blada finn du din stedfortredar, han som har levt ditt liv, som har døydd din død. «Han som ikkje visste av synd, vart gjort til synd for oss». Då har du fått ei ny bok, ein ny Bibel, der Den Heilage Ande forklarar Kristus for hjarta ditt. Så slepp du gå ut å få tak i Gud, men Heilaganden openberrar han, slik at du seier: «Takk Jesus, eg veit du er min med hva du eier, med din død og seier».

(Valen i Sunnhordland, 1957)