Lemer på Kristi lekam

Lemer på Kristi lekam
Av Tormod Vågen

«De er Kristi lekam, og kvar for seg ein av lemene hans.»

1Kor 12:27

Det er ein stor løyndom apostelen her har fått openberra. Kvar kristen høyrer med til Kristi lekam. Herren er sjølv hovudet. Difor er han livet vårt. Som ein symjar har hovudet over vatnet og andar der, slik lever Kristi forsamling alt i himmelen, der hovudet er. Derifrå vert også lekamen styrd.

Denne sanning kastar eit klart lys over kristenlivet sitt store verd. Kvar einaste sann kristen eig direkte samband med Kristus. Som lem på lekamen har han fått si særlege oppgåve av Herren sjølv. Denne er, og skal vera, ulik for dei ymse kristne. Dette skal hjelpa oss til å heidra kvarandre. Dette skal også mana oss til å finna vår plass og utføra vår særlege teneste i truskap.

Ein møter ikkje sjeldan kristne som er misnøgde både med si gåve og si oppgåve. Dei ser på andre og tykkjer at dei eig så mange føremoner. Så sig mismotet inn i sjela, og det veks opp ei beisk rot.

To forkynnarar i dette land hadde møte saman. Medan den eine tala, sa den andre til seg sjølv: «Han har fått nådegåve til å vera forkynnar, eg ikkje». Han lova Gud å reisa heim for aldri meir å ta ut i same ærend. Då han etter møtet fortalde den andre om si avgjerd, tok denne til å gråta. Han kunne då fortelja at han hadde sete med same kjensla då den andre tala. Resultatet av samtalen vart at dei begge bad Gud om nåde til å få tena han med den nådegåva kvar hadde fått. Og dei er i dag begge landskjende forkynnarar.

Om kvar lem på lekamen såleis gjorde si teneste etter Guds vilje, ville Kristi forsamling leve eit rikt og godt liv. Og den einskilde av oss vart spard for mykje mismot, hovmod, kritikksykje og misunning. Vi fekk då mindre med dei andre å gjera, og det vart ei hjartesak for oss å vera tru mot han som sette oss til lem på sin lekam og gav oss tenesta.

Frå andaktsboka «I Kongens nærleik»