Død eller levande tru

Død eller levande tru

Av Ragnar Opstad

«Vart ikkje Abraham, far vår, rettferdiggjord av gjerningar då han ofra Isak, son sin, på altaret?»

Jak 2:21

Ta gjerne tid til å lesa heile avsnittet (2:14-26) før du les vidare.

Vi kan stilla eit motspørsmål: Vart ikkje Abraham frelst av berre nåde? Jau, han vart frelst av nåde utan ei einaste gjerning. «Abraham trudde Gud, og det vart rekna han til rettferd» (v. 23). Det same finn vi i Romerbrevet (4:1-5).

Når det kan synast for oss som om Guds ord motseier seg sjølv, skuldast det at vi ikkje har nok lys over Ordet.

To slags tru

Abraham vart frelst av berre nåde, men gjerningane hans vitna om at han hadde ei levande tru. Dermed er det sagt at det også finst ei død tru. I versa 17 og 26 les vi: «Såleis er det med trua òg. Dersom ho ikkje har gjerningar, er ho død i seg sjølv. (…) For liksom lekamen er død utan ånd, såleis er trua òg død utan gjerningar».

Den døde trua

I avisa Dagen 28.09.2005 under overskrifta «Bibelsk koldtbord», skriv Per Bergene Holm m.a.:

«Mange tror de skjelner rett mellom lov og evangelium. Alle ord en ikke får til å stemme med sine helhetstanker om evangelisk kristendom, regnes til loven. Men nå har jo Jesus frelst oss fra loven. Så kan vi med rette gå lovens ord forbi, og som frie Guds barn kun forholde oss til evangeliet. Et eksempel: I Jakobs brev, i det andre kapittelet, taler apostelen om den døde og den levende tro. Den levende tro har gjerninger, det har ikke den døde. Så uten troens gjerninger blir ingen frelst. ‘Men er ikke dette lovens tale? Og hvem kan vel holde mål for loven? Dette ord må stå der for å dømme alt vårt, for at vi må ta vår tilflukt til Jesus alene og bli frelst uten gjerninger.’ Så tolker en ordet slik at en ikke behøver å ta det virkelig på alvor. ‘Selvprøving fører bare til usunn graving i sitt eget hjerte, slik at en bygger på nåden i vårt og ikke i Guds hjerte.’ En tar sin tilflukt til Romerbrevets fjerde kapittel hvor en kan lese om rettferdiggjørelse ved tro, uten gjerninger. Det er jo evangeliets ord og det vil en alene holde seg til. Jeg kan med Rom 4 som overordnet helhetsanskuelse sende Jakob 2 og alle lignende avsnitt ut over sidelinjen. Men hva slags bibeltroskap er det»?

I bibelforklaringa «Gullgruben» kan vi lesa følgjande: «Den som vil ha et evangelium uten lov, får et kjødets evangelium».

Med dette meinast ikkje at loven skal blandast inn i evangeliet, men at loven må få gjera sin dødande gjerning, slik at det blir behov for evangeliet. Og det blir det ikkje før vår eiga rettferd fell i grus, for vi kapitulerer ikkje på ein tillært teori, men gjennom erfaring. Dette er ikkje lært ein gong for alle, denne erfaring må fornyast for oss. Dette vil den døde trua ikkje vera med på.

Slik hadde Paulus det før han kom til frelsande tru. Men det kom ein dag i hans liv då han måtte seia at «det som var ei vinning for meg, det har eg for Kristi skuld halde for tap. (…) For hans skuld har eg tapt alt; eg held det for skrap» (Fil 3:7-8).

Den levande trua

Det var noko som hadde gått føre seg før det kom så langt at Abraham tok kniven for å ofra Isak. Det les vi om i 1Mos 22:1-3: «Ei tid etter hende det at Gud sette Abraham på prøve. Han sa til han: Abraham! Og han svara: Ja, her er eg. Då sa han: Tak no sonen din, den einaste du har, han som du har så kjær, Isak. Drag til Moria-landet. Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella, som eg skal syna deg. Så stod Abraham opp og lesste på eselet…».

Det var nettopp her det først synte seg at Abraham hadde ei levande tru: Han tok imot ordet frå Herren – og handla etter det.

Ordet han denne gongen tok imot, var ikkje noko evangelium. Nei, det var eit ord som ribba han for all trøyst til sitt eige. Ja, det tok frå han det han måtte ha for å vera og verta frelst, nemleg Isak, som alle lovnadane var knytta til. Men han tenkte at Gud var mektig til å vekkja han opp frå dei døde! (Heb 11:19).

Slik handlar den levande trua når ho blir sett på prøve. «Velsigna er den mann som lit på Herren og hev Herren å lita på» (Jer 17:7).

Vårt forhold til Ordet

Redninga for oss alle er den same som for Abraham: Å ta imot alt Guds ord, gi det rett og handla etter det. Om det skriv Carl Olof Rosenius: «Hvordan skal vi så bruke Guds ord riktig? Det forlanges bare at du tar imot det som Guds ord – med gudsfrykt, lydighet og tro. (…) Den første, alminneligste og farligste misbruk av Guds ord er at en aldri vil leve etter det. (…) Ser du at du burde slutte med en synd, så gjør det med en gang. For hvis du bare hører Ordet uten å gjøre etter det, forherder du hjertet ditt. Og når skal du gjøre dette, om ikke nå? (…) For hvem skal gjøre dette, om ikke du, som jo vil til himmelen? Det er jo nettopp fortapelsens veg å la andre ta Ordet til seg, men selv være fornøyd med å ha det som kunnskap».

Det gjeld altså evig fortaping eller evig frelse. Det er ikkje noko mindre det står om.