Det nye livet

Det nye livet
Av Kjell Farnes

Me er fødde med arvesynd og eit syndig begjær. Men me har eit nytt liv i Kristus. «Det gamle er borte, sjå, alt hev vorte nytt» (2Kor 5:17). Når me tek imot Jesus som frelsar får me eit nytt sinn som rettar seg etter det Gud vil. Og me får kjærleik til Guds heilage lov. Det vert ei glede å gjera Guds vilje, som Jesus talar så mye om. Og det å vende seg til Gud i bøn vert ei glede. «Be uavlatande,» seier Skrifta. Me skal altså ha kontakt med Herren heile dagen. Det er det ikkje alltid me gjer eller har trong til, men som det står: «Anden sjølv går i bøn for oss med useielege sukkar» (Rom 8:26).

Så er me i gode hender om ikkje me bestandig maktar alt me er pålagde å gjera. Det er ein veg å gå når me kjem til kort. Me må be om tilgjeving for våre synder. For Herren har sagt at «han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd» når me ber han om det, og tilgjev nesten vår.

Er me tilgjevne, er me frie. Då har me ein himmel i vente, og eit evig liv i glede og forventning. For det står i Kol 3:4: «Når Kristus vårt liv, vert openberra, då skal de òg verta openberra i herlegdom saman med han.» Halleluja!