Heim, ekteskap og familie (Del 1)

Då Gud skapte himmel jord og dei to fyrste menneska på jord, så skapte han dei i sitt bilete, til mann og kvinne – og så blei også den fyrste heim på denne jord grunnlagt. Heimen skulle vere ein fristad, skapt av Herren, og den skulle avspegle noko av det himmelske – der den himmelske kjærleik skulle få rå.

Slik ville Herren at ekteskapet og den kristne heimen på denne jord skulle få vera eit levande livssamfunn – ein bustad for freden, eit kraftsenter, ein kvilestad der ein kunne få nytt mot i livet sin kamp og strid.

Men denne første heim der alt var fullkoment der angreip djevelen og som Brorson skildrer det:

Det la vår verden øde, Det har voldt det sjelemord Hvorved alle døde.

Alle døde – du og eg fekk den djevelske arv, dødens arv, vart av naturen vreiden sine born og elska ikkje Guds ord og lov.

Øivind Andersen seier om dette: «Derfor har sjelefienden like fra først av prøvd å ødelegge ekteskapet. Sanne ekteskap og kristne hjem hvor det leves rett etter Guds ord, er farlige for djevelen. Det er grunnlaget for Guds rike menneskelig sett. Hvis djevelen ikke får ødelegge ekteskapet, får han ikke ødelagt et folk. Men kan det lykkes ham å ødelegge ekteskapet og den Guds ordning som gjelder for det, så ødelegger han selve folket, og folket går til grunne.»

Han fortset: «Mange mener også at det aldri før har vært så mange ulykkelige ekteskap blant bekjennende kristne som i dag. – Dette er også min erfaring i sjelesorg. Og jeg har snakket både med erfarne psykiatere, leger og sjelsørgere, som sier det samme… Det er mange ulykkelige mennesker bakom det som ikke ser så galt ut utenfra.»

Dette sa bibelskolelærer Øivind Andersen rundt 1980 og det har ikkje vorte betre med åra – men langt verre. Eg høyrde seinast på radioen nyleg at i Hordaland fylke var auken i skilsmisser på 10 prosent berre det siste året. Tenk på all den liding og smerte dette skapar for dei mange tusen som er innvolverte.

Kva var det Andersen sa her?

… kan det lykkes djevelen å ødelegge ekteskapet og den Guds ordning som gjelder for det, så ødelegger han selve folket, og folket går til grunne.

Det er vel akkurat det som Andersen her seier som i dag går i oppfylling. Det forferdelege er at djevelen øydelegg folket i synd og umoral og me får det alle i større eller mindre grad kjenna situasjonen på kroppen. Kanskje heilt i den næraste familie. Å me må ropa til Herren om at han må forbarma seg over oss og vårt folk, og at sjelene kunne få eit møte med Jesus – berre det kan redda folket vårt.

I Luther si katekisme står det etter at hustavlene i Bibelen er gjennomgått: «Når kvar sitt Gudsord læra vil, Då står det godt i heimen til.» Men det er ikkje noko som berre Luther seier. Nei, han har funne denne sanning i Bibelen! – for Bibelen omtalar dette!

Me skal her ta fram noko av det Bibelen talar om heim, ekteskap og familie. Me vil då gå gjennom hustavlene slik me finn dei i Ef 5:21-33:

Underordna dykk under kvarandre i age for Kristus. De koner: Underordna dykk under dykkar eigne menn som under Herren. For mannen er hovud for kvinna, liksom òg Kristus er hovud for kyrkjelyden – han som er frelsar for lekamen sin.

Men liksom kyrkjelyden underordnar seg under Kristus, slik skal òg konene underordna seg under mennene sine i alle ting. De menn: Elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkjelyden og gav seg sjølv for han, for å helga han i det han reinsa han ved vassbadet i Ordet, slik at han kunne stilla kyrkjelyden fram for seg i herlegdom, utan flekk eller rukke eller noko slikt, men at han kunne vera heilag og ulastande. Slik skuldar òg mennene å elska konene sine som sine eigne lekamar. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv.

Ingen har nokon gong hata sitt eige kjøt, men han gjev det næring og vermer det, slik Kristus gjer med kyrkjelyden. For vi er lemer på hans lekam. Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt kjøt. Denne løyndomen er stor – eg talar her om Kristus og kyrkjelyden. Men òg kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og kona skal ha age for mannen sin. (Ef 5:21-33)

Når Rosenius omtalar kjærleiksgjerningar i heim, ekteskap og familie så seier han:

Problemet er bare at disse gjerningene er i våre forblindede øyne er så altfor ubetydelige og nytteløse! Kanskje mange mener at dette temaet har så liten betydning at det aldri burde vært tatt med. Å tale om mann og hustru, om barn (og tjener), er ikke så altfor åndelig, synes de. Men i så fall er Gud i himmelen selv ikke åndelig. For han har jo selv innstiftet ekteskapet og har gitt sine lover for det.

Mange meinar at Bibelen sin tale om desse ting er håplaust forelda og ikkje samsvarar med tida me lever i. Ja, slik tenkjer det naturlege menneske. Men Herren har omtalt det og skal me ta Guds ord på alvor så kan ein som kristen ikkje hoppa over det Bibelen talar klart og utvetydig om!

«De koner: Underordna dykk under dykkar eigne menn som under Herren.»

Luther seier om dette:

Hvis jeg på Guds befaling bare tok opp et halmstrå, så var dette en større og mer hellig gjerning enn om jeg – uten Guds befaling – omvendte hele verden. Tenk om Gud besøkte deg en dag sammen med noen engler, og bare ba deg feie gulvet. Så ville du nesten ikke styrea deg av bare glede. Og hvorfor? Dette var vel ikke så stor gjerning? Nei, sikkert nok ikke i seg selv, men bare fordi Gud hadde bedt deg om det!

Du som er kone må hugse på at det er Gud som seier at du skal underordne deg under din eigen mann som under Herren.

Til slik tale er det mange som innvender: Skal då mannen herska akkurat som han vil over meg? Nei, slett ikkje og det står heller ikkje her. Mannen har sine eigne reglar å rette seg etter som me skal koma inn på seinare.

I parallellteksten frå Kol 3:18 står det: «De koner: Underordna dykk under dykkar eigne menn, som det sømer seg i Herren.» Underordninga er ikkje først og fremst for mannen si skuld, men for Herren si skuld, uansett om mannen oppfyller sine plikter eller ei.

Bibelen forkynner ikkje likestilling. Menn og kvinner er forskjellige. Bibelen forkynner likeverd og underordning.

Kva tyder det at kona skal underordne seg ? Tyder det at mannen skal herske med makt og undertrykking? Nei, mannen er hovud for kvinna på same vis som Kristus er hovud for kyrkjelyden.» Det vil seie at mannen i ekteskapet har fått ein herskarstilling på same vis som Kristus herskar i kyrkjelyden.

Korleis herskar Kristus blant dei truande? Jau, ved å tene dei heilage. Det står at han som er himmelske herskar – han som var kongenes konge han «gav avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg, då han kom og vart menneske lik. Og då han i si ferd var funnen som eit menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden – ja, døden på krossen.» (Fil 2:7f)

Med dette sinn skal ein truande ektemannen herska i heimen og tene sin ektefelle. Er han då noko tyrann? Nei, Kristus fornedra seg til korset og døydde for kyrkjelyden – han gav livet sitt fordi han elska syndaren til frelse. «Det var ham tungt å tenke på At verden skulle under gå Det skar ham i hans hjerte. I slik en hjertens kjærlighet Han kom til oss på jorden ned Og lidret all vår smerte.»

Me møter også ein parallell tekst frå 1Pet 3:1-5

Like eins skal de gifte kvinner underordna dykk under dykkar eigne menn, så dei som er vantruande mot Ordet, òg kan verta vunne utan ord ved den måten de ferdast på, når dei ser dykkar reine ferd i age for Gud. Dykkar prydnad skal ikkje vera i det ytre – hårflettingar og påhengde gullsmykke eller fine klede, men hjartans løynde menneske, med den uforgjengelege prydnaden – ei mild og stille ånd, som er kosteleg for Gud. For slik prydde dei heilage kvinnene seg i tidlegare tider, dei som sette si von til Gud. Dei underordna seg under mennene sine.

Her er det til og med tale om hustruer som har heidningar til menn, slik det ofte var tilfelle på apostlane si tid då mange blei funne for evangeliet. Likevel pålegg apostelen ei kristen kona å underordna seg mannen sin. Herren vil at om ho ikkje får vitna for han med ord, skal ho i alle fall kunne gjera det med sin kristne mildheit, venlegheit, trufastheit osb.

Det vert fortalt om mor til Augustin, Monica. Ho hadde ein vanskeleg og svært ugudleg mann som var heidning. Men ho visste å stella så godt med han at han aldri gjorde ho noko vondt. Nabokonene såg dette og kom og klaga over mennene sine som aldri var fornøgde med dei, men sende bannord og slag etter dei. Dei spurde Monica korleis ho bar seg åt når ho aldri blei stått av mannen, som var så hissig, oppfarane og vanskeleg av natur.

Ho svarte: «Eg er redd det er de sjølve som gjer mennene dykkar grunnlag for at dei er som dei er. Dersom de underordnar dykk under dei, og ikkje berre bjeffer etter dei, men er tolmodige og lydige mot dei og gjev dei venlege ord, så trur eg ikkje dei ville slå dykk. For slik pleier eg å gjera. Når min mann brukar munn, så ber eg for han. Blir han sint, så går eg berre i stillheit, og gir han så nokre hjertelege ord. På den måten har eg ikkje berre dempa sinnet hans, men fått han så langt at han no er omvendt og blitt ein kristen.»

Luther understrekar nettopp det sama når han seier:

Det er en stor og verdifull skatt en hustru har, når hun lever slik at hun underordner seg sin mann. Hun er dermed sikker på at hennes gjerning er velbehagelige for Gud. Var det noen større glede hun kunne ha? Den som vil være en kristen hustru, skal altså tenke slik: Jeg vil ikke se på hva slags mann jeg har, om han er hedning eller jøde, god elle ond. Jeg vil bare se på at Gud har innsatt meg i ekteskapet. Derfor vil jeg underordne meg min mann og være lydig mot han. Når hun lever i slik en lydighet, da er alle hennes gjerninger gyldne gjerninger.

Me skal få lov å sjå på ektefellen som ei Guds gåva. I Ord 18:22 i står det:

Den som har funne ei kone, ha funne lukke, og har fått ei nådegåve frå Herren

Ei nådegåve er noko ein får av Herren, ei gåva av nåde. Ser du på kona di som ei nådegåve?

Ein presang har ikkje verdi berre etter kva den er i seg sjølv, men den har først og fremst verdi etter kven eg har fått den av. Hadde du fått ein pakke i posten og der på underskrifta stod frå: «Kong Harald», ja då trur eg du hadde gjort store augo. Tenk eg har fått ei gåva av kongen!

Du som er gift har fått ei gåva frå han som har skapt himmel og jord. Det viktigaste med denne gåva at Herren har gitt deg ektefellen din. Ho eller han er ei Guds gåve, tenk noko så stort – frå de allmektige Gud.

Ser du på di ektefelle som ei Guds gåva? Det seier Bibelen at du skal få lov til gjera, og då er det mange andre ting som fell på plass. Får ein sjå slik på ektefellen, så vil ein også få oppleve kva velsigning ei slik gåva fører med seg.

Då må bitterheit vika. Oppstår det konfliktar, så må sjølverkjenning få rom. Me må ha det ope og godt saman, – eg kan ikkje skjula noko eller leve i hykleri overfor den ektefelle som Gud har gitt meg. Då vil eg ringeakte han som er gjevaren.

Når Jesus den siste kvelden vaska føtene til læresveinane slik det står omtalt i Joh 13 tok han på seg jobben som ingen ville ha. Det var slikt trælane skulle ta seg av. Derfor protesterer Peter kraftig – for han opplevde det så urimeleg at Jesus skulle tene dei på ein slik måte.

Slik skal du som ektemann tene i heimen, – slik Kristus tente sine læresveinar. Han tente i kjærleik, og han elska deg og meg slik at gjekk i døden for si brud.

Neste del av denne artikkelen kjem i januarutgåva av «Lov og Evangelium.»

Av Dag Rune Lid