Lever du som ein kristen?

Lever du som ein kristen?
Av Amund Lid

Det er mange som lir og strir med dette spørsmålet. Er du som les dette ein av dei, så strøymer angsten gjennom hjarta ditt berre ved å lesa overskrifta. Når du ser på deg sjølv, så synest du der er så mykje som vitnar mot at du er ein rett kristen og lever som ein kristen. Du kjenner på vonde lyster og ureine tankar, og du lid av mangel på alvor og av lettsinn og kjenner deg kald og uberørt av Guds ord og andres nød. Då melder spørsmålet seg om ein slik kan vera eit Guds barn.

Korleis er så ein rett kristen her i verda?
Bibelen fortel at ein kristen er ein person med dobbeltnatur – to ulike naturar i ein og same person. Du har vel møtt slike menneske som har to ulike naturdrag som kjem til syne kvar sin gong? Dei har til dømes arva eit hardt og stolt gemytt frå far og ei mild natur frå mor, og så kjem desse ulike naturdrag fram i ulike situasjonar og tider. Såleis har også eit Guds barn arva den syndige menneskelege natur ved fødselen, og fått del i Guds natur og Jesu sinnelag ved den nye fødsel. 2Pet 1:4. Så sant du er frelst, ber du både den jordiske sitt bilete og natur og den himmelske sitt bilete og natur. 1Kor 15:47-49. «For etter mitt indre menneske seier eg med glede ja til Guds lov. Men i lemene mine ser eg ei anna lov, som strider mot lova i hugen min, og som tek meg til fange under syndelova, som er i lemene mine», vitnar Paulus i Rom 7:22-23. Bibelen fortel at ein kristen er ein person med dobbeltnatur – to ulike naturar i ein og same person. Du har vel møtt slike menneske som har to ulike naturdrag som kjem til syne kvar sin gong? Dei har til dømes arva eit hardt og stolt gemytt frå far og ei mild natur frå mor, og så kjem desse ulike naturdrag fram i ulike situasjonar og tider. Såleis har også eit Guds barn arva den syndige menneskelege natur ved fødselen, og fått del i Guds natur og Jesu sinnelag ved den nye fødsel. 2Pet 1:4. Så sant du er frelst, ber du både den jordiske sitt bilete og natur og den himmelske sitt bilete og natur. 1Kor 15:47-49. «For etter mitt indre menneske seier eg med glede ja til Guds lov. Men i lemene mine ser eg ei anna lov, som strider mot lova i hugen min, og som tek meg til fange under syndelova, som er i lemene mine», vitnar Paulus i Rom 7:22-23.

Etter Skrifta ser me då at så lenge eit Guds barn er her i verda, i sin jordiske lekam, er han både ein syndar og eit Guds barn, både urein og rein, både urettferdig og rettferdig, vond og god. I ditt kjøt og din medfødde natur så finn du synd, ureinskap, urettferd og det som er vondt og som høyrer ein syndar til. Men di gjenfødde ånd og det sinn som lever i trua på Jesus, er rein og rettferdig, utan flekk og lyte, som Jesus er det. Den har si lyst i Guds lov, og kan ikkje synda. 1Joh 3:9. Alt dette er du av di du lever i Jesus, i trua på Jesus.

Er du ein sann kristen, så har du erfaring av denne din bobbelt-natur, at kjøtet står imot Anden og Anden imot kjøtete, at kjøtet trår etter det som høyrer kjøtet, synda og verden til og at Anden trår etter det som høyrer Anden og livet i Gud til. Når du ser og og kjenner på synd, vond lyst, ureine og urettferdige tankar, lettsinn, mangel på alvor, kulde og likesæla, ser på alt mangelfullt og ugjort, då lid og syrgjer ditt nye menneske og lengtar og stundar etter å kome bort frå det vonde og hungrar etter det som er reint og rett.

Til andre tider når du får sjå inn i evangeliet, ser kva Jesus har gjort for deg og hjarta vert styrkt ved nåden, då misser det vonde si makt og kjærleik, gleda og fred, langmod, godleik og eit tilgjevande sinn kjem inn i hjarta saman med Jesus og ordet om han.

Denne erfaring er ein ugjenfødd kristen – det vil seia ein som lever og bekjenner seg som ein kristen utan å vere fødd på ny – framande for. Er du av dei, så forstår du ikkje dette om dei to naturar, du vil protestera mot og fornekta ei slik læra. Årsaka er då at du har ikkje meir enn ein natur, nemleg den menneskelege natur – som også kan kle seg kristeleg drakt og stå i kristen teneste.

Ein kristens forhold til lova
Apostelen sa: «For etter mitt indre menneske seier eg med glede ja til Guds lov.» Det finst dei som meiner dei elskar Gud, men hatar lova. Det let seg ikkje gjera, for Gud er lova, dei er eitt. Den som hatar lova, han hatar også Gud, og den som elskar Gud, han elskar og lova. «Du lov, jeg har deg kjær, For Jesus deg oppfylte, Da han på korsets tre Betalte det jeg skyldte», syng Nordsletten.

For deg som ikkje er frelst, så er lova domaren din, som alltid minner deg om syndene dine, at du er skuldig, om feila dine, om straffa og din fortapte tilstand. Lova kjem alltid med krav til deg som er over evne, seier at du må nå lenger, dømer det du gjer som udugleg. For deg er lova ein slavedrivar som aldri er fornøgd, og alltid blir frykta og hata. Det vil seie, om du ikkje er like forblinda som farisearen som trudde han oppfylte lova. Det finst også dei i vår tid.

Men er du frelst, så elskar du lova fordi den lærte deg sanninga å kjenna, at du var skuldig, dømd og fortapt. Lova dreiv deg til Jesus, der fekk du sjå at han oppfylte lova i din stad og kjøpte deg såleis fri frå synda, skulda og loven sin dom. I Kristus Jesus er du ikkje skuldig lova noko, for der er ingen fordøming for dei som er i Kristus Jesus.

Dernest så er du samd i lova sin dom over det vonde som bur i dag. Lova er Andens reidskap til å visa deg synda som bur i deg, til å døma og døda det gamle menneske hjå deg. Du blir tukta så du ikkje skal bli fordømd saman med verda.

For det tredje så er lova ei rettesnor for ditt nye menneske. Den viser deg korleis Gud er, og korleis han vil at hans barn skal vera og leva, kva som er Guds veg og vilje i det som møter deg i livet. Mange er redd og vil fornekta lova som rettesnor for eit Guds barn, for dei trur det fører til trelldom, men det er ein farleg avveg som er i strid med Skrifta. Gud gjer ikkje skilnad på folk, lova og Guds vilje er den same for alle! Det er berre den skilnad at Guds barn lever ikkje under lova sine krav, loven sin dom og lova si makt, for det har Jesus ordna. Men du eig eit hjarta som elskar sanninga, lova, og som gjerne vil leva slik som Gud vil, det er årsaka til at du også elskar lova når ho dømer deg. Ho er spegelen der du ser ditt naturlege andlet – eller det gamle menneske, i forhold til Gud. Men i samvitet der er du fri, for Jesus har teke skulda og domen bort, du lever i han og han i deg.

Ein kristens liv
Ein kristens liv blir også tosidig så lenge du bur i denne hytta. Du lid under dette at kjøtet si lyst og kjøtet sin lengsel dreg deg ein veg, medan Anden og ditt nye menneske si lyst og lengsel dreg ein annan veg, så der alltid blir kamp og strid.

Du syrgjer og er misnøgd med deg sjølv, men er glad og fornøgd med Jesus. Du er fattig, er ingen ting, kan ingen ting i deg sjølv, men vender du deg til Jesus og evangeliet så er du rik, då gjer du mange rike og då maktar du alt i han. Ser du på deg sjølv så fryktar du, men ser du hen til Jesus så blir du frimodig i han og hans blod. Du ser deg svart og urein, men i Jesus er du rein og yndig. «Sort er jeg, men yndig», syng brura i Høgsongen 1:5. Og slik kan du sjølv halda fram, så vil du finna mange ulike og motstridande slektstrekk frå dine to fedre, Adam og Jesus.

Slik blir kampen også når det gjeld ditt liv og gjerning. Møter du urett, så vil ditt gamle menneske bli sint, forsvara seg, tenkja på gjengjeld, medan det nye menneske lid, tilgjev og overlet det til Gud. Kven som vinn, anten Anden eller kjøtet, det avgjer om du veks i nåde og kjennskap til Jesus eller om du lid skade på nådelivet.

Har du lova ein ting og det så kjem ting i vegen som gjer det vanskeleg å halda, då seier kjøtet at det er ikkje så nøye eller farleg om du set det ut, men Anden seier at det du har lova, det skal du og halda. Kven pleier vinna hjå deg?

Her var dei gamle komne lenger enn me i dag. Då sat ein skomaker gjerne oppe til langt på natt for å få ferdige dei skorne han hadde lova ferdige til neste dag. Korleis står det til her i dag? Korleis gjer du?

Evangeliet, det frigjer samvitet frå døde gjerningar til å tena den levande Gud., så du ikkje skal tena synda lenger, men stilla lemene dine til våpen for rettferda.

«Såleis skal de òg rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.
Lat difor ikkje synda råda i dykkar døyelege lekam, så de lyder lystene hans.
Byd heller ikkje fram lemene dykkar til rådvelde for synda, som våpen for urettferda. Men byd dykk sjølve fram for Gud, som dei som har vorte levande av døde, og byd lemene dykkar fram som rettferds våpen for Gud.
For synda skal ikkje få råda over dykk, for de er ikkje under lova, men under nåden.» Rom 6:11-14.

Frå L&E, nr. 6/1965