Kan henda Herren gjer noko for oss! (Del 2)

Kan henda Herren gjer noko for oss! (Del 2)
Av Dag Rune Lid

(…. framhald frå førre nummer)


Herren grip inn
«Då kom det redsle i leiren, på marka og ikring og mellom alt folket. Jamvel forposten og herjeflokken var gripne av redsle. Jorda riste, og Gud slo dei med redsle.» (1Sam 14:15)

Det kom himmelsk redsle over fiendeleiren. Det er underleg når Gud grip inn. I boka «Vårløysing» av Oscar Handeland, får me sjå inn i noko av det som skjer når Herren skapar åndelege jordskjelv på jord. Han fortel om vekkingane som gjekk over landet vårt då Guds rike hadde stor framgang i folket. Menneske som aldri hadde sett sine bein på bedehuset, vart gripne av angst for si udøyelege sjel, og i den største naud fall dei på sine kne og ropa om redning og frelse for si sjel. Det vart ein kamp på liv og død i andeleg forstand – og Herren vann siger på siger. Bygdelag etter bygdelag vart omsnudde og sjelene berga frå fienden.

Menneskeleg sett var det galskap av Jonatan og våpensveinen å gå aleine over til fienden. Men dei gjekk i tru til Herren. Og Herren gjekk føre dei og opna vegen. Dei fekk vandre i ferdiglaga gjerningar. Det er ikkje alltid lett å venta på Guds time. Den menneskelege natur har noko av det heftige og hastige over seg. Men Guds ord seier: «Den som trur, hastar ikkje.» (Jes 28:16) Ein kristen kan vitne med Luther:

Med eiga makt vi inkje vann,
Det fekk ein usæl ende.
Men med oss går den rette mann,
Som Herren sjølv oss sende.
Hans namn det veit du visst:
Han heiter Jesus Krist,
Den hovding for Guds hær,
Som eine Frelsar er,
Han slaget viss må vinna. (Sb 478)

Den danske filosofen Søren Kierkegaard seier at «Gud skaper alt av intet, og alt hva Gud bruker gjør han først til intet.» Han peiker på eit bibelske prinsipp. Når Herren skal frelse sjelene, gjer han dei hjelpelaust fortapte. Når Herren skal gjere nokon brukbare i kampen om sjelene, gjer han dei ubrukelege. Difor er det også så få Gud verkeleg får bruke. Berre så lenge ein er ubrukelege i eigne auge, kan ein få vere eit reiskap i Guds hand. Guds Ande gjer alltid ein kristen liten i eigne augo. Berre slik kan Herren gripe inn og virke det Han vil.

Menneske vert tilskodarar
«Saul og alt folket som var med han, samla seg. Då dei kom dit striden stod, fekk dei sjå at den eine hadde lyft sverd mot den andre, og forvirringa var overlag stor.» (1Sam 14:20) Når Gud grip inn og strir for folket sitt vert du og eg tilskodarar.

Kva sa Herren til sine når dei møtte det umoglege? Jau, «Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.» (2M 14:14) Slik frelser Gud enkeltmenneske og sitt folk i dag også. Tenk å vere stille og venta på Herren, midt i striden – det verkar så stikk imot all fornuft. Men slik er det i Guds rike! Orda i Salme 130:5 vert mine: «Eg ventar på Herren, mi sjel ventar. Eg set mi lit til hans ord.»

I Ef 6:11-17 står det om dei åndelege våpen: Sanningsbelte, rettferda som brynje, fredens evangelium som skor på føtene, trusskjoldet, frelseshjelmen og Andens sverd som er Guds ord. Ingen av desse våpen vert rekna med av menneske i denne verden – dei ser så ynkelege ut. Men legg merke til at alle desse våpna er forsvarsvåpen. Det einaste angrepsvåpenet er Andens sverd som er Guds ord.

Det er berre Guds ord som kan bringe vekking og velsigning til sjelene. Berre ved Ordet kan Herren få arbeide på ei sjel og skape jordskjelv i hjarto. Difor er det så viktig at me svingar Andens sverd i sjelekampen og ikkje finn opp andre våpen etter eige hovud. Slike våpen kan sjå kvasse og fine ut for menneskeauga, men dei bit ikkje på hjertet og har ingen verknad i kampen om sjelene si frelse.

Dei fråfalne vender om
Også dei hebrearane som no liksom før var med filistarane, og som hadde drege opp med dei og var rundt ikring i leiren deira, slo seg no saman med dei israelittane som var med Saul og Jonatan. (1Sam 14:21)

No vakna også dei hebrearane som var kome på lag med fienden til live. Slik er det i vekkingstider. Når Herrens vilje har framgang vert mange som ein gong vandra på himmelvegen vekte opp. I dei tidlege ungdomsåra vandra dei med Jesus, men ekteskap, jobb og familieliv førte mange bort frå Herren. Dei fall i åndeleg søvn, til slutt hamna dei hjå fienden.

Guds ord ropar til sjelene: «Vakna, du som søv! Stå opp frå dei døde, og Kristus skal lysa for deg.» (Ef 5:14) Det er om å gjere for Gud å trekkje inn igjen alle dei som har vorte liggjande etter på vegen. Du skulle vel ikkje vere mellom dei? – måtte du la Ordet få rom i hjarta ditt!

Mot til dei motlause
Og då alle dei israelittane som hadde gøymt seg i Efra’ims-fjella, høyrde at filistarane rømde, sette alle desse òg etter dei og gav seg med i striden mot dei. (1Sam 14:22)

Det var mange som hadde gøymt seg i fjella. Frykta, mismotet og angsten hadde tatt overhand og så hadde dei gått «under jorda». Kanskje makta dei ikkje meir strid? Kanskje hadde menneskefrykta tatt overhand? Kanskje hadde vonbrota vorte for mange? – berre Gud veit kvifor dei hadde gøymt seg. Mismotet hadde i alle fall teke overhand, og dei hadde gjeve opp. Har du det slik? Høyr kva sangaren seier i denne sangstrofa:

«En det kan, ene Han.
Den dyrebare Jesus, ja Han kan!
Når deg sorgen trykker ned,
Og ei utvei mer du vet,
han er den som hjelpe kan, ja kun Han.»

Tenk då bodskapen kom til brønnane, til fjellholene og dei mørke kjellarane. Det var eit bodskap om siger – ein frelsande bodskap, ein himmelsk bodskap: «Fienden er på flukt! Me er utfridd! Me er berga!»

Ein slik bodskap går ut frå Golgata. På Golgata vant Jesus over djevelen og vondskapen sin åndehær. Fienden vart nedkjempa. Den heilage Gud vart forsona. Guds vreide ramma Stedfortredaren – i din stad. Tenk for ein herleg bodskap til fortapte sjeler i mørke brønnar. – Fienden er nedkjempa, Gud er forsona – du er fri! Då basunljomen lydde, bodskapen om siger lydde – då kraup dei fram frå gøymestadene sine og gav seg med i striden. Dei fekk nytt mot, dei såg at «Gud er på tronen ennu Og han kommer sine i hu.»

Herren frelser
«Såleis frelste Herren Israel denne dagen.» (1Sam 14:23) Det vart siger for Guds folk mot ein overmektig fiende fordi Herren kjempa for dei. Det er det me treng i dag også, – at Herren kjempar for oss! Korleis kan det skje? Det skjer der Herren finn lydhøyre sjeler som han får leie og styre, og der sjelene i si naud kallar på Herren (Salme 50:15). Der er Gud verksam gjennom sitt Ord og sin Ande, og grip inn og svarar i sin time.

Bibelen har eit levande døme på dette då Guds folk var i det babylonske fangenskap, fordi dei hadde synda mot Herren. Gud tek ungguten Daniel inn i sitt fortrulege råd. Det fører Daniel gjennom mykje trengsel både i løvehola, og i eldovnen – men Gud er med han gjennom alt det vanskelege han møter.

I Dan 9 les vi at Daniel ber, fastar og vedkjenner: «Vi har synda og bore oss ille åt, vore gudlause og trassige. Vi har vike av frå boda dine og lovene dine…….Min Gud, vend øyra ditt hit og høyr! Opna augo dine og sjå ruinane våre og byen som er nemnd med ditt namn! Det er ikkje våre eigne rettferdige gjerningar vi legg til grunn for dei audmjuke bønene våre som vi ber fram for åsynet ditt, men di store miskunn. Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, gjev akt og gjer det, dryg ikkje – for di eiga skuld, min Gud! « (Dan 9:5, 9:18f)

Den fromme og gudfryktige Daniel seier ikkje at «folket» har synda, men «me». Han lever i sanninga, og Sanningsordet viser han at han er medansvarleg for det som har skjedd i folket. Kva skjer? Det kom bod frå himmelen: «Med det same du byrja å bera fram dei audmjuke bønene dine, gjekk det ut eit ord.» (Dan 9:23) Når det går ut ord frå himmelen, når Gud talar – då skjer det underlege ting på jord. Me gløymer så lett at Herren har all makt i himmel og på jord, og at det berre er «når Herren vert vår styrke» at Guds folk kan sigre.

Det er noko av det same Luther peikar på i salmen «Velt alle dine veie»:

Om verda full av djevlar var
Som ville reint oss glupa,
Vi liten otte i oss bar,
Dei skulle alle stupa.
Og fyrsten for den hær,
Kor arg han òg seg gjer,
Så har han mist si makt,
For domen alt er sagt.
Eit ord kan honom binda.

Så mektig er Andens sverd – Guds ord. Lat oss bruke det på vårt eige sjelsliv, og lat oss bruke det i kampen om sjelene. Då vil me også røyne at Herren kjempar for oss, og at Guds ord vinn siger i våre liv i vårt folk. Du vil oppleve at Herren kan frelse folket sitt også i dag.