– Vårt kall er å forkynne heile Guds råd!

Det er forkynnaren og pensjonisten Dagfinn Natland (74) som seier dette med tanke på den åndssituasjonen me i dag lever i. – Vårt kall i denne tid er å forkynne Guds ord i sanning – heile Guds råd. Då er det Gud sjølv som handlar. Då er det Gud som talar til folket. Difor trur eg djevelen har det forferdeleg travelt no.

Intervju med Dagfinn Natland av Dag Rune Lid. 

– Om folk ikkje får sjå si sanne stilling så vil dei ikkje få bruk for evangeliet. Luther seier: «Satan er ikkje først og fremst interessert i å ta evangeliet frå oss, men loven.» Der det inga lov er, der er det heller ikkje synd.

– Det har difor vorte lagt på meg å forkynne lov og evangelium, men det er ikkje noko populær forkynning. Det vert gjerne sagt: – Det vert for mørkt. Det vert for tungt. Me må få høyre noko meir gledeleg.

– Difor trur eg også at me har denne diskusjonen me har i dag, når det gjeld dette med forkynninga. Du kan ikkje seie at det er så mykje gale og feil med det som vert forkynt, men det er det som ikkje vert forkynt.

– Det er vel Øivind Andersen som seier: «Lov og evangelium må aldri blandes, men de må heller ikke skilles fra hverandre.»

– Når lova ikkje vert forkynt, så vert ikkje samvitet ramma. Lova kan ikkje frelse noko menneske, men den tek livet av oss åndeleg sett, for at me skal få sjå inn i evangeliet. Lov og evangelium må følgjast, seier Natland.

Sjølvbedraget er forferdeleg

–  Skal eit menneske kome til liv i Gud, må det erfare det same som Josva fekk erfare. Han stod for Guds åsyn, og Satan stod ved sida og anklaga. Så fekk Josva høyre:

Tak dei skitne kleda av han! Og til han sjølv sa han: Sjå, eg tek misgjerninga di bort frå deg og kler deg i høgtidsklede.

– Det er dette som må skje gjennom forkynninga. Gud må gjennom sitt ord få avsløre vår sanne stilling, våre skjulte tankar og lyster. Han må få avsløre vår sanne kledning. Men ein slik bodskap vil ikkje folk høyre i dag, for det er så dømande. – Gud er kjærleik, blir det sagt, og så vil ein inn på himmelvegen utan å gå gjennom porten.

– Det går an i dette livet å vere med i kristenflokken i kyrkje og bedehus, utan å gå gjennom porten. Men det vil vere forferdeleg på domedag å vakne opp, dersom ein har levd i sjølvbedrag, seier den eldre forkynnaren.

Forkynn Ordet

– Guds ord talar tindrande klart om dette, og Jesus sjølv tek også fram dømet om han som var komen inn i bryllaupssalen, men han mangla bryllaupsklednad. Jesus seier til han: MIN VEN – korleis er du komen inn her utan bryllaupsklær? Men han tidde, står det. Jesu befaling var då:

Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor! Der skal dei gråta og skjera tenner.

– Mange opplever forkynninga om synd som fordømande, og ein meiner at ein støyter folket frå seg ved å forkynne det.

– I Guds hus skal «verden» kjenne seg heime, blir det sagt. Men til slutt blir det eit sosialt evangelium, som ikkje samsvarar med Guds ord og som ikkje støyter nokon, seier Dagfinn Natland.

– For ei tid sidan høyrde eg ei tale der ein prest tok fram: «Eg såg ein ny himmel og ei ny jord» (Op 21:1). Han fortsette og sa: – Slik er det for alle menneske som døyr og går ut frå dette livet. Dei får sjå ein ny himmel og ei ny jord!

– Men dette er eit forferdeleg bedrag! Bibelen seier derimot i kapittelet framfor at dei som ikkje hadde sitt namn skrive i livsens bok – dei vart kasta i eldsjøen (Op 20:15).

– Mange menneske lever i sine synder og likevel trur dei at dei er på veg til himmelen. Forkynner ein det som avslører i dag, vil ikkje folk høyra. Me lever trass alt i 2025, vert det gjerne sagt. Guds ord seier likevel at utan du vert fødd på ny, eller fødd ovanfrå, kan du ikkje sjå Guds rike.

– Når kristenfolket samlast i dag er det ofte slik at dei vil ha eit sosialt samvær, og dei vil at ein skal forkynne noko positivt ut frå evangeliet. Dei vil ikkje ha ei slik forkynning som ramma samvitet. Men utan at eit menneske får møte den heilage Gud, så vil det aldri få bruk for evangeliet, seier forkynnaren.

Forkynn heile Guds råd!

– Det er ikkje underleg at dei vart arge og sinte på Paulus, og at dei prøvde å slå han ihel fleire gonger. Paulus forkynte heile Guds råd og heldt ikkje noko attende. Då har bodskapen den verknad at den skapar vreide om ein ikkje vil bøye seg for den.

– I Matteus kapittel 24 får Jesus spørsmålet frå disiplane: «Kva skal vera teiknet på di kome?». Då svarar Jesus: «Sjå til at ingen fører dykk vilt! For mange skal koma i mitt namn».

– Det viser at den siste tida er ei farleg tid med tanke på forføring. Dersom me går til 2 Tess 2 står det: «Lat ingen lura dykk på noko vis! For fyrst må fråfallet koma, og syndemennesket verta openberra, fortapingssonen (…) Den lovlause kjem etter Satans verksemd med stor makt i lygn og teikn og under (…) av di dei ikkje tok imot kjærleiken til sanninga, så dei kunne verte frelste, sender Gud dei kraftig villfaring, så dei trur lygna» (2 Tess 2:10–11). Det er mykje av dette me opplever i vår tid.

– Folket lever som dei vil, men det Guds ord seier er synd, er synd også i dag. Kva menneske meiner og kva som står i norsk lov – det er ikkje det me skal møte på dommedag, men det er for Guds heilage lov.

– Når ein slik vekkjande bodskap får lyde, seier folk: «Ein slik Gud vil ikkje eg ha noko med å gjera.» Det kan menneske meine og tenkje, men likevel kjem ikkje noko menneske bort frå at ein dag skal dei møte Gud – og då er det for seint! Me avskaffar ikkje Guds eksistens om me ikkje vil tru på han, understrekar Natland.

– Jan Bygstad snakkar i ein av sine taler om korleis ein i dag skal sukre evangeliet for at det skal vere meir lettfatteleg. Men så sa han: «Den dag menneske forstår evangeliet, då er det ikkje evangeliet lenger.» Det er tankevekkjande.

– Vårt kall i denne tid er å forkynne Guds ord i sanning – heile Guds råd. Då er det Gud sjølv som handlar. Då er det Gud som talar til folket. Difor trur eg djevelen har det forferdeleg travelt no.

– Skal det vere ei samling, så skal det kortast ned på forkynninga av Guds ord med kun ein liten kort andakt eller appell. Er du så uheldig at du kjem med eit vekkjande bodskap, då får du ikkje kome att, seier Natland.

Dei falske frelsesgrunnar

– Det er gjennom forkynninga av Guds ord at Herren kan få nå oss. Men Herren kan ikkje få nå oss når me ikkje vil stille oss inn under Ordet. Jesus er eitt med sitt ord, og det er berre han som kan føre oss over frå døden til livet. Det største eit menneske kan få oppleve er å sjå inn i friheita i evangeliet.

– Bibelen seier at Guds ånd skal overtyde om synd, og det er det som skjer når menneske kjem inn under sann forkynning og samvitet vert ramma. Men då reagerer også folk med ein gong.

–  Folk kan gjerne seie: – Dette som du forkynte var så fordømande. Det går ikkje an å kome med ein slik bodskap i dag. Ein kan gjerne fått ha andakt enkelte stader i 20–30 år, men så får ein ikkje kome att.

–  Når ein held fram dette at ingen kjem til himmelen fordi dei har levd eit fint liv, ter seg fint, og ein har gjort rett og skjell for seg – då rammar ein eigenrettferda. Då reagerer det naturlege menneske.

– Sverre Ystebø, som reiste som forkynnar i mange år og stod i ein del vekkingar, sa: Då vekking kom, byrja den eigenrettferdige med å veita vatnet bort frå husa sine slik at Ordet ikkje skulle få gjere si gjerning med å rive «husa» som var bygde på sand. «Husa» som var bygde på sand var bygde på falske frelsesgrunnar. Det var svært det som då kunne gå for seg i vekkingane, sa Sverre Ystebø.

– Me er ikkje i stand til å føre eit menneske over frå døden til livet, men Guds ord gjer dette. Men då må Ordet også forkynnast slik det står, og ikkje kortast av. Teier ein så er det berre halve sanninga som kjem fram.

– Herren talar nettopp for å berge di og mi sjel. Når Herren talar er det ikkje for å øydeleggje deg, men for å berge di og mi sjel. Det skal stor nåde til å bere fram bodskapen slik at den rammar samvitet, men også at den reiser opp att. Der Sanninga får lyde, der syter bodskapen for at dette skjer, avsluttar Dagfinn Natland.