Søk

Referat fra Bibelhelg på Solgry 26.-28. september 2025

I år var det 25. gongen at Lekmannsmisjonen hadde bibelhelg på Solgry om hausten.

Det var kring 100 påmelde, og i tillegg kom fleire personar til enkeltmøta. Det var både born, unge, vaksne og eldre. Det var fullt over alt og Atle Barkve hadde gjort ein stor jobb med å få innkvartera så mange. Kjøkkenet gjorde og ein god innsats for å få alt til å fungera ved måltida.

Etter kveldsmaten på fredag, var det møte ved Finn Widar Knutzen. Han talte ut i frå Filipparbrevet som er kalla både «Fengselsbrevet» og «Gledesbrevet».

Etter møte var det uformell samling i kjellarstova.

Neste morgon vakna me til strålande sol og dagen starta med bønemøte før frukost.

Fyrste møte var så ved Øyvind Samnøy. Han talte ut ifrå 2. Samuelsbok kapittel 11 og 12, om kong David, Batseba, Uria og profeten Natan. Fallet var stort og den eine synda drog den andre med seg. Men det starta allereie då David tok til å kjenna seg spesiell og stor og ikkje lenger var med i striden, sa Samnøy. Gud sende i sin nåde Natan til han, for hyrdingen leitar etter den som fór vill og innbyr til oppgjer.

Dei som var leiarar på Bibelhelga var Roar og Olav Fossdal og Jon Peder Samdal. Det var fleire som delte på å spela piano til allsongen og å ha opning på møta. Det
andre møte laurdag føremiddag var ved Finn Widar Knutzen.

Han talte vidare ut i frå Filipparbrevet, og spurte: Kjem ein til å verta bevart? Han svara med Paulus sine ord:

«Vert då du, son min, sterk ved nåden i Kristus Jesus!»

Det er der ein kan bevara livet.

Middagen var kylling, ris og salat og etterpå var det diverse aktivitetar, både Stemnekorøving, kanopadling, fotball, kiosk, leiking for dei yngste, turgåing og anna.

Kaffimat fekk me før familiemøte kl 17.00.

Her var det Øyvind Samnøy som tok fram det å ha dårleg samvit og å gøyma seg for Gud, men og det med å bekjenna si synd og å oppleva at «Jesus gjelder i mitt sted».

Alle talene vart teke video-opptak av, og dei er lagde ut på SteinsdalenBedehus.no og på nll.no.

Kveldsmaten på laurdagen var pizza og hot dog til begeistring for dei fleste. Etterpå var det kveldsmøte. Då gledde familien Heian oss med fin og oppbyggeleg song.
Finn Widar talte om Jesus som døydde på korset for syndarar, men sa at mange er fiendar av Jesu kors og vil enda i fortapinga. Me har vårt heimland i Himmelen, men lever enno i framandt land. Det som vert sådd i vanære, skal oppstå i herlegdom. Den truande har ein himmel i vente.

Etter kveldsmøte var det samling i kjellarstova att der me fekk kaker, chips, frukt og diverse, og praten var høglytt.

Neste morgon var det bønemøte, frukost, utpakking frå romma og avslutningsmøte. Her song Stemnekoret og Øyvind Samnøy talte utifrå Mat. 5, Bergpreika. Jesus har eit forunderleg sinnelag overfor dei som er på veg mot fortapinga. Skal ein nå folket, må «inntaket» vera i orden. Ein når ikkje ut til andre om ikkje Jesus når inn. Det er i Ordet me har vår heim medan me er her i verda.

Bibelhelga vart avslutta med sundagsmiddag. Me har fått mat til vandring på vegen vidare og ber om at Ordet må få gjera si gjerning hos den enkelte.

Takk til kvar og ein som kom, til talarane, til leiarane og til Solgry som tok imot oss nok ein gong. Mest av alt takk til Jesus, som gav oss ei velsigna samling.

Skrevet av Alis Lid