– I yngre år hadde eg ved eit tilfelle kome til å slå opp i ein bibel. Augo mine fall på setninga: «Den som syndar, skal døy!» Mang ein gong trega eg på at eg slo opp i den Men Guds ord er levande, og dette ordet sleppte meg ikkje. Det sat som spikra i samvitet.
Det er Dagfinn Natland (74) som uttrykkjer seg slik. Han er fødd og oppvaksen i fjellgrenda Natland, som ligg 300 meter over havet, men han bur no nokre kilometer unna, i Fjellberg i Suldal kommune inst i Ryfylke i Rogaland.
– Bibelordet som eg hadde høyrt i unge år, førte til at eg kom inn i ein veldig dødsangst som varte i fire år på slutten av 70–talet. I lange periodar var eg borte frå arbeidet. Det var ei forferdeleg tid. Då kunne eg sjå for meg mi eiga gravferd, og det stod for meg: No døyr du, og du går fortapt! Eg kjempa med Gud, men eg ville ikkje omvenda meg!
– Eg hadde det på same vis som Mathias Orheim syng: «Eg tenkte då eg levde i syndelivet vilt: Skal eg ein kristen verta, er all mi gleda spilt…» Eg hadde alltid trudd at dei kristne hadde rett, og at eg ein dag måtte få del i det. Men eg tenkte alltid at det skulle skje seinare. Dette er djevelen sin strategi, som har ført mange i den evige fortaping, understrekar Natland.
Ordet er levande
– Så var det ein sundagskveld i mars 1980. Det hadde vore møter på bedehuset. Eg lengta etter fred, og eg hadde vona at nokon hadde kome og bedt meg med på bedehuset – men ingen kom. Plutseleg, i ein lynglimt, var det som eg såg dei 10 bodorda tindrande klart for meg. Så lydde ei røyst: «Du står tiltalt på alle punkt! Du har synda deg til døde! Det er berre helvete igjen for deg!»
– Då tenkte eg: No klikkar det heilt for meg! Noko verre enn dette hadde eg aldri opplevd, og eg makta ikkje dette Eg snakka med mor mi om situasjonen, og ho sa at eg måtte ringje til ein truande onkel av meg.
– Då eg skulle ta telefonen for å ringje, kom det eit nytt angrep frå djevelen og no sa han: «Du må ikkje ringje! Du kjem berre til å få det bekrefta ut frå Guds ord, at du har synda deg til døde! Det er berre helvete igjen for deg!» Men no måtte eg ringje! Eg kunne ikkje gjere noko anna, seier han.
– Det blei ei underleg telefonsamtale. Eg gløymer aldri det onkel Han sa ikkje det eg trudde han skulle seie. Han sa derimot at Jesus døydde nettopp for dei dødsdømde. Etter kvart som onkel la ut Guds ord for meg, vart det som om ei sanning vart stadfesta for mitt hjarta. Det blei ein kveld eg aldri gløymer. Tenk at Jesus døydde for meg! Eg måtte ut i uthuset, og der takka og gret eg.
– Det var byrja å gå opp for meg at det var ein som var gått i døden for meg. Han hadde teke på seg dommen og straffa for meg, og «Jeg som til helved skyldig var, Er Jesu brud og Gud min far.». Det var heilt ufatteleg!
Følelsane forsvinn
– Det gjekk nokre dagar. Det følbare var forsvunne, og eg opplevde at eg var like ugudeleg som før. Eg kjempa og kjempa, og eg tenkte at det var visst ikkje for meg likevel, dette med Jesus. Eg trudde gamle Adam døydde då eg vart ein kristen. Men aldri før hadde eg sett meg så urein som
– Eg skulle prøve å køyre på møte, men djevelen var så sterk. Då eg var komen ei mil heimanfrå, var det som djevelen kom inn i bilen til meg og sa: «Køyrer du lenger no, vil bilen hamne utanfor vegen.» Det gjorde at eg måtte snu bilen og køyre heim att.
– Neste kveld prøvde eg på ny, og då klarde eg kome meg gjennom slik at eg kom på mitt første møte. Men då sa djevelen: «Eg skal ta deg når me køyrer heimover att.» Eg var så oppteken av dette at eg fekk lite og ingenting med meg frå møtet.
– Emissæren kom å tala til meg, men eg følte eg var så urein i mitt eige hjarta. Det kunne ikkje vere rett med meg.
– Så var det ein kveld eg hadde lagt meg, og Bibelen låg på nattbordet. Då eg slo han opp, fall augo mine på Gal 2:20:
Eg er krossfest med Kristus. Eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever i kjøtet, det lever eg i trua på Guds Son, han som elska meg og gav seg sjølv for meg.
Gud talte igjen til mitt hjarta, og igjen fekk eg kvile i det fullenda frelsesverk. Det var for meg! Eg fekk ha frelsesvissa i Ordet!
– Seinare har det vorte mykje kamp. Ein kristen vert aldri ferdig med denne kampen mellom ånd og kjøt så lenge han er her på jord. Det er som sangaren syng:
«Jeg bærer et kjød, dets liv er min død, det piner og plager meg hver dag. Å elske og tro, i nåden å bo er alltid min sværeste sak», seier Natland.
Ut for å vitna
I 1985 vart hans spurd av Misjonssambandet (NLM) om han på fritida kunne ut og vitne litt.
– Det svarte eg ja til. Men no oppstod ein ny kamp. Djevelen kom på ny, og no sa han: «Det kan ikkje stemma at du skal ut å forkynna Guds ord – slik du er!» Det førte til at eg bestemde meg for å ringje til krinssekretæren i NLM. Eg ville seie at eg kunne nok ikkje ut å reise med Guds ord likevel.
– Men før eg kom så langt, måtte eg kløyve noko ved ute på Då blei det plutseleg så stilt rundt meg, og ei stemme sa: – Dei forlét alt og fylgde han.
Ikkje før orda var sagde, ringde telefonen. Det var ei kvinne som ringde. Ho hadde vorte minna om eit ord ho ville gje meg. Det var akkurat frå dei same versa som eg nettopp hadde høyrt. Der stod det også at Herren sa: – Eg skal gjera deg til menneskefiskar.
– Dermed vart det ikkje til at eg ringde sekretæren, og sidan har eg reist som fritidsforkynnar. Likevel har eg ofte tenkt at eg skulle visst aldri reise og forkynne Guds Eg slit med å få noko å gå med, men likevel vågar eg ikkje å seie nei. Eg har hatt mykje anfekting med kallet, men eg har også opplevd den store velsigning det er å få vere med å så ut Ordet, understrekar han.
Han talte på møter om kveldane, og jobba som elektrikar på dagtid. Det var møteseriar der han kunne tale både ei og to veker, men køyrde heim om kveldane.
– Eg var til dømes på Fiskå og talte, og då var det akkurat 16 mil tur/retur i tillegg til ferja. Der var eg i 14 dagar og overnatta berre frå ein laurdag til sundag.
– Det var på 80-talet, og det var ei spesiell tid. Det var så ope å forkynne Guds ord, og når eg køyrde heim om kveldane, gav Gud meg ein ny bodskap til neste kveld. Det var ei veldig underleg tid, seier predikanten.
Prøvingar
Han hadde sterk hovudverk frå 1975 og gjekk i 27 år på smertestillande for dette.
– På slutten av denne perioden varte den fryktelege hovudverken i to og eit halvt døger samanhengande. Då ringde kona til legen, og han kom. Han gav meg det sterkaste han hadde.
– Eg hugsa han la det oppe på eit skap og sa: «Dette må ikkje nokon andre få tak i, for det er så sterkt.» Det var det nok også, for eg klarte mest ikkje å gå på golvet. Men det tok ikkje hovudverken. Neste dag var det like gale, og eg visste ikkje kva eg skulle gjere.
– Då ringde eg til ein onkel av meg, ein bror til far, og fortalde korleis eg hadde det. Eg spurde om dei kunne be for meg. Då gjekk det ein halvtimes tid, og så skjedde det plutseleg noko. Eg opplevde det som om nokon drog noko av meg, og hovudverken vart borte.
– Eg vart så velsigna så eg ville nesten fyke som fuglen. Eg hadde litt hovudverk også seinare, men aldri slik at eg vart liggjande i fleire døger. I dag har eg ikkje hovudverk lenger, seier han.
Forkynnaren
Det ligg Dagfinn Natland på hjarta å forkynne at sjelene må vakne opp og bergast frå helvetets gru.
– Då Paulus formante sin unge medarbeidar, skreiv han: «Forkynn Ordet! Ver budd i tid og i Overtyd, tal til rette og tal til trøyst, påminn med alt langmod og all lære.» Det er også vårt kall i dag! Me må ikkje slå av på Ordet!