Ein Frelsar er fødd

Luk 2:1-14
«For sjå, eg forkynner dykk ei stor glede – ei glede for alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias Herren.» (Luk 2:10-11)

Det er noko underleg og dragande med jula. Inga høgtid i året har så sterkt tak på oss som julehelga. Grunnane til dette er visst mange, og heller ikkje alle er dei gode. Men skal tru om ikkje den djupaste grunnen er god.

Meir eller mindre må me alle sjå og sanna at det står ikkje rett til med oss. Me ber i barmen ein mann som klagar oss for synd og trugar oss med dom og straff.

Ned gjennom tidene har mennesket søkt på ymse vis å få denne brysomme mannen til å teia. Men det har aldri lukkast. Livet har alltid stadfesta at han talar sant.

Tid etter tid har det stige fram menn – ofte av dei beste som ætta har fostra – og ropa ut at no skulle den dømmande røysta i bringa tagna, for no var ætta på god veg til å vinna over det vonde. Og folkeskarane har samla seg om dei i stigande lengting og vona på lysare tider.

Me som ikkje lenger er unge, hugsar nok kor mange det var som ei tid sette si von til den europeiske kulturen. No var me komne så langt i kunnskap, i danning og moral at krig var utenkeleg, sa dei. No hadde folk lært å styra både seg sjølv og andre. No heldt ætta på å stiga over dørstokken til paradiset. No var det berre å få litt meir kunnskap om korleis folk skulle leva, så var me berga for all framtid.

Synda var berre ein sjukdom, som ein smått om senn kunne fri seg for, ved viljekraft og auka kunnskap og danning.

Dette trudde mange. – – –

Og så ein dag låg denne lyse draumen knust – som eit fint glas under ein jernhæl. Det fagre byggverket var blåst bort som eit strå i stormen.

No ser alle som vil sjå, at den høgpriste kulturen var berre ein skal, ein tynn ferniss utanpå den gamle, vonde menneskenaturen, som atter har vist seg å vera like så rå og vill som nokon gong før.

Men likevel vil ætta endå prøva å berga seg sjølv. Mange – og det av dei største og beste – tvilar nok på at det vil lukkast, men dei kjenner ingen annan frelsar. Og så slår dei atter inn på den gamla, vonlause vegen. Som ein såra og blødande mann ligg no ætta og stirrar ut i det endelause rom etter hjelp. Tårer, blod, svelt, frost og sjelesmerte kor ein vender seg. Det brusar og ropar: Me må koma ut frå dette, ut i fred og lukke! Og så renn dei hovudet mot fjellveggen – som så ofte før. Og dette vil vara ved til ætta ikkje orkar meir, fordi dei leiter etter utveg der ingen utveg er.

Men den dømmande mannen inne i bringa, han tagnar ikkje. Han talar, han ropar. Og menneske må høyra, meir eller mindre.

Skal tru om det ikkje er dette som gjer at jula dreg oss så sterkt? Me lyt sanna at det står gale til, me trengde kanskje litt hjelp. Ja, kanskje me trengde mykje hjelp? Ein frelsar!

Og nettopp det er det jula minner oss om.

Frelsaren er komen. Jesus Kristus.

Han kjenner oss. Han veit at me kan ikkje berga oss sjølve. Og så har han teke på seg å berga oss, om han får lov.

Han steig ned til oss. Han let seg føda som menneske og gjekk inn under våre kår. Og frå første stunda han anda her på denne syndefulle jorda, let han himmelhærane syngja ut desse fagre, jubelfylte orda:

Ein frelsar er fødd!

Tenk om alle menneske verkeleg høyrde dette! Tenk om dei trudde det og vende seg til Kristus!

Tenk om ætta gav opp strevet med å frelsa seg sjølv og søkte frelsa hjå Kristus. Då ville gåta vera løyst med ein gong. Men dette kan dei stolte, sjølvgode menneska så vanskeleg skjøna, vil heller ikkje. Så må dei endå ein gong prøva si eigen veg.

Men til sist vil alt smuldra bort, all von for berging ved menneskemakt vil vera ute. Først då vil ætta bøya sin stolte nakke for frelsaren.

Det er mi visse tru at det finst inga hjelp for oss utanom Kristus. Men det er også mi tru at ein gong skal kvart kne bøya seg og alle tunger sanna at han er Herren. Måtte ingen av oss vera mellom dei som lyt sanna dette ved porten til pinestaden.

Den som kunne hjelpa folk til å sjå dette! Den som kunne opna øyro, augo og hjarto for at frelsaren er fødd!

At tid etter tid skal rulla bort, at ætta skal lida og lengta utan å finna Frelsaren, det er ein sår tanke og ei tung bør for alle som har erfart at Kristus kan hjelpa.

Vår nød er stor, I dødens natt vi bo.

Men brodden i nauda er at dei ikkje vil sanna at folk er hjelpelause.

Du som les dette, du som år etter år har høyrt ordet om Frelsaren, du som sat på fanget til far og mor og lærde å syngja om han som kom til jord – er du frelst?

Har du i han funne vegen ut frå den vanmakt og dom som ligg over livet? Veit du kva det vil seia at ein frelsar er fødd?

Om du ikkje veit det, så vil eg be deg så godt eg kan, at no i dag tek imot Frelsaren. Lat ikkje fleire år av livet ditt gå utan at du finn han som gav seg sjølv for oss, så me skulle bli frelste. Du kan nok synast at det går an å leva borte frå han. Men det kjem ein dag då du skal døy, ein dag då du skal gjera rekneskap for livet ditt framfor den heilage Gud. Då vil du ikkje greia deg utan Frelsaren. Han som vart lagt i «krybbe-seng» må stå ved vår side, om det då skal gå oss godt.

Kanskje nettopp denne juledagen er den avgjerande dagen for deg. Om du no gav deg til han, så ville du all di tid bera denne dagen i minnet som den fagraste dagen i ditt liv.

Sjølv var eg ein gong ein vill, tankelaus ungdom, utan fred og utan kraft til å vinna over ei einaste synd i mitt liv. Så kom den store dagen då eg gav mitt liv til han som i Gud ord har lova å frelsa meg. No er eg ikkje lenger ung, men i alle desse åra har han vore min frelsar – det kan eg ikkje nekta. Han har aldri snudd meg ryggen, men hjelpt meg i all mi vanmakt og naud. Fekk eg sår i striden, så lækte han dei. Gjekk eg med tunge, tvilande tankar, så kom han med lys. Alt godt som finst i mitt liv, har eg fått av han.

Til denne frelsar, som eg sjølv har lært å kjenna, bed eg deg no. Eg kan ikkje tvinga deg, vil heller ikkje; men eg kan beda deg om å koma. Ikkje ein gong Gud kan tvinga deg.

Men finner du ham
da finner du alt
hva hjertet kan evig begjære,
da reiser seg atter hvert håp som falt
og blekner så aldri mere.

Om eg har lært å kjenna menneske rett, så er det nok mange som gjerne vil verta frelste, men dei kan ikkje finna fram til frelsa. Dei lengtar etter fred, dei bed Gud om å finna freden. Dei gav i frå seg kva det skulle vera for å få fred, men kjem ikkje lenger. Er det ingen utveg?

Jo, her er ein utveg, berre du kunne få auga på han. Om du no ville venda synet ditt ei ørande lita stund bort frå deg sjølv og til Jesus Kristus, så vart du berga. Men du går berre og grublar over deg sjølv, og så finn du aldri noko anna enn det som er gale. Så prøvar du å retta på det forvende hjarta ditt, men det mislukkast, og så gir du opp.

Du, høyr no på meg ei lita stund! I hjarta ditt skal du leita etter grunnen til at du treng ein frelsar. Når du så har funne ut at du ikkje kan hjelpa deg sjølv, så skal du venda deg til Kristus. Du skal ikkje leita i hjarta ditt etter frelsa. Du skal leggja heile livet ditt på han, så tek han di skuld og du får att hans forteneste.

Dette skal du tru. Du skal – i åndeleg meining – ta han på armane dine som gamle Simeon gjorde. Då er du frelst. Ikkje fordi du er god, men fordi han er det.

Dette er vegen til Frelsaren.

Meg til frelse jeg intet vet
uten deg, Guds lam,
ene i din rettferdighet
skjules all min skam.

Hvordan det føles og hvordan det går,
barn skal du enda få være.
Om du enn synder og anklaget står,
slipper du selv for deg svare.
Også i livets mørkeste stund
gjelder der oppe nådens forbund.
Hvordan det føles og hvordan det går,
barn skal du enda få være.

Men også mange av dei som eingong fann fram til fred og i salig glede song julesong, kom på nytt inn i mørke og ufred.

Det er så mykje som møter ein kristen her i livet. Alt går stundom på tverke. Livet ditt vart ikkje til det du tenkte, anten du no ser på det reint menneskelege, eller det kristelege. Heimen du bygde og borna Gud gav deg, vart til sorg og klage for deg. Alt det du var og det du er, ligg over deg som ei tung bør og som ei mørk sky. Du som var så glad og song som ei lerke, du syng ikkje lenger. Du er motlaus og nedtyngd av skuld og skam. Frå hjarta strøymer sukk i staden for song.

Å ja, det er nok fleire enn du som har grunn til å sukka. Me er mange som ber på den same klagen, at det gjekk ikkje som me ville, og som det også skulle gått. Me er mange som skjemmest fordi me rakk ikkje lenger, til æra for han som gav oss så mykje.

Men difor har me ikkje anten rett eller grunn til å gi opp og bera på tvilande tankar. For også for oss er ein Frelsar fødd.

Han er ikkje fødd berre for å vera vår frelsar den første gongen me kjem til han som hjelpelause armingar. Han er heller ikkje frelsar berre for dei som har medgang i livet og synest få alt til å lukkast. Han er vår frelsar alltid – også for dei som ingenting får til, men som utover heile livet må ha hjelp igjen og igjen. Også denne julehelga er han slik.

Denne trøysta skal du no gripa på nytt, akkurat som du første gongen greip henne og fann fred. I dag skal du atter venda synet bort frå deg sjølv og til Frelsaren din. Endå ein gong skal du leggja livet ditt på han.

Om du vågar dette spranget, så druknar all di sorg og synd i Guds store frelse-hav. Så syng du på nytt om «fryd og seir … så helvete må skjelve ved vår julesang å høre».

Du motlause, trøytte kristen, gjer din Frelsar denne æra. Gje han denne julegåva, som han framfor noko anna set pris på å få. Den at du legg livet ditt på han og trur at han er nok for deg også no.

Då held du jul etter Guds vilje, fordi du då tek imot Jesus, Frelsaren din.

Og blandes enn min frydesang
med gråt og dype sukke,
så skal dog korsets hårde tvang
meg aldri munnen lukke.
Når hjertet sitter mest beklemt,
se da blir frydens harpe stemt
så den kan bedre klinge,
og korset selv, når Jesus vil,
må også hjelpe sjelen til
en lovsang ham å bringe.

Frå Mot Målet,
preika for juledag.
(Lett språkleg oppdatert ved red.)