I lære hos Jesus

«Eg vil læra deg og visa deg den vegen du skal vandra, eg vil gje deg råd med mitt auga.» (Salme 32:8)

Herren vil ta seg av oss. Han vil læra oss og visa oss vegen. Det er stor nåde.

Kva vil det seia at han vil læra oss?
Det står i ei sangstrofe: «Gud har en lekse å lære hvert menneskebarn han har skapt.»

Kva går det ut på? Det går mellom anna ut på å ta alt som møter oss frå Herren. Rosenius seier at alt som møter oss, kjem frå Herren – eller er i det minste tillete av han. Om eg ikkje hugsar feil så har Olav Valen-Sendstad skrive i ei av bøkene sine at alt som møter oss kjem frå Herren. Når vi tenkjer på Job og den leksa han måtte læra, så var det Herren som tok initiativet til det heile. Og han brukte Satan til det han ville prøva Job med. Men Satan fekk ikkje gå lenger enn Gud ville. Herren har mange måtar han kan prøva sine på.

I tillegg kom dei tre venene som gjorde prøvinga endå større for Job. Kona «trøysta» på sitt vis: «Sei Gud farvel og døy!» Då kong David flykta for son sin, Absalom, gjekk den vonde Simeí oppe i lia og banna og kasta stein og sand etter David.

Kva gjorde David med det? Han sa at «når Herren har sagt til han: Banna David! – kven vågar då seia: Kvifor gjorde du det?» I same teksten seier han òg: «Lat han berre banna, for Herren har gjeve han påbod om det.» (2 Sam 16:5-13) Kven tenkte vel at det var Gud som sendte Josef til Egypt?

Jesus i lære
Jesus fekk òg ei lekse å læra då han skulle frelsa oss. Hans Adolph Brorson skriv noko om det i sangen som vi finn på nr 120 i Sangboken. I sangen «Saligheten er oss nær», vers 3, les vi dette:

«Jesus oss til trøst og gavn
dette navn har villet bære,
men han måtte tidlig lære
at det var et smertens navn.
Han til blodet måtte stride
for det frelsernavn han fikk,
all vår syndeangst og kvide
dypt ham gjennom sjelen gikk.»

Frå han vart født og til sin dødsdag gjekk han i lære. «Endå han var son, lærde han lydnad av det han leid.» Hans læring og lydnad vart til frelse for oss. «Og då han var fullenda, vart han opphav til evig frelse for alle dei som lyder han.» (Heb 5:8-9)

Vårt kristenliv
No går vi, som høyrer Herren til, i lære hos Jesus. Som Jesus overlet si sak til Gud, slik skal vi få gjera det same og ikkje ta oss sjølv til rette. Skal vi kunna tilgjeva andre, må vi sjølv ha motteke nåde for vår synd. Då er det nødvendig at vi får sjå vår synd.

Vi lyt be med songaren: «Vis meg mine brister så jeg aldri mister nådens legedom!» Ei spesiell synd kjem i tanken: Baktale. Vi må vita at å baktala f.eks. ein kristen bror, for ved det å setja seg sjølv i eit betre lys, er ei stor synd. Det i det heile å vilja vera noko i kristeleg og åndeleg samanheng kan kosta oss livet om ikkje Herren får tukta og bøya oss.

Når vi får sjå vår synd – og Guds nåde mot oss, då kan vi tilgjeva dei som syndar mot oss. Og kan vi ikkje det, er det noko galt i vårt gudsforhold. Jesus fortel om ein som var skuldig 10.000 talentar. Det er bilete på vår gjeld overfor Gud. Ein talent var 20 årsløner for ein israelitt. For å betala den gjelda vil den skuldige bruka 200.000 år til å gjera opp for seg. «Tenaren kasta seg då ned for han og sa: Ha tol med meg, så skal eg betala deg alt saman!» (Matt 18:24) Han såg at han var skuldig, men han forstod ikkje at gjelda var ubetaleleg. Han skulle nok gjera opp for seg om han fekk ta tida til hjelp.

Han er bilete på ein religiøs person som ikkje har motteke nåde som ein fortapt syndar. Hans framferd mot sin medtenar syner det. Her var ikkje skjedd ei sann omvending.

«Eg vil gje deg råd med mitt auga»
Herren ser det vi ikkje ser, og det han ser, vert til nytte for oss. Han ser vår synd at den er stor i tankar, gjerningar og ord. Han viser oss gjennom Ordet og samvitet vårt noko av det han sjølv ser hos oss. Det må vi ta imot, erkjenna og venda oss ifrå. Vegen ut av synda som bind oss, har med Jesus å gjera, ikkje med vår innsats. Vi har fått ein mellommann som har ordna opp for oss. Ein kristen skal ikkje fylgja sine lyster. Han kan ikkje tena to herrar.

«Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han for at syndelekamen skulle verta til inkje (på dansk: for at syndelegemet skulle miste sin makt), så vi ikkje lenger skal vera trælar under synda.» (Rom 6:6) «De er dyrt kjøpte! Lat då lekamen vera til ære for Gud!» (1 Kor 6:20)

Det fullførte frelseverket betyr alt for Gud. Så vil han venda våre augo til å sjå iallfall litt av det same som han ser. Det er Guds vurdering av Jesu blod som gjeld for oss. Gud reknar Jesu gjerning på jord til å vera nok for den største syndar. Eg gjentek det gjerne: Det er Guds verdsetjing av Jesu blod som er vår berging. Det er altså ikkje vår verdsetjing av Jesu blod som frelser, for alt vårt er skiftande og ustabilt. Men vi skal få rekna med Guds verdsetjing av blodet på våre vegne. Vår tru er altså tillit til Guds verdsetjing av det Jesus har gjort for oss. Og det som Jesus har gjort, kjem til uttrykk i sangstrofa: «For oss den Herre god sitt blod utøste, sitt blod, sitt dyre blod og oss forløste.»

At Gud veit å verdsetja blodet, det ser vi klårt då Israelsfolket skulle gå ut frå Egypt. Blodet vart stroke på dørstolpane og på den øverste dørbjelken. Folket si berging var at det var Gud som skulle sjå blodet. Her ser vi at blodet galdt meir enn deira tilstand som var inne i husa; same kva dei måtte ha gjort. Det betyr at blodet gjeld meir enn våre største store og skammelegaste synder.

Jesu blod er no inne i den himmelske heilagdomen, og Faderen ser alltid dette blod.

«Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle, og fann ei evig utløysing.» (Heb 9:12)