Slukker sorgen til evig tid!

Det var juleafta i 1999, og om morgonen ringde telefonen. Det var ein god ven som ringde. Han kunne fortelje at ein ungdom frå bygda, som eg kjende godt, hadde omkome i ei bilulykke saman med ein kamerat på veg heim frå Kongens Garde.

Det vart ganske stilt på telefonen. Ein vert så fattig på ord i møte med døden. Mange tankar gjekk gjennom hovudet. Så ung, så brått, så uforståeleg – bodskapen slo meg heilt ut. Han hadde vore med i ei ungdomsgruppe som eg hadde hatt. Han var ein slik gild arbeidsom gut, ein frimodig kristen – men no var han borte frå oss.

Eg veit ikkje om du har opplevd døden uventa og på nært hald nokon gong. Me veit at eldre må døy, men når yngre menneske i sine beste år døyr, er det ofte annleis. Når det skjer, gjer det gjerne eit ekstra djupt inntrykk på oss.

Jesus var berre 33 år då han døydde på krossen. Det som skjedde med Jesus, gjorde nok også eit mektig inntrykk på Jesu vener. Han som dei hadde så kjær, han som berre hadde gjort godt, han som hadde tilgjeve synder, han som hadde lekt dei sjuke, trøysta dei motlause, vekt menneske opp frå døden. No var han borte.

Me veit ikkje korleis dei tenkte, men me kan lese om at sundag morgon var nokre kvinner på veg til grava. Les me dei parallelle tekstane hjå Markus, Matteus og Lukas, ser me at fleire kvinner kjem til grava. I Mat. 28 står det m.a. at Maria Magdalena kom for å sjå til grava.

No var Jesus borte
Før Maria Magdalena møtte Jesus, hadde ho vore besett av sju vonde ånder. Ho hadde vore træl under synda og djevelen. Maria visste kva det ville seia å ha det vondt, vere hjelpelaus og fortvila. Fortida hennar hadde vore kaos og smerte. Alt hadde vore håplaust. Det hadde vore mørkt.

Møte med Jesus hadde endra alt. Maria Magdalena hadde vorte fri dei sataniske lekkjene som batt henne, og ho hadde erfart å få fred med Gud i eit godt samvit. Ho hadde fått del i syndenes forlating. Mørke hadde vorte til lys. Ei heilt ny verd hadde opna seg for Maria Magdalena saman med Jesus.

Men no var Jesus borte. Det var mørke og fortviling som rådde i hennar indre. Det er ikkje til å undrast over at ho står utanfor grava og gret. Joh 20:11 Det var sikkert ei veldig sorg. Ho hadde mist det kjæraste i livet sitt. Jesus, som var årsaka til at livet hennar var heilt forandra, var død.

Jesus kjem aldri for seint
Då dei kom til grava, var steinen rulla frå og grava tom. Dei visste ikkje kva dei skulle tenkje (Luk 24:4). Har du opplevd det slik nokon gong? Inntrykka, opplevinga, det som møter deg er slik at du vert heilt fortvila. Du står der mållaus og hjelpelaus. Du veit verken ut eller inn. Alt ser svart ut, alt er håplaust, dette maktar eg ikkje, dette kjem til å gå gale. Eller du ser berre synd, død og dom.

Når den truande opplever livet som vanskelegast, er Jesus nærast. Me tenkjer så lett at Jesus kjem for seint, men Jesus har enno aldri kome for seint. Det er ingenting som er umogleg for han, og Herren svarer alltid på dei truande sine bøner, men han svarar ofte annleis enn me tenkjer og trur.

Kva skjedde med Maria? «Då stod to menn hjå dei, kledde i skinande klede.» (Luk 24:4) Akkurat då, når alt såg heilt håplaust ut, då nådde ein himmelsk bodskap øyro deira. I fyrste omgang skapte det redsle. «Dei vart forfærda og bøygde seg med andlete mot jorda». Slik er det ofte når me som er jordiske møter det himmelske.

Å leite på feil stad
Ein underleg bodskap lyder: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde?» (Luk 24:5)+ Dei leita på feil stad. Er det ikkje ofte slik i ditt og mitt liv også? Når eg kjenner på død og dom i mitt liv og over alt mitt, når eg kjenner på fortviling og mørke, når eg kjenner på motløyse og frykt, då har eg så lett for å leite på feil stad. Eg vil så lett vende mitt blikk mot det jordiske i staden for mot det himmelske.

Eg har så lett for å leite etter den levande mellom dei døde. Eg har så lett for å leite i mitt indre – i mine følelsar, i mine tankar. Men dei kan ikkje gje meg åndeleg liv, trøyst, berging, løysing. Då leitar eg nettopp som desse, etter den levande mellom dei døde.

Stoppar eg der, kan det gå heilt gale. Mange stoppa der og det gjekk evig gale. Dei festa blikket på seg og sitt, på synda, på det jordiske, eller på «om jeg eide rikdom, makt og ære og blant mennesker et æret namn». Andre stoppa ved det som i seg sjølv ikkje var noko gale med, men det vart det som fekk fylle livet og tida. Så enda det med evig død.

«Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde?» Spørsmålet slo ned. Jesus var ikkje mellom dei døde! Han var oppstått som han sjølv hadde sagt. Då mintes dei orda hans. (Luk 24:8)

Jesus er oppstoda og livet
Etter at eg hadde fått dødsbodskapen denne morgonen, skulle eg gjere noko på PC-en. Utslått og sorgfull slår eg den på. Eg hadde eit mannakorn program installert på PC-en, som kom opp med tilfeldige bibelvers. Då bibelverset dukka opp på skjermen – lyste det mot meg.

Det var som om Jesus stod der ved sida mi. Orda slo mot meg: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?» (Joh 11:25-26)

Det var ei helsing frå himmelen til meg. Påskemorgon vitnar nettopp om dette, at Jesu soningsverk var fullenda og godkjent i himmelen. Oppstoda bekrefta at Jesus var utan synd, og alle dei som tek imot han, får del i dette evige livet! (Joh 1:12)

Den som trur på Jesus, og kjem med synda til han – skal leva om han så døyr! Den truande får del i det evige, himmelske livet fordi synda er sona, og gjelda er betalt. Sjølv om du fortsatt kan kjenne på blodraude synder, mørke, naud og smerte – får du likevel del i det evige liv for Jesu skuld. Difor kan ein kristen også seie med songaren:

«Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid!»